Ydstebøhamn
Ydstebøhamn. Av /Shutterstock. Begrenset gjenbruk

Kvitsøy

Faktaboks

Også kjent som

Kvitingsøy

Landareal
6 km²
Innbyggertall
523 (2022)
Administrasjonssenter
Ydstebøhamn (Ystabøhamn, Ystabø)
Fylke
Rogaland
Innbyggernavn
kvitsøybu
Målform
nøytral
Kommunenummer
1144
Høyeste fjell
Eime (28 moh.)

Kommunevåpen

Kvitsøy

Kvitsøy. Ein del av hamnepartiet i Ydstebøhamn. I bakgrunnen holmane som omkransar Kvitsøy. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.
Kart
/Store norske leksikon ※.
Kvitsøy kyrkje

Plassering

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Kvitsøy er ein kommune i Rogaland, i det opne havgapet ved innløpet til Boknafjorden. Han ligg mellom sørspissen av Karmøy i nordvest og Tungenes fyr, på nordspissen av Jæren, i søraust. Kvitsøy er Noregs minste kommune etter areal (6,3 km²), og den åttande minste etter folketal (SSB 2022, 523 innbyggjarar).

Kvitsøy består av 167 øyar, holmar og større skjer. Det bur folk på seks av desse: Kvitsøy (2,3 km²), Langøy (0,3 km²), Krossøy, 0,3 km², Hellesøy, Krågøy og Grønningen.

Kvitsøy vart oppretta som eigen kommune i 1922, då han vart utskild frå Mosterøy. Sidan har grensene til kommunen vore uendra.

Natur

Kvitsøy
Kvitsøy kommune omfattar 167 øyar, holmar og skjer.
Av /Riksantikvaren.
Lisens: CC BY 4.0

Øyane er oppbygde av grønstein og amfibolitt, som er omvandla vulkanske bergartar i den kaledonske foldekjeda (sjå artikkelen om den kaledonske orogenese). Dei dannar eit lågt, småknausa skjergardslandskap, med høgaste punkt 24 meter over havet, på Kvitsøy og Hellesøy, og 28 meter over havet, på den ubebudde øya Eime, nordaust i kommunen.

Klima

Den kaldaste månaden er februar, med normal på 2,8 °C, og den varmaste månaden er august, med normal på 15,5 °C. Det er mest nedbør i oktober, med normal på 165,7 millimeter, og minst i mai, med normal på 66,3 millimeter. Målingane blir gjennomførte ved Nordbø målestasjon.

Busetjing

Brorparten av innbyggjarane bur på hovudøya Kvitsøy, som i 2017 hadde 91 prosent av befolkninga i kommunen, dei fleste av desse i kommunesenteret Ydstebøhamn, som med 371 innbyggjarar (2020) er kommunens einaste tettstad. Dette gjev kommunen ein tettstadsandel i befolkninga på 73 prosent, mot 88 prosent i fylket samla sett.

Fram til rundt 1990 gjekk folketalet i kommunen stort sett tilbake, men i tiårsperioden 2007–2017 har det vore ein liten vekst, med gjennomsnittleg 0,1 prosent årleg vekst, mot 1,6 prosent for Rogaland fylke.

Næringsliv

Næringslivet i kommunen blir dominert av næringane bygg- og anleggsverksemd og transport og lagring, med høvesvis 32 og 26 prosent av arbeidsplassane på staden (2016). I sistnemnde næring merkar ein særleg sjøtransporten og Kvitsøy kysttrafikksentral, som dekkjer området frå Jærens rev i Rogaland i sør til Bømlahuk i Vestland i nord.

Primærnæringane utgjer sju prosent av arbeidsplassane i kommunen. Nesten all dyrkbar jord i kommunen er teken i bruk, og sjølv om berre dei største øyane er busette, utgjer det dyrka arealet til kommunen 14 prosent av totalarealet (2016). Jordbruket har hovudvekt på husdyrhald, særleg storfe og sau; berre ein heilt minimal del av jordbruksarealet er åker og hage.

Fiske har tradisjonelt vore viktig i Kvitsøy. Det blir fiska mest skaldyr og makrell. Tidlegare dominerte fangst av hummar, no dominerer reke og krabbe. Det meste av fangsten blir ført i land utanfor kommunen. Det blir òg drive oppdrett av hummar, kamskjel og laks.

Industrien er beskjeden med seks prosent av arbeidsplassane i kommunen (2016). Viktigast er trelast-/trevare- og verkstadsindustri, med høvesvis 2/3 og 1/3 av arbeidsplassane i denne næringa.

Av dei busette yrkesaktive i Kvitsøy arbeider 47 prosent utanfor kommunen (2016), hovudsakleg i Stavanger (27 prosent) og elles på Jæren (11 prosent).

Samferdsel

Kvitsøy har bilferjesamband til Mekjarvik, nord for Stavanger. Det er bruer mellom alle dei bebudde øyane. Kvitsøy kysttrafikksentral overvaker mellom anna skipstrafikken langs norskekysten og tankfarten til og frå gassterminalen på Kårstø. Sentralen driv òg losformidling. Kvitsøy fyr på sørvestsida av Kvitsøy er eitt av dei eldste i landet. Kvitsøy kringkastar, med kort- og mellombølgjesendar, vart riven i 2012.

Det er planlagt ferjefritt vegsamband til Haugesund og Stavanger, ved ei undersjøisk avgreining frå E39 under Boknafjorden (sjå Rogaland, avsnittet om samferdsel).

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Kvitsøy høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Sør-Rogaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kvitsøy er del av Ryfylke næringsregion, saman med Finnøy, Forsand, Hjelmeland, Rennesøy, Sauda, Strand og Suldal.

Kvitsøy kommune tilsvarar soknet Kvitsøy i Tungenes prosti (Stavanger bispedømme) i Den norske kyrkja.

Fram til slutten av 1800-talet høyrde Kvitsøy til Ryfylke fogderi i Stavanger amt.

Delområde og grunnkrinsar i Kvitsøy

For statistiske formål er Kvitsøy kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman sju grunnkrinsar: Sandøy/Byssholmen, Leiasundet, Langøy/Naustvold, Nordbø, Haaland, Ydstebø og Buøy.

Historikk og kultur

Kvitsøy
Steinkrossen på Kvitsøy vart truleg reist av engelske misjonærar på slutten av 900-talet.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Det er eit fredingsområde for sjøfugl mellom øyane Higlane og Eime (øy- og sjøområde); dette ligg sør og aust for dei busette øyane i kommunen.

Ein 3,9 meter høg steinkross er reist på Krossøy, ved Leiasundet, antakeleg av engelske misjonærar før år 1000. Dette har sidan vore brukt som seglingsmerke.

I 1208 inngjekk baglarane og birkebeinarane ein fredsavtale på Kvitsøy. Forliket, som vart sett mellom baglarkongen Filippus Simonsson og birkebeinarkongen Inge Bårdsson, vart kalla Kvitsøyforliket.

Kvitsøy kyrkje er ei trekyrkje bygd rundt 1600. Det finst også ruinar av ei steinkyrkje, St. Clements kyrkje, frå 1100-talet. På Grønningen, ei øy med den sørvestlegaste delen av tettstaden Ydstebøhamn, ligg Kvitsøy hummermuseum, ei avdeling av Ryfylkemuseet.

Kvitsøy fyr, som ligg like vest for kommunesenteret, er freda.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1989) har tre fyrlykter i sylv, plassert to over éi, mot ein blå bakgrunn. Sjøen er den viktigaste ferdselsåra i kommunen og eit av dei eldste fyra i landet finst i kommunen.

Namnet kjem av norrønt Hvítingseyjar og vart brukt om heile øygruppa i norrøn tid. Ei av dei største øyane er Krossøy. Den vart tidlegare kalla Hvítingsøy i eintal, etter førekomstar av kvite kvartsgangar i berget. I nyare tid er øygruppa også kalt Kvitsøyane, men kommunen heter Kvitsøy. Øygruppa har og hatt eit eldre namn, Aumar, «den/dei vernande, hjelpande øya(e)».

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg