Ole Paus

Faktaboks

Ole Paus
Ole Christian Paus
Født
9. februar 1947, Oslo
Ole Paus
Av .

Artikkelstart

Ole Paus er ein norsk songar, gitarist, komponist, forfattar og skodespelar. Han debuterte som visepoet og har sidan 1970-talet vore ein viktig del av det norske visemiljøet. Med ei særeiga røyst, leiken bruk av språket og enkle melodiar har Paus blitt omfamna av eit breitt publikum.

Bakgrunn

Paus gjekk eitt år på Oslo katedralskole, men fullførte examen artium ved Trondheim katedralskole i 1965. Paus har teke enkeltemne i filologi ved Universitetet i Oslo. Han er far til komponisten Marcus Paus.

Musikkarrieren

Tidlege utgjevingar

Han debuterte med viseplata Der ute – der inne i 1970, følgd av to album som var ein vellykka hybrid av visesong, rock og jazz: Garman (1972), som har fått klassikarstatus, og Blues for Pyttsan Jespersens pårørende (1973), der han vart akkompagnert av mellom anna Popol Ace og gitaristen Stefan Grossman. Begge nådde Topp 20 på VG-lista, til liks med Zarepta (1974). Han hadde òg stor suksess på Norsktoppen med Leieboer (1973), Ingenting å være redd for (1973) og Ganske vanlig sherry, simpelthen (førsteplass i 1975).

Etter Avslutningen

Paus avslutta platekarrieren sin i juni 2013 med utgivinga av trippelalbumet Avslutningen, som vart nominert til Spellemannprisen og gjekk til topps på VG-lista. Trass i Avslutningen i 2013 gav Paus likevel ut nye album. I ettertid har han mellom anna gitt ut albuma Frolandia (2015) og Sanger fra gutterommet (2016), begge saman med Ketil Bjørnstad. Sanger fra gutterommet består av opptak frå 1972. I 2020 var Motorpsycho backingbandet hans på albumet Så nær, så nær, som også toppa VG-lista.

I 2020 vart dei samla songtekstane hans gitt ut i boka Pauspoeten – sangtekster gjennom 50 år. Året før hadde alle plateinnspelingane frå dei to første tiåra av karrieren vorte samla i CD-boksane 1970-talet og 1980-tallet.

Lyden av Paus

Medan melodiane til Paus er enkle, er tekstane avanserte og røysta noko heilt for seg sjølv. Paus er både narr og hoffpoet. Han har skapt alt frå folkekjære og litt såre låtar som «Mitt lille land» til satiriske viser som «Satan lever», der han røskar tak i dobbeltmoralen i den norske bedehusrørsla. Det er desse kontrastane som skaper artisten Paus.

Med dei tre utgivingane Paus-posten, Nye Paus-posten og Siste Paus-posten midt i 1970-åra skapte Paus moderne skillingsviser der han tok opp dagsaktuelle nyhende og skjemta med dei i viseform, slik som visediktarar har gjort før han. Med satiriske og humoristiske viser og dyrking av sin særeigne songstil nådde han eit nytt publikum og skilde seg ut frå dei andre gitarspelande visesongarane.

Tekstane til Paus har heilt sidan byrjinga vore både samfunnsrefs og ordkunst. Med eit stilsikkert språk skildrar han konkrete hendingar, nyttar kjende metaforar og snur dei til noko nytt og uventa.

Musikalske samarbeid

Gjennom samarbeid med andre har han fornya sitt eige uttrykk og skapt viktige bruer mellom sjangrar og kunstuttrykk. Allereie på albumet Garman frå 1973 foreinte Paus og rockebandet The Pussycats den fornya norske visetradisjonen med rockebølga.

Heile karrieren har han samarbeidd med vennen og forfattaren Ketil Bjørnstad. Han har dessutan samarbeidd med Jonas Fjeld under namnet To Rustne Herrer, både på scena og på album. Saman har dei gitt ut albuma To rustne herrar (1996), Damebesøk (1998), Tolv rustne strenger (2003) og Hvis helsa holder – The Album (2016). Paus har òg vore tekstforfattar på Fjeld sine soloplater. To Rustne Herrer har gått til topps på Norsktoppen med Tordensky (1996), Evigheten (1998) og Dansegalla i en andedam (2003).

I 1991 overraska den tidlegare svært kyrkjekritiske Paus mange ved å vere med på albumet Salmer på veien hjem, der han saman med songarane Kari Bremnes og Mari Boine nytolkar kjende salmar. Initiativet til prosjektet kom frå Erik Hillestad og Kirkelig Kulturverksted. Dette samarbeidet heldt fram i tiåra etter utgivinga. Samarbeidet med både Bjørnstad, Fjeld og Kirkelig Kulturverksted har vore med på å gjere satirikaren Paus varare og varmare.

Andre sjangrar

Paus er mest kjend som viseartist, men har ein omfattande produksjon i andre sjangrar. Mest omfattande utanom musikken er karrieren som revyartist og revyforfattar. Revyen Solstreif (1979), der Paus både var forfattar, komponist og skodespelar, blei også skriven om til fjernsynsserie i 1981. Paus har òg skrive ein libretto. Han har også vore filmskodespelar, blant anna i Upperdog (2009), og musikalskodespelar, mellom anna i ei oppsetning av musikalen Grease i 1984.

Både TV2 og TV3 nytta Paus som talkshow-vert for høvesvis Hjemme hos Paus (1994) og På tide med Ole Paus (1992–1994) då desse kanalane skulle etablere seg som konkurrentar til den tidlegare monopolisten NRK. Paus har òg gitt ut visebøker, romanane Det går en narr gjennom byen med ringlende bjeller (1974) og Endelig alene: en skilsmissehistorie (1984), og diktsamlinga Blomstene ved Amras (2004).

Utmerkingar

Allereie i 1976 fekk Paus sin første Spellemannpris for beste viseplate, i 1998 fekk han juryens heiderspris, og i 2013 blei han Årets Spellemann. Han fekk også Riksmålsforbundets lyttarpris i 1999, Alf Prøysens Ærespris i 1991, Diktartavla i 2006 og æresprisen til Frelsesarmeen, Booth-prisen, i 2013. Paus fekk òg Anders Jahrs kulturpris i 2018, saman med Anne Grete Preus og Kari Bremnes.

Andre album i utval

  • I anstendighetens navn (1976, tildelt Spellemannprisen)
  • Noen der oppe (1982, 14. plass)
  • Svarte ringer (1982)
  • Grensevakt (1984)
  • Stjerner i rennesteinen (1989)
  • Biggles' testamente (1992)
  • Det begynner å bli et liv – det begynner å ligne en bønn (1998)
  • Den velsignede (2000, ellevteplass)
  • En bøtte med lys (2004, tittelsongen blei nummer 2 på Norsktoppen)
  • Sanger fra et hvitmalt gjerde i sjelen (2005, 17. plass)
  • Den store norske sangboka (2007, niandeplass)
  • Paus synger Paus (2009)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bård Ose: «Paus, Ole» i Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen (red.): Norsk pop & rock leksikon. Populærmusikk i hundre år. Oslo 2005
  • Lars Roar Langslet: I kamp for norsk kultur. Riksmålsbevegelsens historie gjennom 100 år. Oslo 1999
  • Terje Nilsen: Beat og piggtråd i Trondheim. En oversikt over grupper og artister fra slutten av 50-tallet til 1970. Trondheim 1991

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg