Faktaboks

Abraham Theodor Berge
Fødd
20. august 1851, Lyngdal
Død
10. juli 1936, Tønsberg
Verke
Lærer, politiker og embetsmann
Familie

Foreldre: Arbeider Johan Tobias Johnsen Bergemoen (1813–83) og Helene Andreasdatter Kvalsvig.

Gift 1875 med Anne Elisabeth Kylleberg (1847–1917), datter av gårdbruker og los Tønnes Elias Pedersen Kylleberg og Elise Severine Olsdatter.

Abraham Berge

Abraham Berge

Av /NTB Scanpix ※.
Abraham Berge
Av /Oslo museum.
Lisens: CC BY SA 4.0

Abraham Theodor Berge var ein norsk politikar for Venstre og Frisinna Venstre (frå 1909). Han var Noregs statsminister frå 30. mai 1923 til 25. juli 1924.

Berge var finansminister i periodane 1906–1907, 1910–1912 og 1923–1924, og kyrkjeminister i perioden 1907–1908. Han var stortingsrepresentant i periodane 1892–1894 og 1898–1912, og i 1925.

I 1926 vart Berge stilt for riksrett, fordi han som statsminister og finansminister i 1923 hadde tatt opp statslån utan godkjenning frå Stortinget. Berge og dei andre statsrådane vart frifunne på alle punkter, men frifinninga vart sterkt kritisert.

Bakgrunn

Abraham Berge vart fødd på husmannsplassen Bergemoen under garden Berge i Lyngdal.

Abraham Berge skal ha lært å lese allereie som fireåring og hadde stor tilgong til bøker i heimen. Til den tidlege barnelærdommen høyrde mellom anna Snorres kongesagaer. Han lærde gjennom praksis, saug inn røynsler og hadde minne som ein elefant.

Den einaste utdanninga han hadde utover ein skrøpeleg folkeskule var 15 månader ved kyrkjesongar Reinert Rødlands lærarlærlingsskule i Lyngdal i 1867. Etter eksamen ved kyrkjesongar tok han til som folkeskulelærar i Vanse. Der var han til 1903, då han vart utnemnd som lensmann i Vanse og dreiv gard ved sidan av.

Ein glødande Venstre-mann

Politikk dreiv Berge med heilt frå ungdomen av, og han var glødande Venstre-mann. Han starta si politiske karriere i Søren Jaabæk si Bondevenn-foreining.

Han var ikkje mange åra skulelærar før han kom i heradsstyret og ein periode var han også ordførar. Han sat dessutan i ei lang rekkje styre og råd både i kommunen og i fylkeskommunen.

Ved stortingsvalet i 1891 vart Berge innvald som representant for Lister og Mandals amt, men fall ut ved valet i 1894. I 1897 vart han vald på nytt, og nå var han samanhengande vald til stortingsrepresentant fram til 1912.

I åra frå 1899 til 1902 fungerte også Berge som generalsekretær i Venstre, ein jobb han hadde ved sidan av stortingsvervet. I desse åra reiste han svært mykje rundt i landet og gjesta lokale venstrelag.

I 1905 vart han vald til odelstingspresident, og sat som det under unionsoppløysinga, då Noreg braut med Sverige. Han var også odelstingspresident i 1910 og 1912.

Frisinna Venstre

3. mars 1909 var han med på skipinga av det nye partiet som Christian Michelsen sto som fadder for, Frisinna Venstre, og Berge vart den første formannen. Han vart utnemnd til finansminister i Michelsens regjering då høgremannen Edvard Hagerup Bull gjekk av i november 1906, og Berge held fram som statsråd i Jørgen Løvland si regjering, men då som kyrkjeminister.

Då regjeringa til Løvland gjekk i mars 1908, vart Berge utnemnd til amtmann i Jarlsberg og Larviks amt. Stillinga som amtmann hadde han fram til 1923, med unntak av perioden 1910 til 1912, då han på nytt var finansminister, no i Wollert Konows regjering. Christian Michelsen bana veg for fleire av Berges stillingar, og det var nok også Michelsen som hadde ein finger med i spelet då Berge i 1923 vart finansminister i den andre regjeringa til Otto B. Halvorsen.

Med Michelsens hjelp stilte også Berge til val på felleslista mellom Høgre og Frisinna Venstre for Bergen i 1924, og under valkampen heldt Christian Michelsen ein stor tale til folket, det skulle bli hans siste. Berge vart då også valt.

Statsminister for høgredominert regjering

Då statsminister Otto B. Halvorsen vart sjuk og døydde, oppstod det ein heilt ny situasjon. Det hadde ikkje skjedd før at ein statsminister hadde gått bort mens han var regjeringssjef.

Situasjonen vart ikkje enklare av at regjeringa var ei koalisjonsregjering, og at det ikkje peika seg ut nokon klar etterfølgjar. Otto B. Halvorsen kom frå Høgre som også var klart det største partiet. Det mest naturlege ville ha vore at partileiaren, stortingspresident Ivar Lykke, hadde teke over, men han sa tvert nei.

Ein annan aktuell var Odd Klingenberg, Halvorsens nære venn og allierte i sosialpolitikken, men han var for liberal for partiet. Enden på visa vart altså at Høgre-gruppa godtok at den sitjande finansministeren, representanten for Frisinna Venstre, Abraham Berge, skulle ta over som statsminister.

Avgjerda er nesten historisk: Stortingsgruppa i Høgre hadde kåra, som leiar for ei høgredominert regjering, ein mann som ikkje var medlem i partiet, som hadde ei fortid som generalsekretær i Venstre og som endåtil var målmann. Kanskje låg det bak eit ønskje om å ha nokon å skulde på om det skulle gå retteleg gale med finansane?

Ei krisetid, ein redningsmann

Berge var 72 år det året han vart statsminister. Det var då ti år sidan han hadde vore politisk aktiv og det var 32 år sidan han første gong kom inn på Stortinget. Mange oppfatta han som nesten eit politisk gjenferd, men det skulle vise seg dei tok feil.

Gamlingen sette seg i respekt. «..Hans tilbakevenden har været en opplevelse ved den friskhet, kraft og evne til at si sandheten usminket, som han har fundet anledning til at utfolde», skreiv Morgenbladet. «En hylekone», kalla Johan Ludwig Mowinckel han, då han åtvara som mest mot eit økonomisk samanbrot, og «Nordens Mussolini» var karakteristikken sosialisten Alfred Madsen brukte om Berge.

Det var altså ein særs røynd politikar som tok over som regjeringssjef 30. mai 1923. I tillegg til å vere statsminister, heldt Berge fram som finansminister. Utfordringa var gigantisk. Det var krise i økonomien og bankane ramla over ende som fluger.

Morgenbladet skreiv då Berge vart finansminister i Halvorsen-regjeringa i førstninga av mars at det skjedde «under forhold saa vanskelige som kanskje ingen av hans forgjengere siden grev Wedel Jarlsbergs dage» hadde opplevd. Det er sjølvsagt dristig å velje ein pensjonist til ein slik jobb, men valet var ikkje dumt fordi Berge hadde appell utover landet.

I Venstre-gruppa på Stortinget derimot, vart han av mange oppfatta som ein svikar. Venstre-leiaren Johan Ludwig Mowinckel meinte at det hos Berge sat «saa meget bitterhet og surt igjen fra fortiden … at kanske samarbeidet med ham kan bli vanskelig for frilyndte mennesker». Samarbeid vart det då også lite av med Venstre, men innover i regjeringa, i Høgre, i pressa og utover blant folk flest opparbeidde Berge seg på nokre få veker i 1923 eit heilt eineståande ry som handlekraftig statsminister og landets redningsmann.

Riksrett

Frå 1921 og åra framover kom bankar i krise over heile landet. 38 forretningsbankar og 10 sparebankar kom i vanskar i 1921. I 1922 vart det verre og då kom også nokre av dei store bankane i vanskar. 1923 vart det verste året, og Noregs Bank fann det uråd å halde oppe ei ordning der styresmaktene ytte lån og kreditt til krisebankane.

Med Berge som finansminister vart det i rekordfart vedteke ei lov som opna for at bankar kunne setjast «under offentleg administrasjon» dersom dei kom i vanskar. Ein av dei bankane som kom i krise før denne lova kom var den store Handelsbanken. Faren var overhengande for at krisa i denne banken dersom ho vart kjend, kunne skape ein ålmenn bank-panikk.

For å unngå det gjekk dåverande finansminister Berge i slutten av mai 1923 inn for å setje inn 25 millionar statlege kroner på konto i Handelsbanken. Dette var nokre få dagar etter at statsminister Halvorsen var død, men før det var klart kven som skulle ta over. Desse pengane fanst ikkje tilgjengelege i statskassa. Finansdepartementet måtte skaffe dei ved å skrive ut statsvekslar for summen.

Ein tok ikkje sjansen på å klarere saka i Stortinget. Berge var livredd for at lekkasje kunne skape panikk, og det var berre regjeringa som vart orientert. Det viste seg at situasjonen for Handelsbanken vart verre, snarare enn betre, og hausten 1924 vart banken sett under offentleg administrasjon. Då vart den hemmelege redningsaksjonen offentleg kjend, og det reiste seg ein storm av kritikk, først og fremst frå Arbeidarpartiet, men også frå Venstre. I 1926 vedtok Odelstinget med 62 mot 50 stemmer å reise riksrettssak mot Abraham Berge og seks av regjeringskollegaene hans frå mai 1923.

Klagemåla var for det første at han to gongar lot vere å opplyse Stortinget om det offentlege innskotet på 25 millionar kroner i Handelsbanken, og for det andre at regjeringa for å skaffe dei 25 millionar kronene, hadde teke opp eit statslån utan godkjenning frå Stortinget. Det er i strid med Grunnlova.

Riksretten vart sett 3. september 1926, og først i mars året etter vart dommen avsagt. Både Berge og dei andre statsrådane vart frifunne på alle punkt, mellom anna fordi nokre av tiltalepunkta var forelda. Etter denne saka vart det sett ned ein komité som gjennomgjekk riksrettsinstitusjonen og moderniserte lovverket.

Frifinninga av Berge vart sterkt kritisert, og det er klart stemninga var prega av at svært mange menneske hadde tapt pengar på bankkrisa, men utan at nokon av banksjefane og dei ansvarlege for krisa hadde blitt straffa. Berge var innvald frå Bergen i denne stortingsperioden, men møtte nesten ikkje. Han var sjukmeldt det meste av tida. Saka tok på den gamle mannen, og har i ettertid skygga for den dimensjonen han hadde som politikar.

Ville skape balanse

Det var dessutan noko ironisk over at nettopp Abraham Berge vart tiltalt for bruk av statens pengar. Som kombinert statsminister og finansminister vart han mest kjent for appellane sine om sparing. Under mottoet «…spare, forsage, lide» gjekk han i front for å få opp sparinga og ned forbruket. Det vart nesten eit evangelium for han, og han reiste land og strand rundt og preika det. Så fokusert var han på oppgåva at han nedla forbod mot at foredraga hans rundt om skulle annonserast som «politiske». Dei skulle kallast «finansielle». I ein tolldebatt i juni 1923 sa han: «Regningen ligger på mitt bord – den skal betales». Det var ei gigantrekning etter dyre krigsår (sjå Noreg under første verdskrigen) og stor opplåning i kriseåra etterpå.

Målet hans var å skape balanse i statsbudsjettet og kunne ta til på nedbetaling av gjelda. For å skaffe pengar ville han auke tollavgiftene og fjerne brennevinsforbodet, slik at statskassa kunne få inn brennevinsavgifter og overskot på salet.

Lovforslaget om å fjerne forbodet vart vraka i Stortinget, og 23. juni leverte han inn regjeringa sin søknad om avskjed. To dagar etterpå tok Berges argaste motstandar på Stortinget, Venstre-leiaren Johan Ludwig Mowinckel, over som statsminister. Berge vart innvald på Stortinget ved valet i 1924, men møtte lite. I staden brukte han tida til å skrive bygdebok for Lista. Denne kom ut i 1926.

Abraham Berge døydde på Nøtterøy i 1936, 84 år gamal.

Bibliografi

  • Listerlandets kystværn og kaperfart 1807–1814 (1914)
  • Lista – en bygdebok (1926)

Utmerkingar

  • Tildelt Storkors av St. Olav for fortjenstfull embetsvirksomhet 1912.
  • Ein byste av Berge blei avduka i Vanse 7. juni 1951.
  • Ein byste av Berge blei avduka i Vestfold 20. august 1951.

Les meir i Store norske leksikon

Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999

Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Faktaboks

Abraham Theodor Berge

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg