Øivind er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Ey-vindr. I dette toledda namnet tyder forleddet kanskje ‘lykke’. Etterleddet tyder ‘sigerherre’.

Namnet har fleire variantar: Eivin, Eivind, Eivinn, Ejvind, Eyvin, Eyvind, Eyvinn, Øivin, Øivind, Øivinn, Øyvin, Øyvind, Øyvinn.

Kjende personar med namnet Øivind

Eit utval personar med namnet Øivind, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 368 menn i Noreg som hadde Øivind som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Øivind og Øyvind (lite brukt på 1800-talet) slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Øivind vart tatt i bruk som eit historisk-litterært namn i siste del av 1800-talet, og ein viktig grunn til populariteten var truleg guten Øivind i Bjørnsons forteljing «En glad Gut» (1860). Namnet kan dermed knytast til den nordiske namnerenessansen. Øivind med [øi] samsvarer med tidlegare rettskriving (før 1938), og Øivind hadde naturleg nok ein tidlegare toppfase enn Øyvind. På 1900-talet fekk varianten Øyvind kraftig stigning frå 1930-åra og namnet var på topp 1980–1984 samtidig med det relaterte Eivind.

Utvikling i bruk av namnet Øivind frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Øivind frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg