Faktaboks

Johan Skou
Martin Johan Mathiassen Skou, Johann Skou
Fødd
26. august 1849, Håland ved Sola, Rogaland
Død
15. januar 1919, Stavanger
Verke
Lærar og forfattar
Familie

Foreldre: Husmann og vevskjebinder Mathias Halvorsen (fødd rundt 1826) og Johanne Marie Andreasdatter (fødd rundt 1822).

Gift med Olava Elsine «Sina» Tollefsdatter (1855–1906)

Johan Skou
Johan Skou var ein norsk lærar, forfattar og folketalar av romanislekt. Foto av Skou som ung.
Johan Skou
Av .

Johan Skou var ein norsk lærar, forfattar og folketalar som på siste del av 1800-talet var ein markant stemme i offentlege debattar om romani. Skou var sjølv av romanislekt, og boka hans Paa fantestien som kom ut i 1893 var den fyrste boka i Noreg som var skriven av og om nokon med romanibakgrunn.

Liv

Johan Skou
Skou på sine eldre dagar.
Johan Skou
Av /Nasjonalbiblioteket.

Johan Skou blei fødd på Sola. Foreldra var romani, og Skou levde eit reisande liv med dei fram til familien blei ein del av eit busettingsprogram i regi av «Fantefondet». Fondet blei oppretta av Stortinget i 1854 etter anbefaling frå Eilert Sundt. Målet til fondet var å bidra til busetting og sysselsetting av reisande i Noreg. Gjennom fondet fekk familien til Skou økonomisk støtte som gjorde det mogleg å få seg ein fast bustad. Eit vilkår for å få denne støtta var at ungane i familien som var i skulealder måtte bli sette bort i fosterheimar. Skou blei plassert i ein fosterheim på . Han gjorde det godt på skulen og stod fyrst på kyrkjegolvet under konfirmasjonen.

I 1866 byrja Skou på lærarskulen i Time, der han budde og studerte saman med Arne Garborg. Skou og Garborg blei gode vennar, og dei heldt kontakten gjennom livet. Då Skou gjekk ut frå lærarskulen, var han den fyrste av romanislekt med lærareksamen. Sidan arbeida Skou som lærar i sju år før han la frå seg lærargjerninga. I boka Paa fantestien skreiv han om korleis elevane behandla han dårleg då dei forstod at han var av romanislekt.

Skou gifta seg seinare med Olava Elsine (Sina) Tollefsdatter Ljosdal (1855–1906), som òg var av romanislekt. Dei fekk mange barn saman.

Politisk verksemd

I åra 1892–1898 holdt Skou fleire foredrag rundt om i landet om korleis ein skulle lykkast med assimileringa av dei reisande. Han meinte at gruppa blei utsett for grov diskriminering, og Skou såg assimilering som løysinga om dei skulle bli ein integrert og likeverdig del av befolkninga. Han hadde fleire forslag til korleis dette skulle skje, og gjennom foredraga ønska han å skapa oppslutning om krava hans til myndigheitene. Skou var ein populær foredragshaldar, og eit høgdepunkt i foredragsrekkene var då han i 1892 tala i Studentersamfundet i Oslo med Johannes Steen, Emil Stang, Vilhelm Andreas Wexelsen og Johan Christian Heuch blant tilhøyrarane.

I 1893 gav Skou ut boka Paa fantestien, som inneheld utdrag frå foredraga hans og ei omsetting av Fader vår og trusartiklane til romani. Paa Fantestien selde godt då ho kom ut og trefte eit breitt publikum. Boka blei kjapt utseld, og fleire ønskte at ein skulle trykka opp eit nytt opplag. Ho kom likevel ikkje ut på nytt før i 1917, men då i ei ny utgåve redigert av Garborg, som på førespurnad frå Skou redigerte det gamle manuset og skreiv forordet. Salet av boka gjekk godt òg i ny utgåve.

Les meir i Store norske leksikon

Litteraturliste

  • Brandal, Nik; Døving, Cora Alexa; Thorson Plesner, Ingvill (red.) (2016): Nasjonale minoriteter og urfolk i norsk politikk fra 1900 til 2016. Oslo: Cappelen Damm Akademisk
  • Gotaas, Thor (2007): Taterne: livskampen og eventyret. Oslo: Andresen & Butenschøn
  • Niemi, Einar (2003): «Taterne – i forskningens og ‘sivilisasjonens’ lys» I I nasjonalstatens tid, 1814–1940. Redigert av Knut Kjeldstadli, 147–174. Oslo: Pax forlag
  • NOU 2015: 7 Assimilering og motstand: Norsk politikk overfor taterne/romanifolket fra 1850 til i dag. Oslo: Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
  • Skou, Martin J. Mathiassen (1893): Paa Fantestien: Oplevelser og Erindinger fra Omstreiferlivet tilligemed en Skildring av Taterfolkets Liv, Sæder og Skikke ved Martin J. Mathiassen Skou; med Forord af Prost J. Knudsen. Kristiania: P. T. Mallings Boghandels Forlag
  • Sogner, Sølvi (2003): «Taterne eller romanifolket» I I kongenes tid, 900–1814. Redigert av Knut Kjeldstadli, 356–371. Oslo: Pax forlag
  • Totland, Marit Elisebet (2014): Garborg og Skou: forskjell på folk? Sandnes: Commentum Forlag

Kommentarar (1)

skreiv Gaute Klepp

Faren ble konfrmert i Kristiansand Tukthus 29. august 1846, 19 år gammel.Kildeinformasjon: Vest-Agder fylke, Kristiansand Tukthus, Ministerialbok nr. A 1 (1840-1875), Konfirmerte 1842-1846, side 29.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg