Hægstadnormalen var ein skriftspråksnormal i nynorsk (landsmål) som har namn etter Marius Hægstad, sjå rettskrivingsreforma av 1901.

I 1898 sette Kyrkje- og undervisningsdepartementet ned ei nemnd som skulle lage ny rettskriving for landsmålet. Nemnda hadde tre medlemmer: Marius Hægstad, Arne Garborg og Rasmus Flo. Medlemene i nemnda vart ikkje samde om eit felles framlegg til ny rettskriving:

  • Marius Hægstad ynskte å halde på Ivar Aasen-normalen med nokre tillempingar.
  • Flo og Garborg la fram ein normal som på viktige punkt braut med Ivar Aasen. Dei bygde på fjellbygdmåla på Austlandet, dei såkalla midlandsmåla, og normalen blir difor kalla midlandsnormalen.

I 1901 fastsette departementet Hægstadnormalen skulle vere offisiell landsmålsrettskriving i skule og administrasjon, men elevar som ville, kunne nytte midlandsnormalen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg