Jan Tore Sanner

Faktaboks

Jan Tore Sanner
Født
6. mai 1965, Bærum, Viken
Jan Tore Sanner
Av .

Artikkelstart

Jan Tore Sanner er ein norsk politikar for Høgre, som sidan 1993 har representert AkershusStortinget og har vore nestleiar i Høgre sidan 2004. Sanner var statsråd i regjeringa Solberg frå 2013 til 2021, som kommunal- og moderniseringsminister frå 2013 til 2018, kunnskapsminister frå 2018 til 2020 og finansminister frå 2020 til 2021.

Bakgrunn

Jan Tore Sanner er fødd i Bærum i Akershus (no Viken). Han tok vidaregåande skule i 1981–1984, marknadsføringsleiing ved Bedriftsøkonomisk Institutt i 1987, grunnfag i marknadskommunikasjon ved Westerdals Reklameskole i 1989, marknadsøkonomi ved Norges Markedshøyskole (no Høyskolen Kristiania) i 1994 og informasjonskurs ved Forsvarets høgskole i 2011.

Politisk karriere

Sanner har vore politikar sidan byrjinga av sitt yrkesaktive liv, det meste av tida på riksnivå.

Verv i Unge Høgre

Sanner har hatt ulike verv i Høgres, deriblant i toppleiing sidan tusenårsskiftet. Han var leiar i Bærum Unge Høgre i 1985–1986, deretter politisk sekretær i Unge Høgres Landsforbund i 1986–1987 og leiar i Akershus Unge Høgre i 1987–1988. Han vart nestleiar i 1988–1990 og leiar i 1990–1994 av Unge Høgre.

Verv i Høgre og lokalpolitikk

Han var varamedlem i Bærum kommunestyre i 1983–1989 og var informasjonssekretær og politisk sekretær for Akershus Høgre i 1987–1988. Han var valkampsekretær i 1985 og leiar i Bærum Høgre i 1998–2000. Han var medlem av sentralstyret i Høgre i 1988–1994 og Høgres arbeidsutval 1990–1994. Sanner var medlem og 1. nestleiar av programkomiteen til Høgre i 2001–2005, og seinare leiar av komiteen i 2004–2009. I 2004–2008 var han 2. nestleiar i Høgre og er sidan 2008 1. nestleiar i partiet.

Stortinget

Sanner var vararepresentant til Stortinget for Høgre frå Akershus i 1989–1993 og møtte fast i 1989–1990 for statsråd Kaci Kullmann Five. Frå 1993 har han vore innvald som stortingsrepresentant, men møtte ikkje frå 2013–2021 då han sjølv var statsråd i regjeringa Solberg. Sanner har vore medlem av forbrukar- og administrasjonskomiteen på Stortinget i 1989–1990, kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i 1993–1997, nestleiar i energi- og miljøkomiteen i 1997–2001, medlem i den utvida utanrikskomiteen i 2001–2005, valkomiteen i 2001–2013 og finanskomiteen i 2001–2013, der han i 2005–2013 var 2. nestleiar i komiteen. I 2001–2013 var han parlamentarisk nestleiar i Høgre.

I si første tid på Stortinget markerte Sanner seg mellom anna i spørsmål om genteknologi og bioteknologi, der han slutta seg til dei som meinte at Høgre burde innta meir tydeleg restriktive standpunkt. Han var òg oppteken av familiepolitikk og gjekk tidleg inn for innføring av kontantstøtte til barnefamiliar.

Regjering

Frå slutten av 1990-åra vart Sanner mest forbundet med økonomisk politikk, og i 2001 vart han den finanspolitiske talsmannen til partiet. Under Høgre si deltaking i Kjell Magne Bondeviks andre regjering, frå 2001 til 2005, hadde han i oppgåve å skaffe fleirtal for budsjettforslaget frå regjeringa.

Sanner vart kommunal- og moderniseringsminister i 2013 i regjeringa Solberg. Som statsråd for dette feltet vart han særleg forbundet med den store kommune- og regionreforma som vart vedteken av Stortinget våren 2017. I 2018 skifta Sanner departement og vart kunnskaps- og integreringsminister, samtidig som Kunnskapsdepartementet overtok ansvaret for integreringsområdet frå Justisdepartementet. Ved regjeringsomdanninga i 2020 vart Sanner finansminister. Han var òg nordisk samarbeidsminister frå 2018 til 2021.

Andre verv

Sanner har hatt ei rekkje verv, mellom anna som medlem av skuleutvalet ved Oslo Private Gymnas i 1996–1997, medlem av styret i AAYPL (Atlantic Assosiation of Young Political Leaders) i 1997–1999 og leiar for styret i 1999–2001, leiar i styret for Henie Onstad Kunstsenter i 2000–2002, rådsmedlem i Den Norske Helsingforskomiteen frå 1994 og i Én Verden frå 1998, medlem av ICDC (International Committee for Democracy in Cuba) frå 2008 og medlem i styret for Stabæk IF frå 2011.

Utgjevingar

Sanner har vore redaktør for fleire fagbøker, mellom anna om skulepolitikk: Mangfold og valgfrihet fremmer kvalitet i skolen (1995) og Kunnskap, mangfold og valgfrihet (1997).

Utmerkingar

Han fekk Dysleksiprisen tildelt av Telemark fylkeslag av Norsk Dysleksiforbund i 1997.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg