Faktaboks

Ali Dinar

Ali Dinar ibn Zakaria Mohammed al-Fadl

Uttale

'Ali 'Dinar

Fødd
1867, Shawayah
Død
6. november 1916, Giubut
Levetidskommentar
Regjerte frå 1898 til 1916

Ali Dinar ibn Zakaria var den siste sultanen i Sultanatet Darfur frå 1898 til 1916. Han tilhøyrde Keira-dynastiet som herska over Darfur frå cirka 1640 til 1916.

Ali Dinar vart anerkjent av Det britisk-egyptiske kondominatet i Sudan som sultan av Darfur i 1899. Under første verdskrig ga Ali Dinar støtta si til osmanarane, og han leia eit opprør mot britane i 1915. Dette førte til ein britisk militær aksjon mot Darfur. Darfurs styrker ble slått ved hovudstaden Al-Fashir, og Ali Dinar vart drepen 6. november 1916. Darfur vart deretter ein provins i Sudan under Det britisk-egyptiske kondominatet og fortsette å vere det etter Sudans sjølvstende i 1956.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg