Lars Ove Seljestad

Faktaboks

Lars Ove Seljestad
Født
5. mars 1961, Odda, Vestland
Av /Aschehoug.

Artikkelstart

Lars Ove Seljestad er ein norsk sosiolog og forfattar frå Odda.

Bakgrunn

Lars Ove Seljestad er fødd i Odda i Ullensvang i Hordaland (no Vestland). Han blei cand.mag. i 1986 ved Universitetet i Oslo, med faga jus, samfunnsvitskap og filologi. Han blei cand.polit. i sosiologi i 1995 ved Universitetet i Bergen.

Han var stipendiat ved Sosiologisk institutt ved UiB frå 1997 og studerte ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i 2004. Seljestad har allsidig yrkeserfaring, men arbeider mest med forsking og undervisning.

Forfattarskapen

Lars Ove Seljestad. Blind. Cappelen.

Bokomslag
Av .

I 1997 kom Arbeidsløyse som ressurs, basert på hovudfagsoppgåva til Seljestad i sosiologi. Seljestad debuterte som skjønnlitterær forfattar i 2005 med den sosialpsykologiske romanen Blind om klassereisa hovudpersonen Geir Kinsarvik frå Odda gjennomfører frå industriarbeid til akademisk karriere. Med ei blanding av realisme og fantastiske innslag viser romanen skrivekunst på høgt nivå. Seljestad har si eiga røyst, men skildringane gir òg assosiasjonar til Kjartan Fløgstad, Dag Solstad og Frode Grytten.

I 2006 gav han ut Bastard, som er ei samling med tekstar i ulike sjangrar, mellom anna eit essay om klassereise. I 2009 kom oppvekstromanen Frægd. Frægd er det norrøne ordet for ære, og Seljestad skildrar den moderne samtida ut frå ei norrøn forståing av røyndomen. Romanen låner både form- og innhaldselement frå norrøn versediktning, og utmerker seg med sterke verkemiddel og mange stilnivå. Lesaren blir teken med på ordreiser og møter norrøne kvad, sagalitteratur, rap, populære songtekstar og leik med sjangrar.

Romanen Fjorden blei gitt ut i 2011. Klassereise er eit tema også i denne romanen, i tillegg til store spørsmål som livet, døden og det forgjengelege. I Isberg (2012) skriv Seljestad utprøvande prosa i ein liten roman om mellom anna om sorga og sinnet ein ung gut blir råka av da foreldra døyr i eit ras. Isberget er ein metafor for menneskelege kjensler.

I 2013 kom Seljestad med si første diktsamling, Storspring. Eit fabrikkdikt. Sidan har han gitt ut fleire romanar og diktsamlingar. Han har òg skrive noveller i antologien Det er bare å lukke øya (2006).

Anna engasjement og utmerkingar

Seljestad var initiativtakar til og festivalleiar for festivalen Jernrosa Politisk Litteraturfestival i Odda.

Seljestad fekk Odda Mållag sin målpris i 2004. I 2019 fekk han LOs kulturpris 2018 for innsatsen sin med å skrive arbeidarlitteratur og for å løfte arbeiderlitteratur gjennom festivalen Jernrosa.

Bibliografi

  • Lyden av stein som flyttar seg under vatn (Lyrikk, Aschehoug, 2020)
  • Snøen stryk ut alle spor (Roman, Aschehoug, 2019)
  • Ta hand om deg (Roman, Aschehoug, 2017)
  • Kjære bror (Roman, Aschehoug, 2014)
  • Storspring Fabrikkdikt (Lyrikk, Aschehoug, 2013)
  • Isberg (Roman, Aschehoug, 2012)
  • Fjorden (Roman, Aschehoug, 2011)
  • Frægd (Roman, Aschehoug, 2009)
  • Industrispor Fra Melbu til Lindesnes (Sakprosa, Aschehoug, 2008)
  • Bastard (Roman, Cappelen, 2006)
  • Blind (Roman, Cappelen, 2005)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg