Vikebladet Vestposten

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Er ei dagsavis i Ulsteinvik, grunnlagt 1929. Avisa kjem ut tre gonger i veka. Vikebladet Vestposten er lokalavis for Hareidlandet på Sunnmøre, med Ulstein og Hareid kommuner. Avisa er eigd av Polaris Media ASA. Redaktør: Linda Eikrem.

Avisa blei grunnlagt av Johs. H. Thorkildson som Vikebladet. I 1989 slo avisa seg saman med Vestposten (grunnlagt 1973), som var lokalavis for Hareid.

Historie

21. januar 1929 kom det første nummeret av lokalavisa Vikebladet ut i Ulsteinvik. Utgivarar var Johs. H. Thorkildson og Erling Bjørnsen. Dei var boktrykkjarar og trykte avisa i sitt eige trykkjeri. Avisa kom ut ein gong i veka. Etter kort tid stod berre Thorkildson igjen som utgivar og bladstyrar. I opningsartikkelen heitte det at bladet skulle vere «upolitisk». Det skulle ikkje støtte noko bestemt parti, men vere ope for ulike politiske syn, og ikkje minst for «innlegg om alt som kan vera til gagn på ein eller annan måte for bygderne». Elles ville utgivarane «melda om det som gjeng fyre seg både her i bygderne og i landet elles» og vere eit lysingsblad både for eigen kommune og for nabokommunane. Dette var ei tid då lokalavisene enno ikkje hadde begynt å spesialisere seg på det heilt lokale stoffet, men dekte både det lokale, det nasjonale og det internasjonale.

Avisa blei godt motteken – av både abonnentar, innsendarar og annonsørar. Fire år etter torde bladstyraren påstå at bladet blei lese av «størsteparten av folket i Ulsteinvik, Hareid og dei fleste nabobygdene».

Vikebladet kom ut under heile den tyske okkupasjonen. I 1977 blei avisa gjord til aksjeselskap, med spreidd eigarskap. Samtidig gjekk ho over til offset og til å kome ut to gonger i veka (frå 1987 tre gonger).

I nabobygda Hareid sende brørne Johan og Magne Grimstad ut nokre stensilerte prøvenummer av ei ny avis dei kalla H‑bladet i 1962. Avisa skifta deretter namn til Bygda og blei trykt som andre aviser, men varte berre til nyåret i 1963. Hausten 1970 blei det gjort eit nytt forsøk, og brørne Ivar, Arne, Magne og Inge Grimstad sende ut eit prøvenummer av Vestposten til alle husstandane i Hareid kommune. Den nye avisa synte seg å ha livets rett, og ho var raskare ute enn konkurrenten til å nytte offset. Men avisa sleit med økonomien. I 1979 kom Sunnmøre Arbeideravis inn på eigarsida, men då denne avisa gjekk inn i 1985, overtok Sunnmørsposten aksjane.

I 1988 tok Hareid næringslag initiativ til samarbeid mellom dei to avisene på Hareidlandet, og det kom til tingingar. Sommaren 1989 kjøpte Vikebladet opp selskapet Vestposten AS, og i 1989 blei dei to avisene slått saman til lokalavisa Vikebladet Vestposten, som frå då av har vore lokalavisa for heile Hareidlandet, med kommunane Hareid og Ulstein. Avisa er i dag eigd av Polaris-konsernet.

Opplag

År Opplag
1932 1000
1979 2645
1990 4520
1998 4890
2008 4504
2016 3647

Lesartal for papir og digitalt, inkludert ope innhald ein gjennomsnittsdag i 2016 var 17 000 (Mediebedriftenes Landsforening).

Fakta

  • Vikebladet: fyrste nr. 21.1.1929. Siste nr. 31.8.1989.
  • Vestposten: prøvenummer hausten 1970, fyrste ordinære nr. 22.1.1971.
  • Vikebladet/Vestposten: fyrste nr. 5.9.19.1989.

Les mer i Store norske leksikon

Ekstern lenke

Litteratur

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010 .

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg