Even er eit mannsnamn som kjem av norrønt Ey-vindr. I dette toledda namnet tyder forleddet kanskje ‘lykke’. Etterleddet tyder ‘sigerherre’.

Uttrykket Even Beinlaus har vore brukt i uttrykk om vinden, til dømes når døra går opp av seg sjølv: «Der kjem han Even Beinlaus».

Namnedag er 26. august. Eivind og Øyvind har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Even

Kulturell bruk

  • Frå midten av 1900-talet hadde NRK-mannen Halfdan Hegtun nokre radioprogram der han opptredde som den humoristiske totningen Even Brattbakken.

Kjende personar med namnet Even

Eit utval personar med namnet Even, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 7 934 menn i Noreg som hadde Even som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Even var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 157 gutar som fekk namnet Even, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Even hadde den fyrste toppfasen innanfor perioden 1800–1829, og i 1995–1999 fekk namnet ein ny topp.

Utvikling i bruk av namnet Even frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Even frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Even på 1800-talet.

Even var mest brukt i Hedmark og Oppland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Even på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Even var mest brukt i Hedmark og Oppland. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Evend.)

Historisk bruk av namnet Even
Historisk bruk av namnet Even
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg