Heteroklise er i grammatikk eit omgrep som kan definerast litt laust som «blanda» ordbøying. Ordet blir nytta i fleire ulike tydingar.

Faktaboks

Uttale
heteroklˈise
Etymologi
av hetero- og gresk ‘bøye’
Også kjend som
heteroklitisk bøyning

Det er praktisk å skilje mellom tre definisjonar:

  1. Heteroklise er det at nokre bøyingformer av eit ord følgjer éin bøyingsklasse og andre bøyingsformer ein annan bøyingsklasse.
  2. Heteroklise er det at eit ord har fleire etymologisk beslekta stammer som avvik litt frå kvarandre i form.
  3. Heteroklise er det same som suppletivisme.

Kvar definisjon er forklart og illustrert nedanfor.

1. Heteroklise som bøyingsklassevariasjon

nynorsk kan svake (linne) verb delast i fleire bøyingsklassar, mellom anna e-klassen og a-klassen. Det finst nokre verb som kan bøyast etter a-klassen i presens og e-klassen i preteritum og perfektum partisipp.

Tabellen viser det heteroklitiske verbet rope. Det kan bøyast som dope (a-klassen) i presens og som vekke (e-klassen) i preteritum og perfektum partisipp:

type ⇩ presens preteritum perfektum partisipp
a-verb dopar dopa dopa
heteroklitisk verb ropar ropte ropt
e-verb vekker vekte vekt

Rope er opphavleg eit a-verb, men har blitt påverka av e-verba, slik at berre presens framleis har a-bøying. Alternativ kan rope framleis bøyast som eit a-verb, det vil seie som dope (rope, ropar, ropa, ropa) eller som eit e-verb, det vil seie som vekke (rope, roper, ropte, ropt).

Gamle bøyingsmønster overlever som regel lengst i presens, som ved rope. Eit anna eksempel på dette finst i Oslo-dialekten, der verbet like er heteroklitisk, med sterk bøying i presens (med tonem 1; svake verb har som regel tonem 2 i presens) og med svak e-bøying i preteritum og perfektum partisipp:

type ⇩ presens preteritum perfektum partisipp
sterkt verb ¹viker ¹veik ²viki
heteroklitisk verb ¹liker ²likte ¹likt
svakt verb (e-verb) ²vekker ²vekte ¹vekt

I midtaustlandske dialektar var like tidlegare eit sterkt verb, med preteritum ¹leik og perfektum partisipp ²liki. Presens ¹liker (med tonem 1) er den siste resten av denne sterke bøyinga.

2. Heteroklise som stammevariasjon

Det er vanleg å rekne det klassisk greske inkjekjønnssubstantivet húdōr (ὕδωρ),'vatn', som heteroklitisk. Det har stamma húdōr i nominativ, akkusativ og vokativ eintal og stamma húdat i andre bøyingsformer. Her er bøyinga til húdōr jamført med bøyinga til eit regelrett inkjekjønnssubstantiv, sō̂ma (σῶμα) 'kropp', og grensa mellom stamme og bøyingssuffiks er merkt med bindestrek (akkusativ og vokativ er lik nominativ):

type ⇩

nominativ

eintal

genitiv

eintal

dativ

eintal

nominativ

fleirtal

genitiv

fleirtal

dativ

fleirtal

regelrett

sō̂ma

σῶμα

sṓmat-os

σώματος

sṓmat-i

σώματι

sṓmat-a

σώματα

sōmát-ōn

σωμάτων

sṓma-si

σώμασi

heteroklitisk

húdōr

ὕδωρ

húdat-os

ὕδατος

húdat-i

ὕδατι

húdat-a

ὕδατα

hudát-ōn

ὑδάτων

húda-si

ὕδασι

Dei to stammene til húdōr byrjar begge på húd-. Variasjonen mellom -ōr og -at er ein refleks av eit urindoeuropeisk bøyingsmønster med veksling mellom ei stamme som enda på *r og ei anna stamme som enda på *n. Den same vekslinga fanst framleis i det urgermanske ordet for 'vatn', med stammevariantane *watr- og *watn-, som er etymologisk i slekt med gresk húdor. Stammevarianten *watn- har overlevd i nordgermansk, jamfør norrønt/islandsk/færøysk/norsk vatn, svensk vatten, bokmål vann og dansk vand, medan varianten *watr- har overlevd i vestgermansk, jamfør gammalengelsk wæter, frisisk wetter engelsk/nederlandsk/nedertysk water og tysk Wasser.

3. Heteroklise som suppletivisme

I ein del litteratur er heteroklise definert som identisk med suppletivisme, det vil seie ordbøying med bruk av forskjellige stammer. I mange norske dialektar har verbet bli ei heteroklitisk bøying, med stamma bli- i infinitiv og presens og stamma vart-/vort- i preteritum og perfektum partisipp:

type ⇩ infinitiv presens preteritum perfektum partisipp
regelrett verb bli blir blei blitt
heteroklitisk verb bli blir vart vorte
regelrett verb verte vert vart vorte

Det er inga skarp grense mellom heteroklise etter definisjon 2 og 3.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg