Hallvard Blekastad

Faktaboks

Hallvard Blekastad
Født
1883
Død
1966

Artikkelstart

Hallvard Blekastad var kunstmålar, lærar og hagebrukar – og svært oppteken av norsk språk og åndelege spørsmål.

Han gjekk på friskule hos far sin, Ivar Blekastad, og deretter på framhaldsskule. I 1901 kom han til folkehøgskulen i Ørsta og i 1904–1905 til Askov folkehøgskule i Danmark. Han tok lærarskulen på Elverum 1907–1909 og vart tilsett ved folkehøgskulen på Eidsvoll. Hallvard Blekastad var frå ei slekt med sterke band til folkehøgskule- og ungdomslagsmiljø. Det første teiknekurset tok han våren 1910.

Blekastad debuterte på Vårutstillinga i Kristiania Kunstforening i 1912, i 1913 hadde han bilete på Haustutstillinga. Den første separatutstillinga var på Lillehammer i 1917. Sidan var målinga hovudarbeidet hans.

Våren 1914 reiste Blekastad til Paris og studerte då særleg Henri Matisse og Paul Cézanne. I åra 1920–1922 var han hos Rudolf Steiner i Sveits. Derifrå tok han turar til Tyskland, Italia og Frankrike. I 1925 drog han igjen til Frankrike, og måla hos André Lhote i Paris. Han var i Frankrike – Paris, Vézelay og Cassis-sur-Mer – til 1929, med avbrot for eit opphald i Dresden hausten 1928. Blekastad busette seg fast i Gausdal i 1937.

Påverknad og utvikling

Etter å ha måla ved sida av arbeidet i eit par år, tok han avgjerda om å satse på kunsten, støtta av læremeistrar som Henrik Sørensen, Thorvald Erichsen og Oluf Wold-Torne. Som hospitant ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i 1913–1919 fekk han rettleiing av Hans Ødegaard og Johan Nordhagen. Bileta frå den første separatutstillinga er for det meste stemningsladde landskap frå Nord-Gudbrandsdalen.

Frankrikeopphaldet i 1925–1929 vart ei rik målartid for Blekastad. Bileta er prega av sterke, reine fargeflater og fast komposisjon. Eit døme er «Frå Sør-Frankrike» (1926). I 1930-åra hadde Blekastad ein rik skapande periode. Motiva er mest frå Gausdal, Lom og fjella rundt. I 1937 vart biletet Norig, med motiv frå Lom, stilt ut på verdsutstillinga i Paris. Dette biletet av Fjell-Noreg i tidleg vår er eit av hovudverka hans. Han måla òg gode portrett, som det kraftfulle Gausdøl (1944) og Mari Aukrust (1933). På ei utstilling i 1958 stilte den då 75 år gamle Blekastad ut berre nye bilete, blant dei 18 variantar av Hestbrepiggane. Steinfly, Loshaugen og Portrett av A.M.M. finst på Nasjonalgalleriet.

Antroposofien

Dei åndelege interessene førte Blekastad til Rudolf Steiner i Dornach i Sveits. Antroposofien hadde han møtt gjennom Ingeborg Møller og svogeren Olav Aukrust, som stod han svært nær. Han var med og bygde høgskulen Goetheanum i Dornach. Ei tid prøvde han å måle i samsvar med Steiners kunstsyn, men gav det fort opp.

Språkinteresser

Blekastad var djupt oppteken av landsmålet, samla dialektord og -uttrykk heile livet og var motstandar av rettskrivingsendringane.

Han hadde sterk integritet, og sameina norskdomsmiljøet i heimen med tankane til Steiner og impulsar frå europeisk kunst- og åndsliv. Ideane sine søkte han å realisere både i kunst og liv. I kunsten leitte han etter eit fullgodt personleg uttrykk for ein åndfull visjon av det heimlege landskapet.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Blekastad, Milada: Hallvard Blekastad : glimt frå eit kunstnarliv, 1983
  • Blekastad, Tor: «Barndom i Åndsreppa i Gausdal», Årbok for Gudbrandsdalen 2007. 2007
  • Skedsmo, Tone: «Hallvard Blekastad», Norsk kunstnerleksikon, bd. 1. Oslo 1982

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg