Kløver er ei planteslekt i erteblomfamilien.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Trifolium
- Beskriven av
- Carl von Linné
Blada er trekopla, med akselblad delvis fastvaksne til bladstilken. Blomane er samla i hovud eller hovudliknande standar. Krona er raud, kvit eller gul og blir sitjande på etter at ho har visna. Som andre belgvekstar har kløver ein spesiell mekanisme til vinterbeskyttelse av overvintringsknoppane i øvre enden av rota eller rotstokken. Ved at hovudrota trekkjer seg saman (hos raudkløveren opptil 10 prosent), blir knoppane trekte ned under jordoverflata.
Det finst over 300 kløverartar, fordelte på tempererte strøk i Europa, Asia og Amerika. 13 av dei veks i Noreg, forutan nokre tilfeldig innkomne artar. Artar som er utbreidde i heile landet, er raudkløver, skogkløver, kvitkløver og alsikekløver. Resten av dei viltveksande artane høyrer alle til sør i landet, mellom anna harekløver, gullkløver, krabbekløver, musekløver og jordbærkløver. I Alpane er den vakre, storblomstra alpekløveren (Trifolium alpinum) ein vanleg fôrplante. Arten Trifolium aurantiacum, med oransjegule blomar, blir dyrka til pynt.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.