Topografisk kart, Meløy
Eksempel på topografisk kart, her fra Ørnes i Meløy.
Topografisk kart, Meløy
Av .

Topografisk kart er kart som gjev att dei topografiske eigenskapane til jordoverflata og andre forhold og objekt som er synlege i terrenget, naturlege og tekniske eller menneskeskapte; til dømes skogar, vegar, hus og vassystem. Måten desse blir gjevne att på er avhengig av målestokken.

Dei topografiske karta gjev detaljert informasjon om terrengformer, vassflater, vassdrag og vegetasjon, i tillegg til kulturelement som administrative grenser, samferdsle (vegar, bruer, jernbane), busetnad og stadnamn.

Topografiske kart har ofte høgdetal på visse terrengpunkt og på større vatn. Den generelle terrenghøgda blir gjerne oppgjeven med høgdekurver eller kotar.

Ulike fargar blir nytta for å markere tettbygde strok, dyrka mark, skog, myr, opne område, djupner, elver og vatn. I tillegg bruker ein ei rekkje symbol for å vise busetnad og anna.

Topografiske kart i Noreg har målestokk som ligg mellom 1 : 25 000 og 1 : 250 000.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg