Faktaboks

Per Øyvind Heradstveit
Fødd
26. mai 1932, Skjold (no Vindafjord), Rogaland
Død
11. mai 2004, Oslo
Verke
Journalist og kringkastingsmann
Familie

Foreldre: Gårdbruker Arne A. Heradstveit (1899–1972) og Ingrid Nedrebø (1905–88).

Gift 1956 med Regina Urszula Włodarek (19.8.1928–), datter av godseier Władysław Włodarek (1891–1941) og hustru Jadwiga (1905–99).

Per Øyvind Heradstveit

Per Øyvind Heradstveit i 1960-åra. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Per Øyvind Heradstveit
Av /NTB Scanpix ※.

Per Øyvind Heradstveit var ein norsk journalist, kringkastingsmann og forfattar. Han var blant NRK sine mest kjente og markante personligheter fra 1960-årene og fremover. Han har vore kalla den første «revolverjournalisten» i Noreg.

Bakgrunn

Per Øyvind Heradstveit var fødd i Skjold (no Vindafjord) i Rogaland og døydde i Oslo. Han var bror av statsvitaren Daniel Heradstveit. Han voks opp i Vikøy i Hardanger, tok examen artium ved Voss landsgymnas i 1951 og vart cand.mag. frå Universitetet i Oslo i 1962.

NRK-karriere

Heradstveit byrja i NRK som programsekretær i 1956, var knytt til fjernsynet frå 1961, var redaksjonssekretær i Opplysningsavdelinga frå 1972 og programredaktør frå 1983. I 1987–1992 var han korrespondent i London og i 1992–1996 programredaktør i Faktavdelinga i fjernsynet.

Som fjernsynsreporter var han pågåande, stilte kritiske spørsmål og har vore kalla vår første revolverjournalist. Sjølv kalla han intervjuforma for «det kontroversielle intervju». Denne intervjuteknikken, som var ny for NRK, dyrka han mellom anna i programmet «Åpen post» (1966–1971, saman med Kjell Arnljot Wig).

Andre programseriar med Heradstveit på 1970-talet som òg fekk mykje merksemd, var «Kveldsforum» og «På sparket». Noko seinare markerte han seg med program om menneskesinnet, om psykiske problem, samlivsvanskar, alkoholisme og sjølvmord. Han dekte elles mange av dei store politiske sakene i samtida.

Heradstveit var ein uvanleg språkmektig journalist som intervjua på fleire språk. Språk hadde han studert i Dijon i Frankrike, i Hamburg, Mainz, Moskva og Roma, og han hadde vore norsk lektor ved Lycée Corneille i Rouen i 1959–1960. I NRK brukte han nynorsk, bøkene skreiv han på bokmål.

Virke som pensjonist

Etter at han slutta i NRK i 1996, vart han redaktør i Faktum Forlag. I 1997–2000 var han leiar for Statens IT-forum for eldre. Som pensjonist jobba han òg med Treffpunkt, ei nettavis for eldre.

Utgjevingar

Heradstveit gav ut over 20 bøker om vidt ulike emne. Mellom anna skreiv han om dei hemmelege tenestene, om Kong Haakon og Kong Harald, om Einar Gerhardsen og hans menn, om Lars Korvalds politikk og kall, og om historia til verksemda Norsk Data. Heradstveit skreiv mellom anna bøkene Hemmelige tjenester (1973), De medskyldige: Israelsk etterretning og mordet på Lillehammer (1974), Spionasje og infiltrasjon i industrien (1976), Einar Gerhardsen og hans menn (1981) og En liten mikrofon i en stor verden (1992).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hans Fredrik Dahl og Henrik G. Bastiansen: Over til Oslo. NRK som monopol 1945–1981. Oslo 1999
  • Ketil Jarl Halse og Helge Østby: Norsk kringkastingshistorie. Oslo 2003
  • Per Øyvind Heradstveit: Ett minutt til sending. Tanker og tvil om TV. Oslo 1970
  • Per Øyvind Heradstveit: En liten mikrofon i en stor verden. Oslo 1992

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg