Faktaboks

Trond Helleland
Fødd
10. juli 1962, Kvam, Hordaland
Trond Helleland.
Stortinget.

Trond Helleland er ein norsk politikar for Høgre, som er stortingsrepresentant frå Buskerud sidan 1997. Han var parlamentarisk leiar for Høgre 2013–2021 og er sidan 2021 parlamentarisk nestleiar på Stortinget.

Bakgrunn

Trond Helleland er fødd i Kvam i Hordaland (no Vestland) og voks opp i Oslo og i Ål i Hallingdal. Han var elev ved Hallingdal gymnas i 1981 og Concordia College i Moorhead, USA 1981–1982. Han blei cand.mag. med faga statsvitskap, historie og offentleg rett ved Universitetet i Oslo i 1989 og har eksamenar frå eit påbegynt hovudfagsstudium i statsvitskap i 1993. Helleland var reiselivskonsulent i 1995 og konsulent innanfor regional utvikling i Buskerud fylkeskommune i 1996. Han er gift med Linda Cathrine Hofstad Helleland.

Politisk karriere

Helleland var leiar av Ål Unge Høgre 1980–1981, nestleiar i Buskerud Unge Høgre 1983–1984, medlem av Unge Høgres sentralstyrei 1984–1988 og leiar i Unge Høgres Landsforbund 1986–1988. Han var medlem av Høgres arbeidsutval 1986–1988 og av programkomiteen i partiet 1988–1989 og 1995–1997. Han var leiar av Buskerud Høgre 1990–1998 og medlem av sentralstyret i Høgre i 1986–1988 og 1990–1998.

Helleland var bystyrerepresentant i Drammen 1995–1999, medlem av fylkestinget i Buskerud 1987–1995 og medlem av fylkesutvalet 1991–1995. Han var rådgivar for Høgre si stortingsgruppe i 1994 og var vararepresentant til Stortinget 1989–1997.

Helleland har vore stortingsrepresentant frå Buskerud sidan 1997. Han var leiar av justiskomiteen 2001–2005. Frå 2021 er han andre nestleiar i transport- og kommunikasjonskomiteen. Helleland var parlamentarisk leiar for Høgre 2013–2021 medan Erna Solberg var statsminister, og vart parlamentarisk nestleiar i 2021 då Solberg kom tilbake på Stortinget.

Politisk har han mellom anna arbeidd med samferdsel generelt og vegutbygging spesielt.

Andre verv

Helleland var medlem av landsutvalet for tillitsmenn i Forsvaret 1982–1983, landsrådet for LNU 1985–1986, medlem av Sivilforsvarsrådet 1986–1988, medlem av styret i Folk og Forsvar 1986–1992, visepresident i Nordisk Ungkonservativ Union 1987–1989 og nestleiar i DEMYC (Unge Høgres europeiske samarbeidsorganisasjon) 1989–1993.

Han var medlem av Buskerud Reiselivsråd 1987–1993, Kringkastingsrådet 1994–1997, leiar av administrasjonsutvalet i Drammen 1995–1999, medlem i styret for Drammen og Omegn Busslinjer 1996–1999 og leiar i styret for Buskerud Næringsselskap A/S 1999–2001.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg