Io framfor Jupiter

NASAs romsonde Voyager 1 tok dette mosaikkbiletet av Io over Jupiters skylag i 1979, frå ein avstand på åtte millionar kilometer. Biletet var sannsynlegvis det første som gav visuelle teikn til den store vulkanske aktiviteten på Io.

Av /NASA, JPL-Caltech, Voyager 1.
Io

Io fotografert i 1997 av romsonden Galileo frå ein avstand på cirka 487 000 kilometer. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

Io
Av /KF-arkiv ※.
Vulkanutbrot på Io

Vulkanutbrot på Io fotografert av romsonden Galileo 26. november 1999. Det aktive området er om lag 25 kilometer langt og 1 kilometer høgt. Varmen i utbrotet var høgare enn det ein har registrert ved vulkanutbrot på Jorda. Strålingsenergien frå lavaen var så høg at detektoren til kameraet blei øydelagd. Dei aktive områda blei derfor sjåande kvite ut.

Vulkanutbrot på Io
Av .
Lisens: fri

Io er den tredje største månen til Jupiter. Io er det inste av Jupiters fire galileiske månar, som blei oppdaga av Galileo Galilei i 1610. Io er den mest vulkansk aktive lekamen i heile solsystemet. Han er så vidt større enn månen til Jorda og har ei omløpstid rundt Jupiter på 1,8 dagar.

Faktaboks

Uttale
ˈio

Det kom som ei stor overrasking då romsonden Voyager 1 i 1979 påviste ei rekkje svovelsprutande vulkanar på Io. Dette kjem av ein sterk tidvasspåverknad frå Jupiter.

Ios indre og overflate

Ios diameter er 3630 kilometer, massetettleiken er 3570 kg/m³, og refleksjonsevna er høg (albedo 0,63). Io har truleg ein kjerne av jernsulfid omgitt av brune silikat.

Fotografi tekne frå romsonden Voyager 1 i 1979 avslørte ei overflate dekt av brungul svovel og svovelforbindelsar og dessutan ei mengd irregulære, vulkanske krater. Men ein fann ingen meteorittkrater, for sår etter meteorittnedslag blir fylte med lava etter relativt kort tid. Det finst òg fjell på Io. Ni av vulkanane var aktive då Voyager 1 passerte, og éin spruta svovel i ei soppforma sky med høgd og radius på 100 kilometer. To av vulkanane var stilna då Voyager 2 passerte fire månader seinare. I 1995 flaug romsonden Galileo tett opptil Io.

Den største vulkanen, Pele, har avsett konsentriske ringar med diametrar på opptil 1400 kilometer. Frå munningen av ein annan vulkan, Loki, renn det mørk, smelta svovel ut i lange striper.

Ios vulkanisme

Oppdaginga av den vulkanske aktiviteten på Io forbløffa ei heil verd, trass i at dette faktisk var føresagt på grunnlag av berekningar av dei sterke tidvasskreftene som Io blir utsett for frå Jupiter. På same måte som Månen ved Jorda har Io bunden rotasjon, det vil seie at Io alltid vender same side mot Jupiter. Dette reiser ei enormt sterk tidvassbølgje på overflata til Io på grunn av Jupiters store masse og Ios nærleik til planeten. Fordi banen til Io er litt avlang (eksentrisk), vil den varierande høgda til tidvassbølgja utløyse energi gjennom friksjon, og denne energien får delar av Io til å smelte.

Baneeksentrisiteten til Io blir halden oppe gjennom påtrykk frå nabomånane Europa og Ganymedes, som har høvesvis dobbelt og firdobbelt så lang omløpstid som Io. Dette skaper såkalla resonans, som når soldatar marsjerer over ei bru i takt og får brua til å svinge faretruande.

Ios innverknad på omgivnadene

Ionisert gass frå utbrota (svovel, oksygen og hydrogen) blir lagd att som ein ring i månebanen. Både Io sjølv og denne gassen vekselsverkar med Jupiters magnetosfære og sender ut radiostråling og polarlys. I desember 1995 passerte romsonden Galileo nær opptil Io. Under denne og fleire seinare passeringar av månen har romsonden påvist temperaturar på opptil 1750 °C i nokre vulkanmunningar der det strøymer ut flytande lava i tillegg til svovelforbindelsar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg