Eksempel på endringar i rettskrivinga for bokmål som vart gjennomført frå 1981
Eksempel på endringar i rettskrivinga for bokmål som vart gjennomført frå 1981
Lisens: CC BY SA 3.0
Protesttog mot samnorsk
Den offisielle rettskrivingspolitikken gjennom det meste av 1900-talet hadde som mål å stimulere ei tilnærming i ordbruk og formbruk mellom bokmål og nynorsk med tanke på ei (fjern) framtidig samansmelting av målformene i eit fellesnorsk eller samnorsk skriftspråk. Tilnærmingspolitikken nådde høgdepunktet sitt med rettskrivingsreforma av 1938. Frå 1950-talet utvikla det seg ei sterk og omfattande motstandsrørsle mot 1938-rettskrivinga, særleg for bokmål. Den sentrale drivkrafta i denne motstandskampen var Riksmålsforbundet, som organiserte store nasjonale aksjonar mot den offisielle språkpolitikken, og sette opp ein eigen språknormal som vart kalla riksmål og inneheldt tradisjonelle former som var tatt ut eller hadde fått redusert status i den offisielle bokmålsnormalen.
Protesttog mot samnorsk
Av .
Riksmål og bokmål

1938-rettskrivinga skapte sterke reaksjonar i delar av samfunnet, særleg i byane. Det gav grunnlag for ei sterk motstandsrørsle mot den offisielle språkpolitikken. Riksmålsforbundet fastla sin eigen rettskrivingsnormal basert på dei tradisjonelle formene i 1917- og 1938-rettskrivingane, og gav denne normalen namnet riksmål til skilnad frå det offisielle bokmålet. Denne normalen, med «faneformer» som nu, efter, sprog, sne, syv, tyve, fekk innpass særleg i skriftmedium på den politiske høgresida, der motstanden mot samnorskpolitikken var sterkast.

Riksmål og bokmål
Lisens: CC BY SA 3.0

Rettskrivingsreforma av 1981 omfatta berre bokmål. Reforma var eit ledd i ei omlegging av den norske språkpolitikken som hadde vore ført gjennom 1900-talet, der målet var å fremje ei framtidig samansmelting av bokmål og nynorsk i eitt fellesnorsk eller samnorsk skriftspråk. Reforma vart førebudd av det nye språkrøktorganet Norsk språkråd, som avløyste det tidlegare organet Norsk språknemnd i 1972, og dei la fram ei innstilling om bokmålsrettskrivinga i 1979. Den vart godkjent av Kyrkje- og undervisningsdepartementet og Stortinget i 1981, og den nye bokmålsrettskrivinga tok til å gjelde i 1982.

Hovudtendensen i 1981-reforma var å ta inn att i læreboknormalen tradisjonelle bokmålsformer som hadde vore tatt ut (eller gjort til sideformer) i 1938 eller 1959. Det gjaldt ikkje minst hokjønnssubstantiv med obligatorisk -a i bestemt form – som no i dei fleste tilfelle igjen skulle kunne få endinga -en jamstilt med -a. Dei radikale formene som var tatt inn som del av samnorskpolitikken, framfor alt i 1938, vart i all hovudsak ståande som valfrie former i 1981-rettskrivinga, som med det fekk atskilleg meir valfridom enn i 1959-rettskrivinga.

Bakgrunn

Den offisielle rettskrivingspolitikken gjennom det meste av 1900-talet hadde som mål å stimulere til ei tilnærming i ordbruk og formbruk mellom bokmål og nynorsk med tanke på ei (fjern) framtidig samansmelting av målformene i eit fellesnorsk eller samnorsk skriftspråk.

Denne politikken vart fremja gjennom ein serie av rettskrivingsreformer i begge målformene der fellesformer i skrivemåten av enkeltord og bøyingsmønster, særleg med grunnlag i folkeleg talemål på Austlandet, gradvis vart innført i dei offisielle rettskrivingsnormalane, mens tradisjonelle former delvis vart tatt ut av rettskrivingane, og delvis fekk ein redusert status i eit system med omfattande valfridom. Desse formene hadde innanfor bokmålet ein høgare prestisje enn folkemålsformene, sidan dei var knytte til eit urbant borgarskap og også vart nytta av større grupper av språkbrukarar som normerte talemålet sitt opp imot ein standard som låg nær det tradisjonelle bokmålet. Det skapte derfor sterke reaksjonar då staten nedgraderte statusen til desse formene til fordel for meir folkelege former som vart sette på av mange som kvardagslege og uformelle.

Tilnærmingspolitikken nådde høgdepunktet sitt med rettskrivingsreforma av 1938. Den påfølgjande tyske okkupasjonen skuva språkstriden til side nokre år, men få år etter frigjeringa utvikla det seg ei sterk og omfattande motstandsrørsle mot 1938-rettskrivinga, særleg frå bokmålshald. Den sentrale drivkrafta i denne motstandskampen var Riksmålsforbundet, som organiserte store nasjonale aksjonar mot den offisielle språkpolitikken, og sette opp ein eigen språknormal som vart kalla riksmål og som inneheldt tradisjonelle former som var tatt ut eller hadde fått redusert status i den offisielle bokmålsnormalen.

Arbeidarpartiet hadde regjeringsmakta i 1950-åra og frametter til 1965, og språkpolitikken hadde basis i dette partiet og dei borgarlege sentrumspartia, mens Høgre var sentrum i motstanden reint partipolitisk. Riksmålsaksjonane mobiliserte likevel langt vidare enn berre blant høgrefolk, og regjeringa tok etter kvart steg i retning av å dempe språkstriden ved å gi konsesjonar til riksmålsrørsla. Det nye normeringsorganet Norsk språknemnd la etter oppdrag frå regjeringa fram ei revidert rettskriving som skulle innebere ei viss modifisering av tilnærminga frå bokmålssida; den vart vedtatt og gjort gjeldande i 1959. Motstanden heldt likevel fram, og regjeringa tok eit steg vidare i 1964 ved å nemne opp ein komité (Vogt-komiteen) som skulle gjennomgå heile språkpolitikken og foreslå endringar som kunne verke meir samlande på alle dei ulike fløyene i striden. Komiteen la fram innstillinga si i 1966. Han rådde til å skifte ut Norsk språknemnd med eit «språkvernråd» som ikkje skulle ha tilnærming som mål, og vurdere om igjen politikken med å ta ut frå rettskrivinga former som var svært vanlege i det normerte talespråket og skriftspråket bokmål/riksmål.

Det var ikkje semje om desse tilrådingane i ordskiftet etter Vogt-innstillinga, men hovudpunkta i tilrådingane frå komiteen fekk etter kvart overtaket i dei vedtaka som følgde i kjølvatnet av innstillinga. I 1970 vart det gjort prinsippvedtak i Stortinget om å erstatte Norsk språknemnd med eit nytt organ, kalla Norsk språkråd. Dette organet skulle liksom Språknemnda vere delt i to seksjonar, éin for kvar av dei to målformene. Det skulle ikkje lenger ha som oppgåve å fremje tilnærminga mellom målformene aktivt, men det vart likevel gjort til ein del av vedtektene at rådet skulle støtte opp om spontane tilnærmingstendensar mellom målformene som viste seg i språkbruken ute i samfunnet.

Norsk språkråd starta verksemda si i 1972, og same året fekk bokmålsseksjonen i rådet i oppdrag å starte gjennomgangen av den offisielle bokmålsrettskrivinga med tanke på ei liberalisering av reglane samanlikna med dei tradisjonelle formene som hadde sin sterkaste posisjon i den uoffisielle riksmålsnormalen.

Prosedyre

Kort tid etter at Norsk språkråd vart nedsett, våren 1972, sette bokmålsseksjonen i rådet ned eit såkalla særutval som fekk i oppdrag å greie ut og førebu ei liberalisering av bokmålsrettskrivinga, med Eyvind Fjeld Halvorsen, professor i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo, som formann. Halvorsen hadde vore formann i bokmålsseksjonen i Norsk språknemnd sidan 1958, og i Språkrådet var han formann i bokmålsdelen av det faste ekspertorganet fagnemnda. Særutvalet kom alt etter éin månad med framlegg om å liberalisere rettskrivinga mellombels for skuleelevar på tre punkt: Dei skulle kunne bruke endinga -en jamsides -a i bestemt form eintal av alle hokjønnsord, -ene jamsides -a i bestemt form fleirtal av alle inkjekjønnsord, og endinga -et i preteritum av ein del verb der -de og -te var obligatorisk, mens -et òg var i bruk «i tale og skrift», som det heitte – utan å få feil for det. Dette godkjente departementet same året, og det gjekk deretter under namnet «liberaliseringsvedtaket». Læreboknormalen vart førebels ståande uendra.

Så gjekk særutvalet i gang med realitetsdrøftingar, og det tok over seks år. Ulike sider av saka vart drøfta av bokmålsseksjonen i plenum fleire gonger. Viktigast i første omgang vart årsmøtet i 1976. Da vart sjølve strukturen i rettskrivinga, med ein læreboknormal med hovudformer og eit tilfang av sideformer som skulle vere tillatne for skuleelevar, drøfta på prinsipielt grunnlag. Seksjonen vedtok da at denne strukturen skulle stå ved lag også i den komande rettskrivinga. I tillegg vedtok seksjonen å foreslå at jamstillinga av -en i hokjønnsord og -ene i inkjekjønnsord i rettskrivinga (men enno ikkje i læreboknormalen) skulle gjerast permanent. Desse vedtaka vart ikkje gjort gjeldande utan vidare, men lagt på vent til heile sakskomplekset var ferdigbehandla og Språkrådet hadde lagt fram eit endeleg forslag.

Dette skjedde på årsmøtet i rådet i 1979. Da hadde særutvalet lagt fram ei tilråding på alle dei relevante punkta, og den vart gjennomdrøfta med avstemmingar på alle punkt, i stor grad ord for ord, på plenumsmøte i bokmålsseksjonen. Dette omfattande vedtaket vart så systematisert og lagt fram for Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Det følgde ein periode med eit intenst offentleg ordskifte om saka.

I vårsemesteret 1981 la departementet fram sine konklusjonar i Stortingsmelding nr. 100 1980-81. Der fekk framlegget frå Språkrådet full tilslutning. I ein stortingsdebatt rett før sommaren vart framlegget samrøystes vedtatt. Den nye bokmålsrettskrivinga vart gjort gjeldande frå sommaren 1982.

Innhaldet i reforma

Det oppdraget Norsk språkråd fekk frå departementet i 1972, var å vurdere og foreslå liberaliseringar innanfor tre område i bokmålsrettskrivinga. Dette gjaldt:

  1. hokjønnsbøyinga
  2. fleirtalsbøyinga av inkjekjønnsord
  3. fortidsbøying av svake verb
  4. Seinare vart eit fjerde område lagt til, nemleg skrivemåten av enkeltord. Vi følgjer denne disposisjonen her.

1 Hokjønnsbøyinga

I rettskrivinga vart endinga -en i bestemt form eintal tillaten jamsides med -a i alle ord der nynorsk hadde -a, altså alle hokjønnsord.

I læreboknormalen vart det ståande om lag 650 ord som framleis skulle ha -a, særleg ord med såkalla særnorsk form, av 1100 ord med obligatorisk -a frå 1938. 450 ord fekk altså jamstilt hovudform på -en, dei fleste av dei vanlege og mykje brukte kvardagsord, som bok og sol. Det hadde frå 1938 heitt berre boka og sola, men frå 1982 kunne ein fritt velje mellom boka og boken, sola og solen. Blant «særnorske» ordformer som no fekk sideform på -en kan ein nemne ku, hytte, jente og øy: kua [kuen], hytta [hytten], jenta [jenten], øya [øyen].

2 Inkjekjønn fleirtal

Endinga -ene i bestemt form fleirtal av inkjekjønnsord vart jamstilt med -a også i dei orda der det ikkje hadde skjedd i 1938, som dyr: dyrene var jamstilt med dyra, som frå 1938 hadde vore eineform.

Berre i barna og beina og nokre få ord med «særnorsk» lydform vart -a verande obligatorisk i læreboknormalen, men ikkje i rettskrivinga: barna [barnene], beina [beinene]. Til gjengjeld vart -a i inkjekjønnsord som enda på vokal, tillaten som sideform, ei av dei få endringane i 1981-reforma som ikkje førte bokmålet nærare Riksmålsforbundets normal: eple skulle i bestemt form fleirtal ha formene eplene [epla], tidlegare berre eplene.

3 Fortidsbøying av verb

I mange svake verb vart det gjort endringar i fortidsbøyinga (det vil seie preteritum og perfektum partisipp, vi siterer her berre preteritumformene).

I ein del slike verb vart tre endingar: -a, -et og -de eller -te jamstilt. Døme: bana – banet – bante (av bane, tidlegare berre bana – bante), dryppa – dryppet – drypte (av dryppe, tidlegare dryppet – drypte), håna – hånet – hånte (av håne, tidlegare berre hånte). I nokre verb gjorde ein det motsette og tok ut tillatne former på -te, -de eller -dde. Døme på det er stansa – stanset (av stanse, tidlegare òg stanste), svaia – svaiet (av svaie, tidlegare òg svaide), og bøyde (av bøye, tidlegare òg sideforma bøydde).

4 Enkeltord

I ei lang rekke enkeltord vart riksmålsnære former jamstilt med tilnærmingsformer. Nokre slike former hadde vore heilt utanfor den offisielle rettskrivinga, som til dømes fjel, frem, krave, multe, syd; dei kom no inn att ved sida av dei tidlegare eineformene fjøl, fram, krage, molte, sør. Andre hadde overlevd i rettskrivinga som sideformer; døme på det er bro, dukke, grøt, gulv, mave, mel, muld, ren, sen. Dei vart no oppgradert til jamstilte hovudformer ved sida av bru, dokke, graut, golv, mage, mjøl, mold, rein, sein.

På den andre sida vart det ikkje gjort endringar i ord som etter, farge, hage, hauk, nå, røyk, sju, snø, språk, stein, tjue og torg. Desse formene vart dermed framleis ståande som eineformer.

Gjennomføring og resultat

Den nye bokmålsrettskrivinga vart gjort gjeldande frå sommaren 1982, på grunn av at forlaga trong eit år på å produsere lærebøker med denne rettskrivinga.

Reforma førte ikkje til store endringar i den faktiske bokmålsbruken, sidan dei formene rettskrivinga inneheldt, i stor grad allereie var vanlege i skriftleg bruk. Men den private riksmålsnormalen skilde seg no ikkje lenger ut frå dei tradisjonelle («moderate») formene i den offisielle bokmålsrettskrivinga i nokon særleg grad. Riksmålsinstitusjonane heldt likevel fast på sin eigen normal, men midt på 1980-talet godtok dei fleire offisielle bokmålsformer som del av denne normalen; det gjaldt former som etter, nå, språk og sjanse, som vart jamstilt med efter, nu, sprog og chanse. Dermed vart det nesten full overlapping mellom det mest tradisjonelle bokmålet og det mest liberale riksmålet. Ei viktig avis for bruken av riksmålsformene, Aftenposten, gjekk da over til å nytte desse offisielle bokmålsformene, som dermed snøgt slo igjennom også i den mest konservative bokmålsbruken.

Dei radikale bokmålsformene var framleis ein del av den offisielle normalen og vart stadig brukt til ein viss grad, men dei fekk ei veikare stilling enn på 1970-talet, først og fremst fordi dei venstreradikale politiske straumdraga som hadde brukt desse formene som språkleg «varemerke», vart veikare utover på 1980-talet. Dermed opplevde fleire enn før at valfridommen i rettskrivinga var større enn formvariasjonen i faktisk språkbruk gav grunnlag for, og utover på 1990-talet vart denne valfridommen eit stridstema innanfor både bokmål og nynorsk – ein situasjon som peika fram mot nye rettskrivingsreformer.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg