Affektlære er eit omgrep særleg brukt innanfor barokk estetikk, som tar føre seg både måtar å katalogisere dei emosjonelle uttrykka (affektane) i dei ulike kunstartene, så vel som forsøk på å forstå korleis mennesket blir påverka av desse gjennom sansane sine. Affektlæra utgjer i seg sjølv ikkje éi grunnsetning, men er heller eit samleomgrep for mange ulike teoriar som utvikla seg innanfor filosofi, komposisjon, analyse og fortolking i europeisk kunsthistorie, frå det antikke Hellas heilt opp til romantikken.

Sjølve lånordet affektlære (frå tysk Affektenlehre) er først og framst forbunde med musikkvitskap på 1900-talet og forskinga på avhandlingane til seinbarokke, tyske komponistar som Johann Mattheson, Johann Joachim Quantz og Carl Philipp Emanuel Bach. Likefullt blei samspelet mellom kroppen, sinnet og affektane drøfta av teoretikarar over store delar av Europa på 1600- og 1700-talet, innanfor ei rekke kunstarter som dans, litteratur, teater og biletkunst.

Charles le Brun sitt tablå over ulike affektar

Charles le Brun sitt tablå over ulike affektar frå hans Traité des Passions

Affekt og temperament

Affektlæra kan sjåast i samanheng med tankane hos medisinarar som Galenos og den antikke humoralpatologien, som var det stadig rådande medisinske grunnsynet i Europa fram til 1800-talet. Ifølge humoralpatologien var det balansen mellom kroppsvæskene blod, slim, «gul» og «svart» galle som var føresetnaden for menneskeleg helse. Samtidig som ubalanse mellom desse væskene kunne gi sjukdom, hadde dei samtidig også innverknad på folk sine karaktertrekk.

Desse fire kroppsvæskene utgjorde dermed dei fire grunnleggande temperamenta i menneskesinnet: sangvinsk (blod), flegmatisk (slim), kolerisk (gul galle) og melankolsk (svart galle). Forskjellige teoretikarar skildra ei rekke ulike affektar som fall inn under dei fire temperamenta; for eksempel var håp og kjærleik sangvint, sinne og hat kolerisk, sorg og smerte melankolsk, fred og sløvskap flegmatisk. I tillegg fanst også ei rekke andre meir eller mindre komplekse samansetningar.

Tanken var at ytre stimuli, slik som musikk, rørte affektane (altså kjenslene) hos tilhøraren og dermed også rokka ved temperamentet og væskebalansen hos vedkommande. Ein trist, melankolsk person, med mykje svart galle frå milten, ville eksempelvis bli utlikna av glad, sangvin musikk som fekk hjartet til å utvide seg og skilje ut meir blod.

Musikken og musikaren hadde, som andre kunstarter og kunstnarar i barokken, eit formål å røre ved affektane hos publikum. Blant anna samanlikna Quantz framføringa til ein god musikar med foredraget til ein dyktig talar, i det dei begge måtte «meistre hjarta, livne og stilne lidenskapane og bringe lyttaren frå den eine affekten til den andre».

Les Quatre Tempéraments

Dei fire temparamante, Les quatre tempéraments. Skisse av Charles le Brun

I musikkkomposisjon

I barokken blei mange ulike element som tonearter, taktarter, rytmar, forsiringar og intervall ofte forbundne med konkrete affektar, gjerne sett i samanheng med strukturar i klassisk retorikk. Kromatikk og tonearter som f-moll var eksempel typisk for døden, mens D-dur var ei vanleg toneart i majestetisk musikk.

Hos Bach blir korsfestinga av Jesus Kristus ofte framstilt med krysstonearter som e-moll. Raske tempi var typisk glade eller eldfulle, mens langsame tempi var meir inneslutta eller rolege.

Mattheson knytte store intervall til glede og små intervall til sorg med å samanlikne med korleis sjela utvida og trekte seg saman.

Ordmaleri var ein annan måte å vekke spesifikke kjensler, eksempelvis rask koloratur for furore, eller sukkmotiv (Seufzer) for klage og sorg. Ein sats var ikkje nødvendigvis bunden til éin affekt eller sinnstilstand, men kunne bestå av både ei rekke liknande eller motstridande affektar.

Sukkmotiv (Seufzer) i musikken til Johann Sebastian Bach

I kantata Ich hatte viel Bekümmeris tonesett Johann Sebastian Bach «bekkar av salte tårar strømmer stadig til» med stegvise sukk, for å framstille sorga i teksten til Salomon Franck.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg