Haugesenteret
Haugesenteret held til i det tidlegare heradshuset i Ulvik.
Haugesenteret
Lisens: CC BY SA 3.0

Haugesenteret er ei avdeling av Nynorsk kultursentrum og ligg i Ulvik i Vestland. Senteret har som oppgåve å formidle lyrikk i mange former og på tvers av språkgrenser, med særleg vekt på lyrikken til Olav H. Hauge.

Bakgrunn

Haugesenteret (tidlegare: Olav H. Hauge-senteret) vart opna 4. september 2014 og ligg i det gamle heradshuset i Ulvik, heimstaden til Olav H. Hauge. Det er eit dokumentasjons- og formidlingssenter for Hauges liv og lyrikk, samtidig som det fremjar lyrikk i mange former gjennom utstillingar, omvisingar og Poesifestivalen, som vert arrangert annakvart år.

Olav H. Hauge var ein av dei fremste og mest folkekjære norske lyrikarane på 1900-talet og er omsett til over tjue språk. Få år etter at han var borte, vart det teke initiativ for å minnast han. Venelaget Olav H. Hauge vart stifta i 1999 og Hauge-stiftinga i 2000. Desse laga var òg pådrivarar i arbeidet med å etablere Haugesenteret og viktige føresetnader for at senteret stod klart berre 20 år etter at Hauge døydde.

Verksemd

Haugesenteret er ein del av Nynorsk kultursentrum, saman med Aasentunet i Ørsta og Vinjesenteret i Vinje. Nynorsk kultursentrum har som føremål å fremje nynorsk skriftkultur, og Haugesenteret legg særleg vekt på lyrikk. I senteret kan publikum sjå Olav H. Hauges boksamling på 6237 band, som Hauge-stiftinga eig. Vidare kan ein lære om Hauges liv og verk gjennom utstillingar og installasjonar. I tillegg har senteret eit lyrikkbibliotek som inneheld lyrikk frå heile verda. Haugesenteret legg òg stor vekt på digital formidling av lyrikkfagleg stoff.

Då senteret vart skipa, overtok det ansvaret for Poesifestivalen, som tidlegare vart driven av Ulvik herad, Venelaget Olav H. Hauge og Olav H. Hauge-stiftinga.

Program

Haugesenteret byr på kulturprogram gjennom heile året, der det presenterer nasjonal og internasjonal poesi gjennom arrangement for ulike aldersgrupper. Senteret lagar opplegg som er særleg tilpassa skuleklassar, men det er samtidig eit ope formidlingssenter. Dei tilsette forskar òg på Hauges dikting og gjer henne tilgjengeleg for publikum på ulike måtar.

Saman med Hardanger Folkemuseum vel Haugesenteret årleg ut ein poet som får si diktartavle i museumstunet på Utne, og senteret administrerer Olav H. Hauge-stipendet til unge lyrikarar, skiftevis på nynorsk og bokmål. Haugesenteret står òg bak det uformelle nettverket «Poetisk tenking», som arrangerer årlege seminar i samarbeid med ulike lyrikkfaglege miljø.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg