Linda Cathrine Hofstad Helleland

Faktaboks

Linda Cathrine Hofstad Helleland
Født
26. august 1977, Klæbu, Trøndelag
Linda Cathrine Hofstad Helleland
Av /NTB scanpix.

Artikkelstart

Linda Cathrine Hofstad Helleland er ein norsk politikar for Høgre, stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag og tidlegare statsråd i regjeringa Solberg i periodane 2015–2019 og 2020–2021. Frå 2015 til 2018 var Hofstad Helleland kulturminister, i 2018–2019 var ho barne- og likestillingsminister og i 2020–2021 var ho distrikts- og digitaliseringsminister i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Bakgrunn

Linda Cathrine Hofstad Helleland er fødd i Klæbu (no Trondheim) i Sør-Trøndelag (no Trøndelag). Ho gjekk på Adolf Øiens videregående skole i 1993–1997 og var utvekslingselev ved Walled Lake Central High School i USA i 1994–1995. Ho studerte medievitskap, statsvitskap og sosiologi ved NTNU i 1998–2000, statsvitskap ved Høgskolen i Molde i 2005, leiing og coaching og prosjektleiing ved BI i 2006–2007.

Politisk karriere

Hofstad Helleland var medlem av arbeidsutvalet i Unge Høgre i Klæbu i 1995–1998 og Unge Høgre i Sør-Trøndelag i 1996–1997. I 1997–1998 var ho ungdomssekretær og i 1999–2000 leiar i Sør-Trøndelag Unge Høgre. I 2000–2001 var ho organisasjonssekretær i Unge Høgres Landsforbund.

Ho var medlem av kommunestyret i Trondheim i 1999–2001, 1. nestleiar i Sør-Trøndelag Høgre i 2005–2008, leiar i 2008–2009 og igjen 1. nestleiar frå 2012. Sidan 2004 har ho vore medlem av arbeidsutvalet i Høgre og kvinnepolitisk leiar, og ho har vore medlem av sentralstyret i partiet.

På Stortinget var ho vararepresentant frå 2001 til 2009, men møtte fast for Børge Brende i 2001–2005. I 2007–2008 var Hofstad Helleland informasjons- og presserådgivar for Høgre og for stortingsgruppa til Høgre. Ho har vore vald inn som stortingsrepresentant for Høgre frå Sør-Trøndelag sidan 2009. Ho var medlem av justiskomiteen i 2001–2005, så familie- og kulturkomiteen i 2009–2013 og deretter leiar av transport- og kommunikasjonskomiteen i 2013–2015. Ho er sidan 2019 medlem av næringskomiteen.

Hofstad Helleland var utnemnd til kulturminister i regjeringa Solberg i 2015–2018, var barne- og likestillingsminister 2018–2019, og var frå januar 2020 til oktober 2021 distrikts- og digitaliseringsminister.

Andre verv

Ho var medlem av forstandarskapet for Klæbu Sparebank i 2004–2007, og ho har vore varamedlem i kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og styresmaktene sidan 2006.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg