Norsk språkhistorie

500–700

Urnordisk

700–1350

Norrønt

1350–1525

Mellomnorsk

1525–

Moderne norsk

Urnordisk er eit nordisk språk som vi kjenner frå innskrifter med runer frå rundt 200–700 evt. Urnordisk er det eldste språket vi kjenner i Noreg, Sverige og Danmark.

Dei urnordiske runeinnskriftene er skrivne i den eldre runerekkja, og dei eldste innskriftene kan kanskje daterast så langt tilbake som før 200 evt. Nokre urnordiske ord er dessutan lånte inn i samisk og i finsk, som til dømes kuningas (konge, urnordisk kuningaR).

Dei urnordiske orda er nokså lange samanlikna med moderne nordiske språk. Det kjem hovudsakleg av dei såkalla stammevokalane, vokalar som tilhøyrde ordstammen, men som seinare fall bort: laukaR, lauk; horna, horn; satido, sette.

Kjennskapen til urnordisk har vore av stor vitskapleg betydning. Dette språket har også kasta lys over historia til og utviklinga av andre germanske språk.

Overgangen frå urnordisk til norrønt (synkopetida, rundt 500–700)

Omkring år 600 viser språket i runeinnskriftene overgang til ei nyare språkform fordi dei gamle stammevokalane byrja å falle bort (synkopetida). Språket på Eggjasteinen, visstnok frå bortimot år 700, har fleire ord utan desse vokalane, som fiskR, stain og partisippforma skorin, i staden for dei urnordiske formeine fiskar, stainaR og skorinaR. Saman med vokalbortfallet trengde ulike slag omlyd og bryting igjennom og gav språket ein annan karakter enn før.

Samstundes som endingar fall vekk, blei bøyingssystemet ofte meir skiftande i og med at det oppstod indre bøyingar med veksling av kasus med og utan omlyd og bryting. Avleiingar fekk dessutan ofte ein annan vokal enn grunnordet, til dømes lengd (germansk langiþō), substantiv til adjektivet langr.

Eit godt døme på språkutviklinga mellom urnordisk og norrønt er det urnordiske ordet bernuR (bjørn) med e som rotvokal i alle kasus. Det utvikla seg i nominativ til norrønt bjǫrn ved at stammen først blei utsett for bryting og deretter u-omlyd. (Stammevokalen blei så synkopert bort og endingskonsonantane assimilerte.) I genitiv var den trykklette endingsvokalen a, og brytninga fekk difor ikkje omlyd i denne forma i norrønt (bjarnar).

Alt før vikingtida må norsk ha teke opp lånord som katt (seinlatin cattus), øre (mynt; gammalnorsk eyrir, frå latin aureus, gyllen). Norsk tok også tidleg opp ord frå keltisk og frisisk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg