náhuatl

Náhuatl er språket til nahua-folket frå det sentrale Mexico. Denne folkegruppa var sannsynlegvis også opphavet til «Flygedansen» (Danza de los Voladores), ein rituell dans som blir gjennomført ved at fleire dansarar heng frå ein opptil 30 meter høg stolpe som dei snurrar rundt. Denne dansen blir framleis mange stader utført i Mexico og Mellom-Amerika.

Artikkelstart

Náhuatl er eit språk som høyrer til den aztekiske greina av den uto-aztekiske språkfamilien. Nahuatl er førstespråket til kring 1,5 millionar menneske, dei fleste i Sentral-Mexico, av 200 000 i USA og 20 000 i El Salvador. Náhuatl blir talt av nahua der aztekarane var den mest kjende folkegruppa, og var hovudspråk i det aztekiske riket (1325–1521) i det sentrale Mexico og lingua franca i store delar av Mesoamerika fram til og med tidleg kolonitid.

Faktaboks

Også kjent som

nahuatlatolli ('klar tale'), mexicatlatolli ('mexicas språk')

Uttale
na:watl
Språkkoder
nci (NCI)
ISO-639:3
nci

I dag blir talt náhuatl gjennom ei rekkje dialektar i det sentrale Mexico, men også av nahua i andre delar av Mellom-Amerika (til dømes av pipil i El Salvador) og av nahua som har emigrert til Nord-Amerika. Språket er det mest utbreidde av urfolksspråka i Mexico. Nahuatl har status som nasjonalspråk i Mexico, saman med dei andre urfolkspråka i landet. Det er eit resultat av ei lov vedteken 13. mars 2003, Ley General de Derechos Lingüísticos de los Pueblos Indígenas 'Allmenn lov om dei språklege rettane til urfolka'.

Endonymet for språket er nāhuatl [ˈnaːwatɬ], og ein person som høyrer til den etniske gruppa som snakkar nahuatl, er ein nāhuatlācatl [naːwaˈtɬaːkatɬ] 'nahua-menneske', fleirtal nāhuatlācah [naːwaˈtɬaːkaʔ]. Landet heiter Mēxihco [meːˈʃiʔko] 'Mexico', og mēxihcatl tyder 'meksikanar'. Āltepētl Mēxihco tyder 'Mexico by', der āltepētl 'by' er sett saman av ātl 'vatn' og tepētl 'fjell' og tyder bokstavleg 'vassfjell'.

Språkfamilie

Nahuatl høyrer til den aztekiske greina av den uto-aztekiske språkfamilien. Det er stor dialektvariasjon innanfor nahuatl, og det er ikkje allmenn semje om ein bør rekne med eitt eller fleire nahuatl-språk.

Språkhistorie

Nahuatl er språket til aztekarane, som dominerte store delar av Mesoamerika frå 1300- til 1500-talet. Meso-Amerika er eit kulturelt definert område som omfattar Guatemala, El Salvador, Belize, den sørlege halvparten av Mexico og dei vestlege delane av Honduras, Nicaragua og Costa Rica. Aztekarane har budd i området sidan 600-talet eller tidlegare.

Dei førkolumbianske aztekarane hadde ikkje ei fullt utvikla skrift, i motsetning til mayaene, og nahuatl blei skriftspråk då kristne misjonærar innførte det latinske alfabetet på 1500-talet. Rettskrivinga følgde ortografiske konvensjonar frå 1500-tals spansk. Skriftspråket, klassisk nahuatl, som bygde på dialekten i byen Tenōchtitlan, blei eit litteraturspråk som er betre utforska og dokumentert enn dei fleste andre amerikanske språk. På 1500- og 1600-talet blei det skrive krønikebøker, grammatikkar, poesi, administrative dokument og lovsamlingar.

Språksystem

Grammatisk er náhuatl polysyntetisk (agglutinerandeflekterande).

Når eit nahuatl-substantiv ikkje har possessiv- eller fleirtalssuffiks, må det ha eit absolutivsuffiks. Ved nokre ord er absolutivsuffikset -in, som i michin 'fisk', men dei fleste har eit suffiks med variantane -tl, -li eller -tli: tepētl 'ås', 'fjell', calli 'hus', cihtli 'bestemor'. Varianten -tl står etter vokal (tepē-tl), -li etter l (cal-li) og -tli etter annan konsonant (cih-tli). Har substantivet eit anna affiks, er ikkje absolutivsuffikset med:

Absolutiv Fleirtal Med possessivprefiks
mich-in 'fisk' michim-eh 'fiskar' no-mich 'fisken min'
nān-tli 'mor' nān-tin 'mødrer' mo-nān 'mor di'

Verbet i nahuatl kan ha prefiks for både subjekt, indirekte og direkte objekt:

  • Tinēchimmaca 'du gir dei til meg'
  • (ti-nēch-im-maca 'du-meg-dei-gir')

Skrift

Før europearane vart náhuatl skrive ned med både eit eige skriftsystem og eit eige semiotisk system. Etter den spanske erobringa vart det latinske alfabetet innført for å skrive ned náhuatl.

Litteratur

Det finst ein omfattande litteratur på náhuatl, særleg frå 1500- og 1600-talet, og ein kan studere klassisk náhuatl ved ein del universitet.

Den meksikanske grunnlova frå 1857 og frå 1917 er omsett til náhuatl, sistnemnde med tittelen: Amatlanahuatili Tlahtoli Tlen Mexicameh Nechicolistli Sentlanahuatiloyan. Constitución Política de los Estados Unidos Mexicanos traducida al náhuatl.

Lånord

Det har kome mange ord frå nahuatl inn i europeiske språk. Her er nokre døme:

Norsk Nahuatl
avokado āhuacatl 'avokado', ' testikkel'
chili chīlli 'chilipepar', 'spansk pepar'
coyote coyōtl 'coyote', 'prærieulv'
guacamole āhuacamōlli 'guacamole', 'kald saus laga av avokado'
kakao cacahuatl 'kakao'
kopal copalli 'harpiks'
ozelot ocēlōtl 'ozelot', 'kattedyr i Mellom- og Sør-Amerika'
tomat tomatl 'tomat'

Nahuatl āhuacatl tyder det same som gresk órkhis ὄρχις 'testikkel', ordet som orkidé er avleitt av.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg