Solsystemets planeter
.
Lisens: CC BY SA 3.0

Solsystemet består av Sola, åtte store planetar med månar, fem dvergplanetar og eit stort antall asteroidar, kometar og meteoroidar og interplanetarisk støv og gass.

Mange av namna er frå gresk mytologi og romersk mytolog, men fleire namn er også frå mytologiar frå andre land, mellom anna norrøn mytologi. Også namn på personar blir brukt på asteroidar og kometar og på krater på planetar og månar.

Den internasjonale astronomiske union (IAU) har ansvaret for den offisielle godkjenninga av namna. IAU har oppretta namnekomitear som tilrår namn på lekamane i solsystemet og overflatene deira.

Planetnamna

Dei norske planetnamna Merkur, Venus, Jorda, Mars, Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun er oppkalla etter romerske gudar, med unntak av Jorda, som på latin heiter Tellus eller Terra. Dei tilsvarande greske planetnamna er Hermes, Afrodite, Gaia, Ares, Zevs, Kronos, Ouranus og Poseidon.

I 1930 vart det oppdaga ein niande planet, som fekk namnet Pluto etter den romerske guden som rådde i dødsriket Hades. Dette namnet vart truleg valt fordi dei to første bokstavane i namnet er initialane til Percival Lowell, som hadde postulert eksistensen av ein planet som han meinte forstyrra Neptuns bane. I 2006 vart Pluto nedgradert til ein dvergplanet fordi Pluto er for liten til å påverka naboplanetane.

Ringane og gapa i ringane rundt Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun har fått namn etter dei som har oppdaga ringane eller som har gitt vesentlege bidrag til å forstå strukturen og stabiliteten av ringane.

Månenamna

Io foran Jupiter
Månen Io foran Jupiter, observert av Cassini-romsonden i 2000. Den svarte flekken på Jupiter er skyggen av Io på Jupiters overflate. Io kan ses litt til høyre og nedenfor skyggen.
Av .

Vår jordmåne, som romarane kalla Luna og grekarane kalla Selene, må ha vore kjend allereie for dei første menneska på Jorda. Alle dei andre månane er oppdaga med kikkert eller med teleskop frå Jorda eller frå romsondar. Galileo Galilei oppdaga dei fire største månane rundt Jupiter i 1610 og kalla dei berre Jupiter I, II, III og IV. Den mindre kjende astronomen Simon Marius hevda at han om lag på same tid hadde oppdaga månane, som han gav namna Io, Europa, Ganymedes og Callisto etter guden Jupiter sine elskarar. Galilei påstod at Marius fór med fusk, og Galilei sitt system med å identifisere Jupiter sine månar berre med romartal vart ståande like til 1976. Etter ein lengre debatt det året, vart Marius si uavhengige oppdaging av dei fire månane og namna han gav dei offisielt godkjend, og det vart vedteke å gje alle Jupiter sine månar namn frå gresk-romersk mytologi.

Mars sine to månar, Phobos og Deimos, har også fått namn etter gresk-romersk mytologi. Saturn har så mange månar at ein har mått ty til namn både frå gresk-romersk, norrøn, grønlandsk og gallisk mytologi. Månane rundt Uranus har fått namn frå personar i William Shakespeares skodespel og frå Alexander Popes «Rape of the Lock». Neptun sine månar er oppkalla etter vesen forbundne med den romerske havguden Neptun eller den greske Poseidon.

Namn på asteroidar og kometar

Når eit objekt som ein trur kan vera ein måne, asteroide eller komet blir oppdaga, får objektet først eit midlertidig namn som identifiserer objektet og inneheld årstalet for året det vart oppdaga. Først når det føreligg nok observasjonar til å rekna ut ein sikker bane, får objektet eit permanent namn som måne, asteroide eller komet. Kvar asteroide får eit serienummer og eit namn som blir valt av oppdagaren eller av ein namnekomité for asteroider oppretta av Den internasjonale astronomiske union (IAU). Dette kan vera eit mytologisk eller geografisk namn eller namnet på ein person som har gjort seg fortent til å bli oppkalla. Kometar får namn etter oppdagarane, som kan vera opptil tre personar for ein og same komet.

Namn på overflatane til planetar, månar, asteroidar og kometar

IAU oppretta i 1973 ei internasjonal arbeidsgruppe for nomenklatur i solsystemet, Working Group for Planetary System Nomenclature (WGPSN). WGPSN fungerer som eit styre for seks ekspertgrupper (Task Groups) som tilrår namn på formasjonar på Merkur, Venus, Mars, dei ytre planetane og på smålekamar (månar, asteroidar og kometar). WGPSN har ti medlemer og blir leia av ein president.

Fram til 1970 var det berre krater, fjell og sletter på Månen og nokre utydelege detaljar på Mars ein hadde sett visuelt som fekk namn. Men då romsonder byrja å kartleggja himmellekamane, vart det eit stort behov for nye namn. For Månen førde ein vidare namneskikken med å oppkalla krater og andre formasjonar etter kjende personar. Eit latinsk ord vart sett framom eller etter personnamnet for å identifisera typen topografisk eller geologisk formasjon, for eksempel fjellet Mons Hansteen og dalen Vallis Bohr. Ei rekkje nye latinske ord vart innført etter kvart som detaljkunnskapen om overflatane til planetar, månar og asteroidar auka.

Reglar

Det er vedteke fleire reglar for namnsettinga som er beskrivne på nettsida. Namna skal vera så enkle, klåre og eintydige som mogeleg. Dei er først og fremst eit verktøy for kartografisk og vitskapeleg bruk og har ikkje som hovudmål å heidra personar. Med unntak av nokre få astronautar, kan berre personar som har vore døde i minst tre år bli oppkalla. Utvalet av namn bør vera globalt og representera mange geografiske område og kulturar på Jorda. Namn med tydeleg politisk, militær eller religiøs karakter er ikkje tillatne. Skrivemåten er som i opphavslandet, men translitterasjon til ymse alfabet er tillate.

Tema

For kvar himmellekam som skal kartleggjast, vel ein spesielle tema for namna. Desse temaene bør overlappa minst mogeleg frå lekam til lekam. Det er tradisjon for at krater får namn etter personar som av ymse grunnar har utmerka seg.

På Merkur blir krater oppkalla etter kjende kunstnarar, musikarar, målarar (til dømes Munch) eller forfattarar, medan til dømes skrentar (rupes) får namn etter landnåmsskip eller vitskapelege ekspedisjonar på Jorda, til dømes Fram Rupes.

På Venus får krater namn etter kvinner (til dømes Undset) som har utmerka seg, men krater mindre enn 20 km får berre fornamn. Det einaste krateret med mannsnamn er Maxwell Montes. Krateret har ei høgd på 12 000 meter og er oppkalla etter James Clerk Maxwell fordi han oppdaga dei elektromagnetiske lovene som gjorde det mogeleg å trengja gjennom det tjukke skylaget på Venus med radar.

På Mars er dei største kratera gitt namn etter kjende forskarar som har studert planeten, eller etter science fiction-forfattarar som har skrive om Mars. Dei minste kratera er oppkalla etter småstader, til dømes Gol. Det 3000 km lange dalføret Valles Marineris er oppkalla etter romsondene som kartla det.

Jupiters isdekka måne Callisto er oversådd med norrøne namn, til dømes Valhalla Regio, medan ein svovelsprutande vulkan på Io heiter Loki. Aktive område på denne månen er tildelt namn på mytologiske gudar og skapningar som er forbundne med vulkanar, eld, torevêr og andre destruktive krefter.

Dvergplaneten Pluto (som i 2006 vart «detronisert» frå planet til dvergplanet) har fått namn etter guden som rådde over dødsriket Hades. Som namnetema for Pluto var det difor naturleg å velja namn på underverda i ymse kulturar og mytologiar og namn på gudar, gudinner og andre skapningar der. Dvergnamn knytt til underverda høver spesielt godt på ein dvergplanet. Det norrøne diktet Voluspå er ei svært rik namnekjelde som har gitt namn til over 70 dvergplanetar.

Andre aktuelle namn på formasjonar på Pluto og dens måne Charon er heltar som har kjempa mot underverda, og personar som har forska på Pluto eller Kuiperbeltet som Pluto høyrer til. Pluto vart kartlagd først i juli 2015 då romsonden New Horizons flaug tett opptil dvergplaneten. Det er no sett namn på mange ulike formasjonar på Pluto. Mest markant er eit stort, hjarteforma område på Pluto som no heiter Tombough Regio etter Clyde Tombaugh som oppdaga Pluto i 1930.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg