Artikkelstart
Jamstillingsvedtaket var eit vedtak i Stortinget i 1885 der det vart vedteke å «sidestille det norske Folkesprog» med «det almindelige Skrift- og Bogsprog», det som i dag er skriftspråka nynorsk og bokmål.
Faktaboks
- Også kjent som
-
sidestillingsvedtaket, likestillingsvedtaket
Vedtaket 12. mai 1885 var «Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.» Det vart vedteke med 78 Venstre-stemmer (29 Høgre-representantar og 2 Venstre-representantar stemte mot).
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.