Etnolekt er ein språkvariant som er karakteristisk for språkbrukarar frå ei bestemt etnisk gruppe. Nemninga etnolekt oppstod først som namn på språket til ungdomsgrupper i kulturelt og språkleg heterogene miljø i storbyar og forstader i ulike delar av Europa. I nemninga etnolekt ligg det at ungdomane snakkar majoritetsspråket (til dømes norsk) på ein «utanlandsk» måte.

Også i Noreg finn me døme på bruk av etnolektar, og då særleg i innvandrarmiljøa på austkanten av Oslo. Den «utanlandske» og multietniske måten å snakka på er som oftast ikkje eit uttrykk for manglande kompetanse i majoritetsspråket norsk, men eit medvite gruppespråk blant dei som brukar det.

Når fleire innvandrargrupper møtest med kvar sitt språk og kvar sin kulturbakgrunn, kan det oppstå ein språkvariant som ein kallar ein multietnolekt. I denne nemninga ligg det at ein i visse innvandrarmiljø kan høyra fleire etnolektar, der kvar etnolekt byggjer på heimespråket til ulike innvandrargrupper.

Multietnisk norsk

Eit særtrekk ved etnolektar og multietnolektar er gjerne ein stakkato setningsrytme. I multietnisk norsk finst også ofte manglande inversjon i norske setningar, typen «i går eg ikkje gjekk på jobben» (korrekt norsk: «i går gjekk eg ikkje på jobben»). Multietnisk norsk kan karakteriserast som ein ungdomssjargong med mange innslag av lånord frå språk som opphavleg blir tala av ikkje-vestlege innvandrargrupper i Noreg.

Ei av dei største innvandrargruppene til Noreg var lenge Pakistan, og det er mange norskfødde i Noreg med foreldre eller besteforeldre som innvandra frå Pakistan. Ord frå dei pakistanske språka panjabi og urdu kan høyrast i multietnisk norsk, mellom anna ord som baja (venn), bodi (kjærast), tært (god, kul), lalle (stela) og andre. Dei mest brukte lånorda i den multietniske språkvarianten kjem likevel frå arabisk, persisk, berbisk, engelsk og spansk. Også ord frå språk som blir snakka på Balkan, er vanlege i dei multietniske språka i Noreg.

Også ungdommar utan innvandrarbakgrunn tar i bruk særdrag frå multietniske talemål brukt av innvandrarungdom, truleg for å ta del i eit etablert gruppespråk, ein ungdomssjargong i det miljøet der dei ferdast.

Multietnisk norsk var først ei nemning for språket i ungdomsmiljø i Oslo, men kan i dag også høyrast i andre byar i Noreg.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hårstad, Stian og Opsahl, Toril: Språk i byen. Utviklingslinjer i urbane språkmiljøer i Norge. Bergen: Fagbokforlaget, 2013. Om Oslo-dialekten, sjå side 84-105.
  • Johannessen, J.B. og Hagen, Kristin (red.): Språk i Oslo. Ny forskning omkring talespråk, 2008. Oslo: Novus.
  • Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn: Oslo bymål. I: Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn: Det norske dialektlandskapet, 2012. Oslo: Cappelen Damm (s. 60-65).
  • Skjekkeland, Martin: Dialektlandet, 2010. Kristiansand: Portal forlag (s. 100-110.).
  • Wiggen, Geirr: Oslo bymål. I: Jahr, E.H. (red.): Den store dialektboka. Oslo: Novus, 1990 (s. 179-186).

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg