Vamp

Av /Vamp.
Vamp i 1996
Av /NTB Scanpix.

Artikkelstart

Vamp er ei norsk visepopgruppe frå Haugesund som syng på haugesundsdialekt. Vamp har hausta stor anerkjenning med sin delvis irsk-inspirerte musikk og vorte tildelt fleire Spellemannpriser og andre utmerkingar. Gruppa framfører songar skrivne av lyrikaren Kolbein Falkeid samt mange andre framståande poetar og tekstforfattarar.

Etableringa

Haugesundsgruppa Vamp blei danna i 1991 av Øyvind Staveland (fødd 1960), Torbjørn Økland (fødd 1964), Carl Øyvind Apeland (fødd 1964), Erling Sande (fødd 1964) og Jan Ingvar Toft (fødd 1961). Dei signerte platekontrakt med MajorStudio i 1992, og debutalbumet Godmorgen, søster, med songen «Tir n'a Noir» og gjestevokalist Rita Eriksen kom i 1993. Vamp fekk Spellemannprisen for dette albumet.

Utgjevingar

Gruppa har gitt ut 14 album, dei siste Liten fuggel (2012) og To med alt (2013) som oppsummerer dei første 20 åra. Vamp har fått Spellemannprisen fem gonger og Prøysenprisen (1996). Alle albuma har nådd Topp 20, dei fleste også Topp 10 på VG-lista, og gruppa har selt meir enn 600 000 plater.

Alle dei 13 albuma Vamp har gitt ut, har fått strålande kritikkar. Dei har turnert over heile landet i ei årrekkje, og Vamp er vidgjeten for musikarar med godt samspel. Gruppa er leiken, har kraft og energi og ei speleglede som trollbind publikum. Vamp er svært oppteken av støtte lokalmiljøa der dei held konsertar. Dei skriv kontraktar med lokale arrangørar som sikrar at noko av det eventuelle overskotet blir att i lokalsamfunna, og det gjer at dei lettare kan kome tilbake neste gong.

Musikken til Vamp er inspirert av irsk musikk, med fele- og fløytemusikk, og av havet, historia og kulturen frå landa kring Nordsjøen. Musikken er melodisk, og gruppa har mange vakre balladar og eit preg av folkrock. Songen «Tir n'a Noir» er blitt allemannseige. Andre grupper er inspirerte av stilen deira, mellom anna gruppa Publiners.

En annen sol (2000) var ei rekkje kjende artistar med som gjestevokalistar. Saman med japanske Emi Fujita og Rita Eriksen ga Vamp ut albumet Camomile (2001). Gruppa bidrog òg med «Menuett i mai» på haugesundsdialektGull i frå grønne skoger (2003), ei samleplate med songar av Vidar Sandbeck.

Med Månemannen (2002) styrkte Vamp posisjonen sin som ei av dei mest populære gruppene i landet. Siste stikk (2006) ga 1.-plass på VG-lista og Spellemannprisen, og Vamp i full symfoni (2006) selde i 150 000 eksemplar og inntok også 1.-plassen på VG-lista. Konserten med Kringkastingsorkestret blei vist på NRK, og Vamp blei Årets spelemann det året.

St. Mandag kom i 2008, med Paul Hansen som ny vokalist. Odin Staveland og Birger Mistereggen var og komne til sidan den førre plateutgivinga. På I full symfoni 2 (2010) var songaren Eivór Pálsdóttir frå Færøyane gjesteartist. Vamp fekk nok ein 1.-plass på VG-lista, og konserten blei vist på NRK hausten 2010.

Gruppemedlemmar

Gruppa har hatt tre faste vokalistar: Jan Ingvar Toft (1991–1999 og frå 2014), Vidar Johnsen (1999–2007) og Paul Hansen (2007-2014). På albumet Liten fuggel (2012) er det tre vokalistar: Paul Hansen, Odin Staveland og Øyvind Staveland. Felespelar Øyvind Staveland har vore ein av frontfigurane sidan starten og har komponert ei rekkje av songane.

I perioden 2007 til 2014 besto Vamp av Øyvind Staveland; Torbjørn Økland, gitar og mandolin; Carl Øyvind «Calle» Apeland, bass, gitar og keyboard; Paul Hansen (fødd 1980), song og gitar; og Odin Staveland (fødd 1985), keyboard, perkusjon og song, som er son av Øyvind Staveland.

I juni 2014 trekte Apeland, Økland og Hansen seg frå Vamp og danna trioen blest. Dei vart erstatta av Bjørn Berge (gitar, banjo), Kjetil Dalland (bass) og Jan Ingvar Toft, som no vart sidestilt vokalist saman med Odin Staveland. Hausten 2015 kom det listetoppende albumet Populas. Då var Lars Erik Støle (orgel, trekkspel) vorte fast medlem. I 2016 vart det gitt ut ei fotobok, Vegen, og i 2017 eit nytt album, La la la. Bjørn Berge slutta i april 2019 og vart erstatta av Stian Tønnesen.

Vokalistar

Jan Ingvar Toft var vokalist og frontfigur saman med Øyvind Staveland frå 1991 til 1999. Toft har ei sjelfull og særeigen røyst, og han skreiv mellom anna melodi til songane «Hallo – Adjø», «Det e derfor eg synge», «Sally O'Neill», «13 humler» og «Jentene på landet». Han har opptredd med Vamp ved visse høve seinare.

Vidar Johnsen (vokalist 1999–2007) var med på Månemannen, Siste stikk og I full symfoni, og han har skrive melodi til «Fuglane vett», «Så nær», «Under jorda» og «Forfengelige måne». Paul Hansen (vokalist frå 2007) har vore med på St. Mandag, I full symfoni 2 og Liten fuggel og har skrive melodi til «Amanda» og «Ta meg med». På albumet Liten fuggel er tre vokalistar hovudsongarar på kvar sine låtar: Paul Hansen, Øyvind Staveland og Odin Staveland.

Frå 2014 er Jan Ingvar Toft igjen vokalist i Vamp.

Tekstforfattarar

Lyrikaren Kolbein Falkeid har skrive mange av tekstane til Vamp, mellom anna «Tir n'a Noir», «Lindehålsma'en», «Mariann», «Ingeborg» og «Godmorgen, søster». Samarbeidet med Falkeid blei innleidd i 1991. Ingvar Hovland har òg skrive mange tekstar for gruppa, spesielt på Siste stikk og St. Mandag.

Vamp har, først og fremst ved Øyvind Staveland, tonesett tekstar av Inger Hagerup, Per Olav Kaldestad, Odd Børretzen, Jan Eggum, Ingvar Moe, Harald Sverdrup, Arnt Birkedal, Astrid Hjertenæs Andersen, Hans Børli, Ole Paus og Per Inge Torkildsen.

Album

Alle Vamps album har nådd Topp 20, dei fleste Topp 10:

  • Godmorgen, søster (1993)
  • Horisonter (1994)
  • 13 humler (1996)
  • Folken (1996, live)
  • Flua på veggen (1998)
  • Ei med alt (1999, samleplate)
  • En annen sol (2000)
  • Månemannen (2002)
  • Siste stikk (2005)
  • I full symfoni (2006, live med Kringkastingsorkestret)
  • St. Mandag (2008)
  • I full symfoni II (2010)
  • Liten fuggel (2012)
  • To med alt (2013, samleplate)
  • Populas (2015)
  • La la la (2017)
  • Brev (2019)
  • Tiå det tar (2021)

Vamp på hitlister

Dei har hatt to store hits på VG-lista : Liveversjonen av Tir n'a noir greidde 3. plass og heile 42 veker i 2006-2007, medan det blei sjetteplass på både På bredden i 2008 og Liten fuggel i 2012. Vamp har toppa Norsktoppen med desse låtane: Sirkus av lys (1998), Månemannen (2002), Fuglane vett (2002), Siste stikk (2005), Kim du nå va? (2006), Tir n'a noir (live, 2006) og Velkommen inn (2008).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg