Nigirizushi og gunkanmaki

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Temaki

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Gunkanmaki

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Sushi er ein japansk matrett som består av shari (kokt ris, tradisjonelt tilsett risvineddik, sukker og salt) kombinert med andre ingrediensar kalla neta, som ofte er rå fisk og annan sjømat.

Sushi blir tradisjonelt sett servert saman med soyasaus (murasaki), sylta ingefær (gari), oppkverna japansk peparrot (wasabi) og grøn te (agari). Rå fisk åleine blir ikkje kalla sushi, men sashimi.

Historie

Sushi vart først oppfunnen i Søraust-Asia og spreidde seg så vidare til Sør-Kina, før sushi vart introdusert i Japan. Sushi, slik ein kjenner matretten i dag, har lite til felles med slik sushi tradisjonelt vart laga. Namnet sushi viser også til den tradisjonelle smaken og tillagningsmetoden av sushi. Bokstaveleg talt tyder ordet sushi «sur smak».

Den eldste forma for sushi som er kjent i Japan, blir i dag kalla narezushi. Narezushi blir laga ved at ein pakkar fisk inn rundt fermentert ris, og dermed blir fisken også fermentert. Proteinet til fisken blir brote ned av fermenteringa til aminosyrer, og det er smaken av desse aminosyrene som stod for den sure smaken av tradisjonell sushi. Tradisjonelt sett vart risen kasta, og berre fisken vart eten.

Narezushi utvikla seg vidare til oshizushi i Muromachi-perioden (1336–1573), og det var i denne perioden ein byrja å bruke risvineddik i tillagningsprosessen for å forlengje haldbarheita til risen. For å lage oshizushi blir ris og fisk lagt i ein bambusboks, og deretter blir lokket til bambusboksen lagt på boksen og pressa ned slik at innhaldet blir komprimert. Blokka med ris og fisk blir deretter kutta i mindre rektangulære bitar.

På grunn av bruken av risvineddik kunne ein etter kvart gå heilt bort frå fermenteringsprosessen og enda til sist opp med nigirizushi, som er sushi slik ein kjenner han i dag. Oppfinnaren av nigirizushi, Hanaya Yohei (1799–1858), ønskte å skape ein type «fastfood» som både kunne tillagast og etast raskt med berre fingrane, og dermed gjekk ein bort frå fermenteringa av ris og fisk.

Typar

Det finst ei rekkje ulike typar sushi, både tradisjonelle typar som er populære i Japan, og moderne vestlege typar som er spesielt utbreidde i USA og Canada.

Nigirizushi

Nigirizushi

Nigiri er ein av dei vanlegaste sushi-bitane og består av ei skive fisk eller skaldyr på toppen av ein fast, avlang risball. Nigiri blir ofte laga med laks, kamskjel, torsk, kveite, kokt scampi eller tunfisk.

Nigirizushi
Lisens: CC BY SA 3.0

Nigirizushi er ein avlang risball som er mindre enn lengda til ei handflate, tradisjonelt med ein topping (neta) kutta i ei tynn skive. Vanlege neta er ulike typar rå fisk, rå og kokte skaldyr og japansk omelett.

Makisushi

Makisushi er ein sylinderforma rull som tradisjonelt blir kutta i seks eller åtte bitar. Makisushi består av eit tynt flak av nori (ein type sjøalge) på utsida og ris og ulike ingrediensar i midten av rullen. I tillegg til nori kan makisushi nokre gonger vere rulla inn i tynn omelett eller agurk kutta i tynne lag.

Hosomaki

Hosomaki er ein tynn versjon av makisushi og har tradisjonelt berre éin ingrediens i tillegg til ris i midten. Hosomaki blir vanlegvis kutta i seks bitar. Tradisjonell hosomaki er mellom anna kappamaki med agurk, tekkamaki med rå tunfisk og nattomaki med fermenterte soyabønner.

Futomaki

Futomaki er ein tjukk versjon av makisushi og har tradisjonelt sett fleire ingrediensar i midten av rullen, i tillegg til ris. Futomaki blir ofte laga utan kjøtt og fisk og er eit godt alternativ for vegetarianarar. I nokre tilfelle blir det brukt fiskerogn eller opphakka tunfisk i futomaki.

Temaki

Temaki, populært kalla hand roll på engelsk, ser ut som eit lite kremmarhus med nori på utsida og er omtrent ti centimeter lang. Temaki blir ete med hendene, sidan det er vanskeleg å plukke biten opp med spisepinnar. Ferskvassål (anago) og saltvassål (unagi) er vanlege ingrediensar i temaki.

Uramaki

Uramaki er ein makirull som har risen ytst og nori-flaket rulla rundt ingrediensane i midten slik at det er lite synleg. Uramaki er ikkje spesielt populært i Japan, men har til gjengjeld vorte svært populært i Vesten, sidan mange menneske i USA og Canada ikkje var spesielt positivt innstilt til å ete sjøgras. Det blir ofte blanda sesamfrø inn i risen i denne typen makirull.

Gunkanmaki

Gunkanmaki er ein type nigirizushi der risballen har eit lag nori bretta rundt seg slik at ein får eit holrom på toppen som ein kan fylle med topping. Populære fyll for denne typen sushi er lakserogn (ikura), fermenterte soyabønner (natto) og kråkebolle (uni).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg