Anna Bugge-Wicksell

Faktaboks

Anna Bugge-Wicksell
Anna Kristine Margrete Bugge-Wicksell
Født
17. november 1862, Egersund
Død
19. februar 1928, Stockholm
Anna Bugge-Wicksell var ein norsk kvinnesakspioner, jurist og Sveriges første kvinnelege diplomat. Fotografert i 1912.
Av .
Anna Bugge-Wicksell
.

Artikkelstart

Anna Bugge Wicksell var ein norsk-svensk jurist og kvinnesaksforkjempar, og Sveriges første kvinnelege diplomat. Ho var ein av dei førande kvinnesaksforkjemparane i Noreg, og seinare i Sverige. I perioden 1888–1890 var ho leiar i Norsk Kvinnesaksforening (NKF), og i 1890–1891 styremedlem. Ho blei cand.jur. i Lund i 1911.

Bugge Wicksell var oppteken av dei økonomiske kåra for kvinner i arbeidarklassen og lågare middelklasse, og førte dermed NKF tidleg i kontakt med kvinner i arbeidarklassen. Frå 1920 til var ho suppleant og sakkunnig i den svenske delegasjonen til Folkeforbundet. I 1921 blei ho medlem av Folkeforbundets permanente mandatkommisjon, der ho gjorde ein viktig innsats. Bugge Wicksell var den første kvinna som hadde fast sete i Folkeforbundet.

Bakgrunn

Bugge Wicksell vart fødd i Egersund. Då ho var 13 år gamal, flytta familien til Kristiania, og ho byrja på Nissens Pigeskole, der ho tok middelskuleeksamen i 1879 og guvernantekurs i 1881. I 1885 blei ho ei av dei første norske kvinnene i historia som fekk ta examen artium, som privatist ved Kristiania katedralskole. I 1887 tok Bugge Wicksell examen philosophicum, og kort tid etter byrja ho å studere jus. Først i 1911 fullførte ho juridisk embetseksamen ved Lunds universitetet i Sverige.

Radikal kvinnesakspioner

Saman med nokre medstudiner skipa Bugge Wicksell i 1883 diskusjonsklubben Skuld, forløparen til Norsk Kvinnesaksforening (NKF), etablert i 1884 som den første i sitt slag. Bugge Wicksell var òg med på å skipe Kvinnestemmerettsforeningen i 1885, i protest mot at fleirtalet i NKF ikkje ville setje kvinneleg stemmerett på dagsordenen. Bugge Wicksell blei seinare leiar for NKF i perioden 1888–1890 og styremedlem i 1890–1891.

Bugge Wicksell var politisk radikal i sine standpunkt om økonomisk, sosial og politisk likestilling for kvinner. Ho skapte offentleg skandale då ho under eit opphald i Paris i 1889 inngjekk kontraktsfesta sambuarskap med den svenske fritenkjaren og sosialøkonomen Knut Wicksell. Året etter flytta paret til Sverige, og Bugge Wicksell heldt fram med å engasjere seg for kvinnesak, i tillegg til fredsarbeid. I 1920 blei ho Sveriges første kvinnelege diplomat, som utsending til Folkeforbundet. Bugge Wicksell publiserte fleire artiklar og bøker om kvinnesak og fredssak.

Som medlem og seinare leiar av NKF arbeidde Bugge Wicksell for innføring av konkrete reformer for likestilling i det norske samfunnet, mellom anna gjennom program for fagutdanning og fagleg organisering for kvinner. Særleg var ho oppteken av arbeidarkvinnene sine kår, og ho arbeidde for å få desse kvinnene engasjerte i kvinnesaksrørsla. Praktisk retta som ho var, avviste ho samstundes at sedskapsdebatten (om seksualmoral og likestilling mellom kjønna i seksualspørsmål), som elles prega den offentlege samtalen i 1880-åra, var eit tema som NKF burde engasjere seg i.

Bugge Wicksell meinte at økonomisk sjølvstende var sjølve føresetnaden for sosial og politisk deltaking i samfunnet, og at det var eit stort problem at gifte kvinner ifølgje lova var underlagt ektemannen. Mellom anna i boka Hustruens retslige stilling. En kritisk undersøgelse (1891) set ho søkjelyset på dette problemet: «Det normale grundlag for formuesforholdene mellem ægtefeller er i alle de skandinaviske lande det såkaldte fælleseie. Således som dette system forefindes i skandinavisk ret, kan det kortest defineres så: alt hvad ægtefællerne fører med sig ind i ægteskabet, og alt, hvad de under ægteskabet får eller erhverver, danner en samlet formuesmasse, som står under mandens forvaltning. [...] Mens ægteskabet varer er fælleseiet blot et udtryk for mandens eneeie, og mange unyttige deklamationer kunde været sparede, kanske også de nødvendigste reformer vundne, om loven selv ærligen havde udtalt dette i stedet for at kaste folk blår i øinene ved at fremsætte et slags formelt lighedsprincip.»

Også i Sverige heldt Bugge Wicksell fram engasjementet for kvinnesak, og særleg for allmenn kvinneleg stemmerett. Ho var med på å etablere Landsföreningen för kvinnans politiska rösträtt i 1902 og var med i den svenske delegasjonen ved skipinga av Den internasjonale stemmerettsallianse i Berlin i 1904.

Første svenske kvinnelege diplomat

I Sverige engasjerte Bugge Wicksell seg aktivt i fredsarbeid. I 1907 bidrog ho til etableringa av Lunds fredsförening og i 1911 til Svenska fredsförbundet. Ho fremja folkerettslege løysingar på internasjonale konfliktar, og under første verdskrigen var ho med som sakkunnig i den komiteen som utarbeidde det nordiske bidraget til etableringa av ei internasjonal rettsordning. I 1920 blei ho Sveriges første kvinnelege diplomat, som utsending til det nyskipa Folkeforbundet, og året etter blei ho den første kvinnelege medlemen av Folkeforbundets permanente mandatkommisjon.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Blom, Ida og Sogner, Sølvi (red.): Med kjønnsperspektiv på norsk historie : Fra vikingtid til 2000-årsskiftet. Oslo 1999
  • Bugge Wicksell, Anna: Hustruens retslige stilling : En kritisk undersøgelse. København 1891
  • Danielsen, Hilde, Larsen, Erinn og Owesen, Ingeborg W.: Norsk likestillingshistorie 1814–2013. Bergen 2013
  • Nordqvist, Liv Wicksell: Anna Bugge Wicksell : en kvinna före sin tid, 1985, isbn 91-38-61551-7, Finn boken
  • Moksnes, Aslaug: Likestilling eller særstilling? Norsk Kvinnesaksforening 1884–1913. Oslo 1984
  • Petrini, Gulli: Anne Bugge Wicksell : En internationell märkeskvinna. Stockholm 1934

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg