Rettskrivingsreforma av 2005 gjaldt bokmålet og var ei oppfølging av reforma av 1981.

Det viktigaste føremålet med denne reforma var å oppheve systemet med ein læreboknormal og eit supplerande tilfang av sideformer som skulle vere valfrie for skuleelevar, men ikkje skulle brukast i lærebøker.

I tillegg var det eit mål å redusere valfridommen på den måten at former som var lite brukt i skrift, vart tatt ut av rettskrivinga; det gjaldt særleg radikale former som hadde kome inn i rettskrivinga som eit ledd i tilnærmingspolitikken (sjå samnorsk).

Bakgrunn

I 1981 hadde bokmålet fått ei rettskriving som langt på veg reverserte den språkpolitikken som hadde vore ført tidlegare på 1900-talet, og som hadde hatt gjensidig tilnærming mellom bokmål og nynorsk som mål.

Mange tradisjonelle former som vart assosiert med riksmålsrørsla sin språkvariant, hadde vore utestengt frå den offisielle rettskrivinga sidan 1938, andre hadde vore tillatne for skuleelevar i deira skriftlege arbeid, såkalla sideformer, men ikkje inkludert i læreboknormalen og dermed ikkje tillatne i lærebøker (og i statstenesta).

I 1981 kom mange slike tradisjonelle former inn att i læreboknormalen for bokmål, samtidig som dei tilsvarande radikale formene (tilnærmingsformene) framleis vart ståande som valfrie former i rettskrivinga.

Dette innebar ein uvanleg stor valfridom i bokmålsrettskrivinga, samtidig som dei tradisjonelle formene i stor grad hadde ei overvekt i skriftleg språkbruk. Dermed vart det fram mot tusenårsskiftet aktuelt å redusere denne valfridommen og prioritere dei formene som var mest vanlege i skriftleg bruk. Tilnærmingspolitikken (sjå samnorsk) vart no sett på som mindre aktuell; i staden var det blitt eit hovudprinsipp for språkpolitikken å basere seg på ei varig kløyving av norsk skriftspråk i to målformer: bokmål og nynorsk.

Denne nye språkpolitikken vart formalisert i 2002. Norsk språkråd hadde sidan 1972, da rådet vart oppretta, hatt eit punkt i vedtektene sine om å «støtte opp om utviklingstendenser som på lengre sikt fører målformene nærmere sammen». I 2002 vedtok Stortinget samrøystes å ta dette punktet ut av vedtektene. Da var Norsk språkråd alt i gang med ein gjennomgang av bokmålsrettskrivinga med tanke på ei reform i samsvar med dei nye tendensane i språkpolitikken.

Prosedyre

Frå 1997 av arbeidde bokmålsmedlemmene i fagnemnda i Norsk språkråd med eit framlegg til revisjon av bokmålsrettskrivinga, og på årsmøtet i rådet i 2000 vart eit omfattande framlegg vedtatt. Hovudprinsippet var at alle tillatne former i rettskrivinga skulle jamstillast, slik at distinksjonen mellom hovudformer og sideformer skulle falle bort. Dessutan vart det foreslått å ta ut av rettskrivinga ein del former som var lite brukt i skrift.

Kulturdepartementet gav ei tilbakemelding til Norsk språkråd mot slutten av 2000. Departementet støtta hovudinnhaldet i framlegget frå bokmålsseksjonen, men ønskte ein meir heilskapleg gjennomgang av normalen, og som del av det også ei vurdering av forholdet mellom det offisielle bokmålet og riksmålsrørsla sin normal. Fagnemnda (bokmålsmedlemmene) arbeidde deretter vidare med rettskrivinga på bakgrunn av ein del konkrete spørsmål i brevet frå departementet.

På rådsmøtet i 2003 vart ei større pakke av vedtak lagt fram for bokmålsseksjonen i rådet og vedtatt oversendt til departementet. Nokre supplerande vedtak på konkrete punkt vart gjort av fagnemnda i 2004 og sendt over til departementet utan behandling i samla råd. Frå nyttår 2005 vart så Norsk språkråd nedlagt i den forma rådet hadde hatt, og erstatta med eit nytt organ som hadde fått namnet Språkrådet, med departementsoppnemnt styre, og utan den rådsforsamlinga Norsk språknemnd og Norsk språkråd hadde bestått av.

Tidleg i 2005 godkjente departementet framlegga frå Språkrådet og fastsette at den nye bokmålsrettskrivinga skulle ta til å gjelde frå sommaren det året. For første gong på nesten hundre år var ikkje Stortinget involvert i vedtaksprosessen som låg til grunn for ei rettskrivingsreform.

Innhaldet i reforma

Brosjyre om den nye bokmålsnorma som kom i 2005
Brosjyre om den nye bokmålsnorma som kom i 2005
Av .

Som nemnt vart skiljet mellom hovudformer, som til saman hadde utgjort ein læreboknormal, og sideformer, som hadde vore valfrie for skuleelevar, men ikkje i lærebøker, oppheva. Alle former i rettskrivinga skulle heretter vere jamstilt i alle samanhengar.

Dei konkrete endringane i rettskrivinga kan listast opp slik:

1: Hokjønnsord

I bestemt form av alle hokjønnsord skulle endingane -a og -en no vere jamstilt. Til dømes skulle alle fritt kunne velje mellom bygda og bygden, hytta og hytten. Det innebar ei oppgradering av -en i dei orda der denne endinga hadde vore sideform, som i dei to nemnde orda.

Men det innebar òg ei liberalisering andre vegen, for ord på -ning hadde tidlegare berre hatt hankjønnsbøying (-en), men dei skulle no også kunne bøyast som hokjønnsord på -a, til dømes var bygningen og bygninga jamstilt, like eins setningen og setninga, og holdningen og holdninga. Men ord på -ning som på nynorsk er hankjønn, som personnemningar av typen flyktning og slektning og nokre få andre ord (som allmenning, presenning, terning), skulle framleis vere berre hankjønn også på bokmål (altså berre flyktningen og slektningen og så vidare).

2: Fleirtal av substantiv på trykklett -er

Ord på -er av typen lærer hadde før hovudform på -ere i fleirtal og sideform på -erer: lærere [lærerer]. Denne sideforma er no avskaffa, så alle slike ord skal heretter ha fleirtalsform på -ere: lærere. Ein del ord på -er hadde før fleirtal på -rer som eineformer; der skulle fleirtal på -re no jamstillast, til dømes i somre/somrer/sommere (tidlegare berre somrer), fingre/fingrer (tidlegare berre fingrer) og setre/setrer (tidlegare berre setrer).

3: Fire uregelrette substantiv

I fire uregelrette substantiv har endinga -a blitt jamstilt med -ene i bestemt form fleirtal: feila/feilene, skia/skiene, skoa/skoene, tinga/tingene.

4: Preteritum av sterke verb med -y- i stamma

I preteritum av sterke verb med stammevokalen y hadde former med monoftongen ø og diftongen au vore jamstilt. Døme: brøt og braut av bryte, frøs og fraus av fryse, krøp og kraup av krype, skjøt og skaut av skyte, strøk og strauk av stryke. Formene med au vart no tatt ut or rettskrivinga, mens dei søraustnorske talemålsformene med -øy- vart tillatne i staden (ved sida av tradisjonsformene med ø). Dei nemnde verba har no altså følgjande valfrie former i preteritum: brøt og brøyt, frøs og frøys, krøp og krøyp, skjøt og skøyt, strøk og strøyk.

5: Preteritum av nokre andre sterke verb

I nokre sterke verb vart tidlegare sideformer i preteritum oppgradert til jamstilte former: ba, dro, ga og sto hadde vore sideformer, og bad, drog, gav, stod hovudformer. No er alle desse formene jamstilt.

6: Fortidsformer av ein del svake verb

I ein del svake verb som før hadde obligatorisk -de eller -te i preteritum, er former på -et no tillatne. Døme: bygge – bygde/bygget, kreve – krevde/krevet, streve – strevde/strevet, øve – øvde/øvet. I nokre verb er også -a tillate, som i sprike, som tidlegare berre heitte sprikte i preteritum, men som i den nye rettskrivinga i tillegg har fått sprikte og sprika som valfrie fortidsformer.

7: Kløyvd infinitiv

Kløyvd infinitiv hadde vore tillaten sideform sidan 1938 i bokmål, men vart i 2005 tatt ut av rettskrivinga.

8: S-former av einstavingsverb

I s-former av einstavingsverb vart den tidlegare valfrie endinga -es i infinitiv og presens redusert til -s. Det heiter no derfor berre fås, gis, gås, has og tas, mens ein tidlegare kunne velje mellom desse formene og fåes, gies, gåes, haes og taes. Framleis er ses og sees jamstilt både i infinitiv og presens (preteritum sås/såes), og sies er enno obligatorisk (preteritum saes).

9: Adjektiv og verb med stammeutlyd på diftong

I adjektiv og verb med stammeutlyd på diftong (døme: adjektivet grei og verbet greie) hadde det i visse bøyingsendingar frå 1959 vore valfridom mellom enkel og dobbel konsonant i den vidare rettskrivinga. Læreboknormalen hadde berre hatt enkel konsonant, slik at inkjekjønnsforma av grei berre kunne skrivast greit, mens verbet greie berre kunne ha forma greide i preteritum og greid i perfektum partisipp. Men det hadde funnest tillatne sideformer med dobbel konsonant: greitt, greidde og greidd (som samsvarte med formene i nynorsk). I 2005 vart desse sideformene tatt ut, og greit, greide og greid vart dermed eineformer i den nye rettskrivinga.

10: Enkeltord

Som døme på eldre former som er tatt inn i rettskrivinga att, kan vi nemne desse: syv jamstilt med sju (men tjue og tretti er framleis obligatoriske), hverken jamstilt med verken, mere jamstilt med mer og fler jamstilt med flere. På den andre sida er ein del tilnærmingsformer som har vore lite brukt i skrift, tatt ut. Det gjeld blant andre frå, grøn, lauk, omn, rekne, tal (av desse var frå og lauk sideformer, dei andre jamstilte hovudformer). I 2005-rettskrivinga er dermed fra, grønn, løk, ovn, regne og tall eineformer.

Gjennomføring og resultat

Departementet slutta seg til alle framlegga frå Språkrådet med eitt unntak: Rådet hadde foreslått å jamstille tyve med tjue og tredve med tretti parallelt med jamstillinga av syv med sju. Samtidig hadde rådet gått inn for at den «nye teljemåten» framleis skulle vere den einaste gyldige. Departementet var einig i dette, men meinte at formene tyve og tredve kunne motverke denne teljemåten, i og med at kombinasjonar av typen «tyvefire» og «tredveseks» var svært sjeldsynte i vanleg språkbruk, mens fireogtyve og seksogtredve enno var vanleg i kvardagsleg bruk hos mange. Departementet overprøvde derfor Språkrådet på dette punktet og fastsette at tjue og tretti stadig skulle vere eineformer. Forma syv kan lettare innpassast i den nye teljemåten (trettisyv og jamvel tjuesyv finst såleis i talemålet, i motsetning til «tyvesyv» eller «tyvesju»), og denne forma vart derfor godkjent av departementet.

I all hovudsak bestod revisjonen av bokmålsrettskrivinga i 2005 i at tradisjonelle og framleis vanleg brukte former vart styrka, slik at mange bokmålsbrukarar ikkje opplevde reforma som ei endring i det heile. Dermed gjekk innføringa av reforma i praktisk språkbruk glatt og utan særleg diskusjon.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg