Trygve Hoff

Faktaboks

Trygve Hoff
Født
7. juli 1938, Rognan, Nordland
Død
2. desember 1987, Drammen, Buskerud
Trygve Hoff om bord på hurtigruta «Håkon Jarl» i 1985
Av /Aftenposten.

Artikkelstart

Trygve Hoff var ein artist, komponist og tekstforfattar som gjennom ei mengd songar framførte på dialekt har gjort nordnorsk visekunst til allemannseige. Den største suksessen hans på Norsktoppen var Morralåt (1983).

Bakgrunn

Trygve Henrik Hoff var fødd Rognan i Nordland. Etter oppveksten budde han mellom anna i Askim, Berlevåg og Trondheim, før han i 1972 slo seg ned i Darbu i Viken.

Han gjennomførte eittårig gymnas ved Hamar katedralskole (1957–1958) og hadde elles utdanning frå musikklinja ved Romerike folkehøgskole. I 1959–1961 studerte han ved lærarskulen på Hamar. I 1964–1965 tok han grunnfag i musikk, og i 1970 mellomfag i pedagogikk i Trondheim. Gjennom storparten av det yrkesaktive livet sitt var Hoff lærar på ungdomstrinnet, og ved gymnas og folkehøgskular. Parallelt var han pådrivar i det lokale kulturlivet der han budde. Han dirigerte kor og var leiar eller organisator for oppsetjingar av revyar og teaterframsyningar.

Han er far til skodespelarane Stig Henrik Hoff og Sibeth Hoff, og musikaren Ståle Hoff.

Verksemd

Hoff dreiv ei omfattande kunstnarleg verksemd. Han utarbeidde fjernsynsprogram, til dømes seriane Trollfjell her nord, Eventyr langs leia og Lyset i mørketida, laga i samarbeid med målaren Karl Erik Harr. Hoff var dessutan artist og komponerte tekstar og melodiar til seg sjølv og andre. Ein del av songane hans har vorte klassikarar på viserepertoaret gjennom andre utøvarar, mellom anna «Har en drøm» og «Ei hand å holde i», begge i Jørn Hoel sine tolkingar og med melodi av Sven Gundersen (Aunt Mary). «Nordnorsk julesalme» vert elles nytta av kor over heile landet.

Hoff døydde 49 år gamal av hjartesvikt etter ein hofteoperasjon. Det vart oppretta eit minnefond i namnet hans, og frå 1989 har Trygve Hoff-prisen vore utdelt med jamne mellomrom under Festspillene i Nord-Norge til personar som arbeider med kultur i Hoff si ånd.

Post mortem fekk artisten tildelt Nordland fylkes kulturpris, i 1988. I 2004 vart samleplata Snart gryr en dag (1988) kåra til «tidenes nordnorske samlealbum» av Avisa Nordland og NRK.

Tematikk

Hoff var 41 år då han i 1979 debuterte som plateartist. Gjennom dei følgjande åra gav han ut fire nye plater. I dette arbeidet står hyllest som ein tydeleg motivasjon for Hoff. Han laga små helsingar til kvinner i alle former og aldrar og baud på stadige kjærleiksytringar til nordnorsk natur. Med si vaksne stemme og sine varme personkarakteristikkar nådde han ut til mange.

Albuma hans fekk namna Kokfesk & Ballade (1979), Fokti (1980), Rækved og lørveblues (1980), Dele med dæ (1983) og Midt i livet (1986).

Alt den første tittelen signaliserer to tematiske hovudbolkar hos tekstforfattaren. Den første, kvardagsskildringane av kystlivet nordpå, representerer eit stadig dreiepunkt. Trass i at Hoff etter kvart hadde tilhald like mykje sørpå som i nord, er handlinga i storparten av songane hans lagd til nordnorske landskap, med sjøen, fisket, fjella, lyset og mørket som sentrale element. «Øldebatt-samba» (1980) er elles ein skarp og humoristisk observasjon av korleis diskusjonen kunne ha gått i ei bygd nordpå.

Mellom mange lystige historier møter vi òg Hoff i ein og annan meir melankolsk tone, som dannar ein andre hovudbolk. Pengeløyse, bakrus, tapt kjærleik og andre slags «dagen derpå» dannar utgangspunkt for lengselen mot lysare tider.

Kjærleik og mørketid

I fleire songar finst mørketida nærverande. I «Mørketidsblues» (1983) går eg-personen i frø på grunn av den blytunge himmelen, lågtrykka som står i kø og kulden som finst både inne og ute. Hovudpersonen i «Kjærlighetsvise i mørketid» (1979) er prega av det same mørket, men finn trøyst gjennom tosemda: «vi to ska gå i motvind imot nattsvart mørketi’/ men æ ekje rædd for mørket når du hoille handa mi».

Som den siste songen indikerer, spelar kvinner ei vesentleg rolle i Hoff si dikting. Visene hans kryr av varme, frodige skildringar av det feminine. Hoff presenterer lystige utleggingar om «Jentan på Fileten» (1980) i arbeid på fiskefabrikken, «som e kvinnfolk på sin hals, og som e ærlig verd en vals».

Han kan òg portrettere meir ulukkelege kjærleikstilstandar. I «Æ har vandra» (1980) er flaska einaste utvegen, etter at den runde, gode kvinna mannen ønskjer seg, har funne ein annan, medan hovudpersonen var på fiske. Ein meir mystisk teikna kjærleik finst i songen «I natt såg vi Pan» (1979). Her er skogguden og erotikken nærverande, medan kvardagskjærleiken pregar «Morralåt» (1983). I denne songen er det tannpasta, kaffi og brødsmular i senga som dannar ramme for at «dagen kan bli fin i dag».

Mykje av Hoff sitt materiale er å finne i visebøkene Kokflesk, ballader og lørveblues (1981), Trollfjell her nord (1982), Eventyr langs leia (1984) og Lyset i mørketida (1985).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kari Hoff: Trygve Hoff – kulturrabulisten fra nord (2016)

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg