Sandbeck var fødd på Åsta i Åmot kommune. Han hadde inga formell utdanning. Far hans var husmann, skogsarbeidar og politisk engasjert, og det var ein bakgrunn som vart viktig i den kunstnarlege produksjonen til Sandbeck. Han byrja å spele fele i niårsalderen, og dei første dikta skreiv han frå han var tolv år gamal.
Sandbeck starta den litterære karrieren sin med lyrikksamlinga I dørgløtten. Viser og vers i 1954. Dei over 300 visene han har skrive tekst og melodi til, er samla i visesongbøker. Gjennom plateopptak, speling i radio og fjernsyn og mange års turnéverksemd i heile Noreg vart Sandbeck ein vidgjeten visesongar. Han var òg prosaforfattar og har skrive barnebøker og romanar for vaksne, mellom dei ein sjølvbiografisk romanserie på sju band om livet til dei som bur på husmannsplassen Myra.
Miljøet i Østerdalen var viktig for kunstnarkarrieren til Sandbeck. Han ville bu på Åsta, for han såg det lokale som eit sentralt vilkår for kunstnarlivet. Identitet og det å vite kvar ein kjem frå, er noko Sandbeck stadig kjem attende til i diktinga si. Gjennom denne sterke tilhøyrselen vart han ein viktig ambassadør for heimplassen sin. Åmot kommune har oppretta Sandbeckstiftelsen, der målet er å ta vare på den kulturarven som produksjonen til Sandbeck representerer. Sidan 2008 har Sandbeckstiftelsen delt ut Vidar Sandbecks kulturpris, «Regnbågåbrua».
I 1984 fekk Sandbeck Åmot kommunes kulturpris, i 1992 fekk han Spellemannprisen i klassen for visesong og i tillegg Spellemannprisens heiderspris. Han fekk Hedmark fylkes kulturpris i 1994. I 2003 fekk han Alf Prøysens Ærespris, og han vart han heidra med Kongens fortenestemedalje i gull same året.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.