Øyvind er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Ey-vindr. I dette toledda namnet tyder forleddet kanskje ‘lykke’. Etterleddet tyder ‘sigerherre’.

Namnet har fleire variantar: Eivin, Eivind, Eivinn, Ejvind, Eyvin, Eyvind, Eyvinn, Øivin, Øivind, Øivinn, Øyvin, Øyvind, Øyvinn.

Namnedag er 26. august. Eivind og Even har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Øyvind

Kulturell bruk

  • Øyvind i Bjørnstjerne Bjørnsons «En glad gut» (1860).

Kjende personar med namnet Øyvind

Eit utval personar med namnet Øyvind, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 13 684 menn i Noreg som hadde Øyvind som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Øyvind var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 10 gutar som fekk namnet Øyvind.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Øivind og Øyvind (lite brukt på 1800-talet) slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Øivind vart tatt i bruk som eit historisk-litterært namn i siste del av 1800-talet, og ein viktig grunn til populariteten var truleg guten Øivind i Bjørnsons forteljing «En glad Gut» (1860). Namnet kan dermed knytast til den nordiske namnerenessansen. Øivind med [øi] samsvarer med tidlegare rettskriving (før 1938), og Øivind hadde naturleg nok ein tidlegare toppfase enn Øyvind. På 1900-talet fekk varianten Øyvind kraftig stigning frå 1930-åra og namnet var på topp 1980–1984 samtidig med det relaterte Eivind.

Utvikling i bruk av namnet Øyvind frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Øyvind frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Øyvind på 1800-talet.

Øyvind var klart mest brukt i Kristiania og Bergen. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Øyvind fyrst innpass i byen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Øyvind på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Øyvind var klart mest brukt i Kristiania og Bergen. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Øivind.) Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Øyvind fyrst innpass i byen.

Historisk bruk av namnet Øyvind
Historisk bruk av namnet Øyvind
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg