Ketil Solvik-Olsen

Faktaboks

Ketil Solvik-Olsen
Født
14. februar 1972, Bryne, Rogaland
/Samferdselsdepartementet.

Artikkelstart

Ketil Solvik-Olsen er ein norsk politikar frå Framstegspartiet (FrP) og tidlegare stortingsrepresentant for Rogaland frå 2005 til 2013. Han var samferdselsminister i regjeringa Erna Solberg frå 2013 til 2018 og nestleiar i Framstegspartiet frå 2013 til 2019 og sidan 2021.

Bakgrunn

Ketil Solvik-Olsen er fødd i Time i Rogaland. Han gjekk på Bryne vidaregåande skule i 1988–1989, var utvekslingselev i Michigan, USA i 1989–1990 og tok IB-linja (International Baccalaureate) ved St. Olav videregående skole i Stavanger i 1990–1992. Han fullførte bachelorgrada si i samfunnsøkonomi og statsvitskap ved University of Toledo i Ohio, USA i 1994–1996 og tok mastergrad i samfunnsøkonomi same staden i 1997. Solvik-Olsen var finansanalytikar ved reiarlaget Leif Höegh & Co i 1997–1998, deretter som prosjektleiar ved Møller US Import AS i 1998–2000 og prosjektleiar hos Leif Höegh & Co i 2000–2001.

Politisk karriere

Verv i FpU og FrP

Han blei aktiv i Framstegspartiets Ungdom (FpU) i 1988–1992 som styremedlem i Time FpU, Jæren FpU og Rogaland FpU. Han var formann i Helsfyr Sinsen Frp i 2002, kassastyrar i Oslo Frp i 2002–2004 og leiar i 2004–2005. Han var vararepresentant i Oslo bystyre i 2003–2005, varamedlem av Frps sentralstyre i 2005–2006 og blei 2. nestleiar i partiet i 2013.

Storting og regjering

Solvik-Olsen var spesialrådgivar for stortingsgruppa til Framstegspartiet i 2001–2005. For periodane 2005–2013 var han stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Rogaland. Som stortingsrepresentant frå 2005 engasjerte Solvik-Olsen seg for det meste i energi- og finanspolitikk. I åra 2005–2011 var han medlem av Stortingets energi- og miljøkomité. Frå 2011 blei han finanspolitisk talsmann for Framstegspartiet, og frå 2011 til 2013 var han første nestleiar i finanskomiteen på Stortinget.

Solvik-Olsen var samferdselsminister i regjeringa Solberg frå 2013 til han flytta til USA i 2018. Av familiære omsyn ønskte ikkje Solvik-Olsen å bli renominert og attvalt som stortingsrepresentant i 2013. Han gjekk òg av som statsråd i 2018 av private grunnar. Etter eit utanlandsopphald kom han tilbake i politikken og vart igjen valt som nestleiar i 2021 under den nye partileiaren Sylvi Listhaug.

Solvik-Olsen var ein av dåverande partileiar Siv Jensen sine næraste og mest fortrulege støttespelarar. Han blir rekna som ein av dei mest kunnskapsrike og debattsterke i partiet, med legning for ideologisk tenking. Solvik-Olsen er både avhaldmann og nært knytt til pinserørsla. Solvik-Olsen arbeider òg for meir ressursar til politi og helseføretak, betre vilkår for industrien og for å redusere bompengefinansieringa.

Solvik-Olsen har vore miljøpolitisk talsmann for Framstegspartiet og kritisk til at miljøproblema er menneskeskapte, men har kome med forslag om å forske på kjernekraft og meir vasskraftutbygging for å få ned utsleppa. Han melde seg ut av statskyrkja i 2010 i protest mot at leiande personar i Kyrkja stod fram og åtvara mot oljeverksemd utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.

Utgjevingar

Solvik-Olsen har gitt ut boka På vei (2019).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg