Lars Eskeland

Faktaboks

Lars Eskeland
Født
6. mars 1867, Stord
Død
30. september 1942, Bergen, gravlagd på Voss

Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Lars Eskeland
Av /NTB Scanpix ※.

Lars Eskeland var ein norsk skulemann og ein av foregangsmennene i den frilynte ungdomsrørsla og i målreisinga.

Han var styrar av Voss folkehøgskule 1895–1927, sidan lærar ved skulen. Då han i 1925 hadde konvertert til katolisismen, måtte han fråtre stillinga som styrar sidan Stortinget sette dette som vilkår for å gi skulen statstilskot.

Eskeland gav ut ei rekkje bøker om religiøse og sosiale spørsmål. Ein statue av han vart avduka på Voss i 1949.

Han var bror av Lars Severin Eskeland.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg