Christen Jensøn

Faktaboks

Christen Jensøn
Christen Jenssøn, Christen Jensen, Christianus Iani Askevoldensis
Født
1610, Askvoll, Vestland
Død
24. juni 1653
Nøyaktig fødselsår og fødestad er ikkje kjent (truleg ca. 1607/1610 i Askvoll, Vestland)
Framsida av Den Norske Dictionarium eller Glosebog frå 1646.
Av /Nasjonalbiblioteket .

Artikkelstart

Christen Jensøn var ein norsk prest og ordbokforfattar. Han fekk i 1646 trykt og utgitt Den Norske Dictionarium eller Glosebog i København. Dette var den første norske ordboka, og i over hundre år den einaste.

Jensøn vart truleg fødd kring 1610 i Askvoll. Han gjekk på katedralskulen i Bergen, før han i 1627 vart immatrikulert som student ved Universitetet i København. I 1635 eller 1636 vart han utnemnd til sokneprest i Askvoll, og han omkom på veg til ei av annekskyrkjene jonsokdag 1653. Om livet hans elles veit vi lite.

Den Norske Dictionarium eller Glosebog inneheld omkring 900 oppslagsord i alfabetisk rekkjefølgje med synonym og forklaringar, forutan teikning av to primstavar, ein for vintertida og ein for sommartida. Torleiv Hannaas og Ragnar Bull har undersøkt den seinare bruken av det same ordtilfanget og funne at mange av orda i ordboka framleis vart nytta på 1900-talet, mens nokre var gått ut av bruk.

Bakgrunn

Forskarar har hatt litt ulike oppfatningar om bakgrunnen til Christen Jensøn. Nokre kjelder hevdar han var dansk, men det mest sannsynlege er at han var son til den førre presten i Askvoll, Jens Mauritsen, og at han difor voks opp på prestegarden der i bygda. Kan hende var han kapellan her ei tid før utnemninga til sokneprest.

Klaga for fyll og forsømming

I 1643 laut han møte for domkapitlet i Bergen, då han var klaga for drikking og slagsmål, og for ikkje å ha halde gudsteneste slik han skulle. Christen Jensøn forsvarte seg, og domkapitlet frikjende han for dei fleste klagemåla, men gav han ei åtvaring. Bonden som hadde klaga på han, vart derimot dømd til åtte dagars fengsel.

Dedisert til nordmenn

Forordet og forklaringane i Den Norske Dictionarium eller Glosebog er skrivne på eit inkonsekvent dansk mål, men ordval og skrivemåtar tyder på at Christen Jensøn var fødd norsk og rekna seg som nordmann. I innleiinga skriv han at han vil dedisere og tilskrive arbeidet sitt til «alle gode Norbagger som ere mine kiere Landmænd».

Erik Pontoppidan, som fann boka hans under ei visitasjonsreise på prestegarden på Manger, skriv at Jensøn var innfødd nordmann, og at han difor hadde utelate mange ord som han måtte ha visst var «rare» for danskane.

Ordtilfanget i ordboka

Ordtilfanget i Den Norske Dictionarium eller Glosebog omfattar både kultur og natur. Jensøn viser at han har hatt inngåande kjennskap til dagleglivet hjå bøndene på dei fleste område – både når det galdt moral, overtru, dagsrytme, matlaging, reiskapar knytte til jordbruk og fiske, husdyrhald og -sjukdomar og utstyr i heimane. Han gir grundige opplysningar om blant anna korntørking, hesjing og tjørebrenning og har teke med oppskrifter på 10–12 ulike slags ostar som dei laga.

Fleire av oppslagsorda er tilnamn som vart brukte om folk, til dømes «fovre» og «rægevette» om omstreifarar. Han har også med ulike ordtak, for eksempel «Sielda pissa ein ere tvo te». Dette var noko bøndene sa når den eine for æra si skuld følgde den andre utanfor døra i gilde og gjestebod for å halde han med selskap.

I boka er det avbilda to primstavar. Til desse følgjer ei forklaring på særskilde merkedagar og helgar som samla sett gir eit grundig oversyn over årsrytmen i bondesamfunnet.

Krydra med småhistorier

Som prest i eit stort og vêrhardt prestegjeld har nok Jensøn sjølv fått merke det lunefulle vêret på kroppen både tidt og ofte. Det er difor ikkje så underleg at han skildrar ulike vêrtypar. Mest skummelt var det med «eleveir» eller «utlokkeveir»– då var det stilt like før det plutseleg braut laust med eit veldig uvêr. I slikt vêr hende det ofte at folk omkom på sjøen, og uvêr vart som nemnt truleg Jensøn sin eigen bane.

Når det gjeld naturen, har han med utfyllande skildringar av mange slags fiskar, fuglar, dyr og planter i ordboka si. Innimellom har han teke med nokre korte historier med humoristiske poeng, for eksempel om røyskatten som stal båtsaum hos smeden, eller om bjørnen som ville fange to kobbar, men som i staden vart teken av dei to og laut lære seg å symje.

Ei viktig ordbok

Den Norske Dictionarium eller Glosebog har hatt mykje å seie for seinare ordsamlarar og språkforskarar som Erik Pontoppidan, Marcus Schnabel, Laurents Hallager, Wilhelm Frimann Koren Christie og Ivar Aasen. Torleiv Hannaas gav ut ordboka med innleiing og merknader i 1915 i Ældre norske sprogminder. I 1946 kom ei faksimileutgåve av originalen ved Per Thorson.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ragnar Bull: «Christen Jensøn, gløymt i Askvoll?», i Sogeskrift for Askvoll kommune nr. 8. Askvoll 1995, s. 115-158
  • Håkon Steinar Giil: Ein grafofonematisk studie av Christen Jensøns «Den Norske Dictionarium eller Glosebog», med ei utgreiing om mannen og verket hans. Hovudfagsoppgåve i norsk. Universitetet i Bergen 1970
  • Torleiv Hannaas: Christen Jensøns Den Norske Dictionarium eller Glosebog. Kristiania 1915
  • Christen Jensøn: Den Norske Dictionarium eller Glosebog. Bergen 1946 (faksimileutgåve)

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg