skogkløver

Skogkløver skilles fra rødkløver ved smalere småblad og snaue beger.

Artikkelstart

Skogkløver er ei fleirårig 20–50 centimeter høg urt i erteblomfamilien med trekopla blad og raude blomar som sit saman i hovud. Planta liknar raudkløver, men blomane er friskare raude og øyreblada er spisse. Skogkløver er vanleg over store delar av Noreg.

Faktaboks

Også kjent som
Trifolium medium

Skildring

Skogkløver er ei mattedannande 20–50 centimeter høg urt med trekopla blad. Dei raude blomane er 5-talege og einsymmetriske med oppbygging som er typisk for erteblomfamilien og sit saman i hovud. Frukta som vert danna er ein skolm som inneheld eitt eller få frø.

Utbreiing

Arten er vanleg over store delar av Noreg og veks i småskog og skogkantar nord til Troms.

Bruk

Skogkløver har i naturkartleggingsverkøyet Natur i Noreg (NiN) ei diagnostisk rolle i fleire naturtypar.

Systematikk

Taksonimisk nivå Norsk namn Vitskapeleg namn
Domene Eukaryoter Eukarya
Rike Planteriket Plantae
Klade Dekkfrøete planter Angiospermae
Klade Ekte tofrøbladete planter Eudicotidae
Klade Rosidene Rosidae
Orden Erteblomstordenen Fabales
Familie Erteblomstfamilien Fabaceae
Slekt Kløverslekta Trifolium
Art Skogkløver Trifolium medium

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg