Faktaboks

Per Olav Kaldestad
Fødd
26. juni 1947, Husnes i Kvinnherad, Vestland
Per Olav Kaldestad.
Av /Cappelen Damm.

Per Olav Kaldestad er ein norsk forfattar, litteraturvitar og organisasjonsmenneske som både skriv, forskar på og formidlar lyrikk for barn.

Bakgrunn

Per Olav Kaldestad er fødd på Husnes i Kvinnherad i Hordaland (no Vestland). Han gjekk på Stord gymnas i 1964–1967. Med faga engelsk hovudfag, norsk mellomfag og allmenn litteraturkunnskap grunnfag vart han i 1975 cand.philol. ved Universitetet i Bergen.

Kaldestad var sivilarbeidar ved Valen sjukehus i Kvinnherad i åra 1975–1976. Han arbeidde ved Holmen videregående skoleTynset i 1977–1978. Fram til 1998 var han førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen Stord/Haugesund (no Høgskulen på Vestlandet). Etter det har han vore forfattar på heiltid.

Forfattarskapen

Skjønnlitteratur og lyrikk

Kaldestad debuterte med lyrikksamlinga Kikkert i 1973. Sidan har det kome både dikt, romanar og skodespel for vaksne. Han har òg ein allsidig produksjon som barne- og ungdomsbokforfattar.

Mange av dikta hans er blitt tonesette og innspela på plater, av mellom anna Draum (poprock-band frå Bergen), Myle (irsk band frå Sunnhordland), Atle Hansen (viserock-songar frå Stord), Vamp, Aftenlandet, Gabriel Fliflet og Annlaug Børsheim.

Barnebøker

Mest kjend er Kaldestad for dei skjønnlitterære barnebøkene sine. Dei er blitt svært populære, og han gir ut bøker i spennet frå biletbøker for dei yngste til spenningsromanar for ungdom. Spenningsromanane har han gitt ut under psevdonymet John Donner. Fleire av barnebøkene hans er diktsamlingar. To av dei mest kjende er den internasjonalt prislønte Sola klappar meg frå 1990 og Når morgonfrosken syng frå 2004.

Saman med ulike illustratørar har Kaldestad gitt ut tre poetiske biletbøker for dei minste: En løvetanndrøm (2006), Med kråkenebb og kråkeføter (2010) og Dronninga kallar (2016). Han har òg skrive skodespel for barn.

Sakprosa

Kaldestad står bak fleire fagbøker om det å skrive for barn. Mellom dei er Diktboka. Om arbeid med poetiske tekstar i skolen. Medforfattar er Hanne Knutsen, og førsteutgåva kom i 1984. I 2008 var Kaldestad medredaktør i Drivkrafta bak teksten. Bidrag til ein norsk barnebokpoetikk. Boka inneheld 30 essay om det å skrive og illustrere for eit ungt publikum.

Han har òg skrive mange essay om litteratur. Dei er samla i bøkene Glade bodskapar (1987) og Den nye lyrikken (1996). Saman med Dag Helleve og Ragnar Hovland har han gitt ut reisebøker frå Canada, USA og fleire europeiske land.

Gjendikting

I tillegg til eige virke som poet har Kaldestad gjort fleire av dei store engelskspråklege diktarane tilgjengelege for eit norsk publikum. Han har gjendikta D.H. Lawrence (1985), W.H. Auden (1995), William Shakespeare (2002), Thomas A. Clark (2007 og 2009), Barry MacSweeney (2010, saman med Oskar Stein Bjørlykke), Patricia Schonstein-Pinnock (2012) og Robert Browning (2014).

Litterære verv og anna engasjement

Kaldestad har heile sitt litterære liv vore engasjert i tidsskrift og organisasjonar for formidling av litteratur. I 1973 var han med og starta det litterære tidsskriftet Tun. Han var medredaktør i tidsskrifta Profil 1975–1977 og Basar 1979–1981. Frå 1996 til 1998 var han formann i Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (NBU), og styremedlem frå 1994 til 2005. Han var styreleiar i Nettverket Ord & Bilde frå 1999 til 2010. Frå 1998 til 2010 var han medredaktør for Årboka Litteratur for barn og unge, og i åra 2012 til 2016 var han styreleiar i Norsk Forfattersentrum.

Utmerkingar

I 1993 fekk Kaldestad tildelt æreslistediplom i klassa for poesi av den europeiske barnebokprisen Premio europeo Pier Paolo Vergerio for Sola klappar meg. Han fekk Samlagsprisen i 1997 og Askeladdprisen i 2001. I 2017 var Kaldestad festivalforfattar under barnebokfestivalen Falturiltu.

Bibliografi

Skjønnlitteratur

  • Når sola kjem dettande inn. Dikt for store og små 1990-2004 (Lyrikk, Wigestrand Forlag, 2017)
  • Dagen er her den dag eg vil (lyrikk og maleri av Rolf Monsen) (Lyrikk, Skildre, 2013)
  • Dropar på strå (Lyrikk, Harpiks forlag, 2005)
  • Svart puls (Lyrikk, Wigestrand Forlag, 2005)
  • Sonettar og songar frå Shakespeare (Dramatikk, Samlaget, 2002)
  • Denne jorda eg bur på (Lyrikk, Samlaget, 1998)
  • Eg høyrer, det seiest (Lyrikk, Samlaget, 1996)
  • Ratatosk (Dramatikk, Samlaget, 1995)
  • Oktober (Lyrikk, Samlaget, 1993)
  • Aasmund Frægdegjæva (Dramatikk, Samlaget, 1992)
  • Så lenge svalene flyg, medforfatter (Dramatikk, Samlaget, 1991)
  • Naken er fjorden (Roman, Samlaget, 1990)
  • Kjærlege posisjonar (Lyrikk, Samlaget, 1988)
  • Når du held om ein draum (Salmer/sanger/viser, Samlaget, 1983)
  • O. Lokaliseringer (Roman, Samlaget, 1981)
  • Ein må ha vinter i sinnet (Lyrikk, Cappelen, 1979)
  • I skuggeland (Lyrikk, Noregs Boklag, 1977)
  • Det er framleis sol (Lyrikk, Samlaget, 1975)
  • Kikkert (Lyrikk, Samlaget, 1973)

Gjendikting

  • Thomas A. Clark: Dei hundre tusen stadene (Gjendiktning, Nordsjøforlaget, 2019)
  • Dikt og dramatiske monologar (Robert Browning) (Gjendiktning, Villanden, 2014)
  • Kenneth Steven: Løynde ting (Dikt for barn og unge, gjendiktning) (Nordsjøforlaget, 2014)
  • Patricia Schonstein-Pinnock: Det ukjende barnet (Gjendiktning, Margbok, 2012)
  • Thomas A. Clark: I den klare lufta (Gjendiktning, Nordsjøforlaget, 2007)
  • W. H. Auden: Sonetter frå Kina (Gjendiktning, Samlaget, 1997)
  • D. H. Lawrence: Dikt i utval (Gjendiktning, Samlaget, 1985)

Barne- og ungdomslitteratur

  • Dronninga kallar. Poetisk forteljing for barn, ill. Hilde Kramer (Barnebok, Cappelen Damm, 2016)
  • Kribledagar. Diktbildebok for barn, ill. Even Bøthun. Medforfattar (Barnebok, Margbok, 2013)
  • Sølvbåt og stjernevind : den nye barnediktboka (Redigert) (Lyrikk for barn og ungdom, Mangschou forlag, 2011)
  • Med kråkenebb og kråkeføter (Lyrikk for barn og ungdom, Cappelen Damm, 2010)
  • En løvetanndrøm (Medforfatter) (Barnebok, Cappelen, 2006)
  • Når morgonfrosken syng (Lyrikk for barn og ungdom, Samlaget, 2004)
  • Liksom for fyrste gong (Ungdomsbok, Samlaget, 1994)
  • Sola klappar meg (Lyrikk for barn og ungdom, Samlaget, 1990)
  • Litt av ein kniv (Barnebok, Samlaget, 1981)
  • Det er kaldt her (Ungdomsbok, Samlaget, 1978)

Sakprosa

  • Waterloo. Ei reisebok frå det indre EU, medforfatter (Sakprosa, Samlaget, 1997)
  • Den nye lyrikken (Sakprosa, Samlaget, 1996)
  • Vegen til Navan. Reisebok frå Irland, medforfatter (Sakprosa, Samlaget, 1995)
  • Langs kvar ein veg. Reisebok frå USA (medf). (Sakprosa, Samlaget, 1992)
  • Glade bodskapar (Essays, Samlaget, 1987)
  • Diktboka. Om bruk av poetiske tekstar i skolen, medforfatter (Sakprosa, Samlaget, 1984)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Birkeland, Tone m.fl.: Norsk barnelitteraturhistorie, 2. utg., 2005
  • Birkeland, Tone (red.): Å skrive for barn. 17 barnebokforfattarar presenterer seg. Oslo 1982.
  • Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 7: Inn i medietidsalderen, 1997

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg