Faktaboks

Øyvind Nordsletten
Fødd
1. juni 1944, Time, Rogaland
Øyvind Nordsletten.
Øyvind Nordsletten.
Av /NTB.

Øyvind Nordsletten er ein norsk diplomat. Han blei erklært uønskt i Sovjetunionen i 1984, men kunne vende tilbake som ambassadør til Russland etter 2000.

Bakgrunn

Nordsletten er fødd på Bryne i Time i Rogaland. Han er utdanna ved Forsvarets russiskkurs, ved Universitetet i Oslo og tok aspirantkurset til den norske utanrikstenesta.

Karriere

Nordsletten har vore tilsett i utanrikstenesta sidan 1974. I utanrikstenesta har han mellom anna har vore byråsjef og avdelingsdirektør, og han har hatt fleire stillingar ved norske utanriksstasjonar. I kjølvatnet av Treholtsaka blei han i 1984 erklært uønskt i Sovjetunionen.

Nordsletten var den første norske ambassadøren til Ukraina og Belarus i perioden 1992–1996. Han vart utnemnd til ambassadør til Den russiske føderasjonen i 2000. Etter ønske frå dåverande utanriksminister Jonas Gahr Støre blei Nordsletten sitjande i denne stillinga heilt fram til 2008, altså lenger enn det som er vanleg praksis i Utanriksdepartementet.

Stillingar i utanrikstenesta

  • Ambassadør i Kyiv 1992–1996
  • Ekspedisjonssjef for internasjonale saker ved Statsministerens kontor 1998–1999
  • Ambassadør i Moskva 2000–2008
  • Ambassadør i Dublin 2008–2011
  • Generalkonsul i Murmansk 2011–2013

Språk- og kulturarbeid

Saman med kona, Åslaug Undheim, fekk Nordsletten i 2008 Time kommune sin kulturvernpris for å ha restaurert det hundre år gamle huset Arkjå. Han har òg fått Time mållag sin målpris (2003).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg