Rettskrivingsreforma av 1901 var den første offisielle nynorskrettskrivinga. Reforma vart utforma i regi av Kyrkje- og undervisningsdepartementet frå 1898 og gjort gjeldande i 1901. Den gjaldt fram til den første felles rettskrivingsreforma for bokmål og nynorsk (da kalla riksmål og landsmål) i 1917.
Faktaboks
- Også kjent som
-
Nynorskrettskrivinga av 1901, 1901-normalen
I arbeidet med rettskrivingsreforma var det diskusjon om ein skulle gå inn for former som låg nær opp til tradisjonen frå Ivar Aasen, eller om ein skulle bruke former som låg nærare dei såkalla midlandsmåla (først og fremst dialektane i Vest-Telemark). Nemnda som utarbeidde reforma, kom med eit delt framlegg: ein tradisjonell variant, kalla «Hægstadnormalen», og ein «midlandsnormal». Hægstadnormalen vart godkjent som hovudnormal og fekk status som den offisielle landsmålsrettskrivinga utan særleg strid. Midlandsnormalen vart tillaten for elevane, men kom ikkje i bruk i særleg grad.
Dei viktigaste endringane i Hægstadnormalen var at store førebokstavar i substantiv vart avskaffa («eit Hus» vart til «eit hus») og at endinga -ade i preteritum av a-verba vart endra til -a («han kastade» vart til «han kasta»).
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.