Arild Stubhaug

Faktaboks

Arild Stubhaug
Født
25. mai 1948, Naustdal i Sunnfjord, Vestland
Arild Stubhaug. Foto 1978.
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 3.0

Artikkelstart

Arild Stubhaug er lyrikar, matematikar, ein framifrå formidlar av avansert vitskap og ein prisløna forfattar av biografiar om matematikarar.

Bakgrunn

Arild Stubhaug er fødd i Naustdal i Sunnfjord i Sogn og Fjordane (no Vestland). Han er utdanna cand.mag. med matematikk, litteraturvitskap og religionshistorie frå Universitetet i Bergen i 1971. Stubhaug arbeidde ved Nordiska Folkhögskolan i Kungälv i Sverige i 1973 og 1975, var tilsett som «poet in residence» ved University of Washington, Seattle i 1977 og var medredaktør i tidsskriftet BASAR i 1977–1980. Han fekk Statens garantiinntekt for kunstnarar frå 1979 og blei statsstipendiat i 2005.

Forfattarskapen

Stubhaug debuterte som forfattar med diktsamlinga Utkantane i 1970. Seinare har han gitt ut ei rekkje diktsamlingar på nynorsk, mellom anna Du ber vatn i hendene (1973), Eld i sol (1988), Dikt i samling (2004) og visdomsdikt i Lemmata (2008). Han har òg gitt ut lyriske prosatekstar inspirerte av reiser i Europa og USA, mellom anna På kanten av kartet (1976), Manhattan (1980) og Til avtalt tid (1979) saman med Kari Bøge.

Den raude tråden i den biografiske delen av forfattarskapen er at Stubhaug skriv om sentrale og viktige vitskapsfolk og embetsmenn. Stubhaug har skrive prisløna biografiar om matematikarar, og han forklarer og levandegjer matematiske problem i bøkene om Niels Henrik Abel (1996 og 2004), Sophus Lie(2000) og Gösta Mittag-Leffler (2007). Han har òg skrive om juristen og lyrikaren Conrad Nicolai Schwach (2004) og om politikaren, embetsmannen og Eidsvoll-mannen Jacob Aall (2014). I 2010 kom Den lange linjen. Historien om Videnskabsselskabet i Trondheim. Stubhaug har òg skrive om statsvitaren Stein Rokkan (2019).

Anna engasjement

Han var leiar for Den norske Forfatterforenings litterære råd (1995–1998), nestleiar i styret i foreininga (2008–2010) og nestleiar i Stiftelsen Litteraturhuset (2007–2009).

Utmerkingar

Stubhaug blei tildelt Brageprisen i 1996 for Et foranskutt lyn, Arthur Holmeslands pris for sakprosa (2000), Norsk språkråds språkpris (2001), utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Oslo (2002), Det Norske Akademis Pris (2008) og Doblougprisen (2010). Bøkene hans er omsette til fleire språk.

Bibliografi

  • Stein Rokkan. Fra periferi til sentrum (Biografier og memoarer, Vigmostad & Bjørke, 2019)
  • Jacob Aall (Biografier og memoarer, Aschehoug, 2014)
  • Lemmata (Lyrikk, Aschehoug, 2008)
  • Lemmata (Lyrikk, Aschehoug, 2008)
  • Med viten og vilje : Gösta Mittag-Leffler (1846-1927) (Biografier og memoarer, Aschehoug, 2007)
  • Skjulte kodar. Niels Henrik Abel – ein biografi (Samlaget, 2004)
  • Helt skal jeg ikke dø. Conrad Nicolai Schwach hans liv og erindringer (Biografier og memoarer, Aschehoug, 2002)
  • Et foranskutt lyn. Niels Henrik Abel og hans tid (Sakprosa, 1996)
  • På veg til våpenhuset (Lyrikk, 1995)
  • Ingen frist (Lyrikk, 1992)
  • Suset går over (Lyrikk, 1989)
  • Eld i sol (Lyrikk, 1988)
  • Snitt gjennom mørke (Noveller, 1984)
  • Manhattan. Grenser og hol (Roman, 1981)
  • Dikt om portar og rom, medforfatter (Lyrikk, 1979)
  • Til avtalt tid, medforfatter (Roman, 1979)
  • På kanten av kartet (Kortprosa, 1976)
  • Ingen, igjen (Lyrikk, 1974)
  • Du ber vatn i hendene (Lyrikk, 1973)
  • Utkantane (Lyrikk, 1970)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Øystein Rottem: Norges litteraturhistorie, bd. 3. Oslo 1997

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg