kornisk

Kornisk språkområde 1300–1750 i Cornwall/Kernow. Frå 1300-talet utgjorde det korniske språkområdet ein gradvis mindre del av fylket, som vist på kartet. Språket levde lengst i Penwith/Pennwydh, som grovt svarar til det lysaste området nede i sørvest.
Kornisk
Av /Allkunne.
Skilt på engelsk og kornisk i kystbyen Looe i Cornwall. Omsett til norsk står det «Velkomen til Looe».
Av .
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Artikkelstart

Kornisk er eit keltisk språk som er ei grein av den indoeuropeiske språkfamilien. Det blir i hovudsak brukt i Cornwall i Storbritannia. Kornisk døydde ut kring år 1800, men stod opp att på 1900-talet. Talet på folk med kornisk som førstespråk er usikkert, men ligg truleg kring 500. To–tre tusen menneske meistrar kornisk som andrespråk.

Faktaboks

Også kjent som

Cornish (engelsk), Kernewek (kornisk)

Etymologi

frå engelsk Cornish, avleidd av første del av stadnamnet Cornwall

Uttale

kˈårnisk

Språkkoder
kw, cor (KW, COR)
ISO-639:3
cor

Sidan 2002 har kornisk hatt status som minoritetsspråk i Storbritannia, verna av Den europeiske pakta om regions- språk eller minoritetsspråk.

Fylket Cornwall heiter Kernow på kornisk, og språket heiter Kernowek. Ein person frå Cornwall heiter Kernowes (fleirtal Kernowesow) i hokjønn og Kernow (fleirtal Kernowyon) i hankjønn. Hovudstaden i fylket heiter Trûrû på kornisk og Truro på engelsk. Fylket har valspråket «Ein og alle» – 'Onen hag oll' på kornisk og 'One and all' på engelsk.

Språkfamilie

Kornisk er eit keltisk språk, og dei keltiske språka utgjer ei grein av den indoeuropeiske språkfamilien.

Kornisk høyrer til dei den britanniske greina av dei øykeltiske språka saman med walisisk og bretonsk. Den andre greina av øykeltisk er gælisk med irsk, skotsk-gælisk og mansk.

Dei britanniske språka blir òg kalla p‑keltisk og dei gæliske q‑keltisk, fordi den urkeltiske konsonanten */kʷ/ blei til /p/ i britannisk og til /k/ i gælisk. 'Hovud' heitte */ˈkʷennom/ på urkeltisk, og tabellen nedanfor viser kva dette ordet blei til i ulike øykeltiske språk:

urbritannisk: */ˈpenn/

  • walisisk: /ˈpen/ pen
  • kornisk: /ˈpen/ penn og /ˈpedn/ pedn
  • bretonsk: /ˈpen/ penn

gamalirsk: /ˈkenn/ cenn

  • irsk: /ˈkʲɑːn/ ceann
  • skotsk-gælisk: /ˈkʲɑun/ ceann
  • mansk: /ˈkʲɑːn/ kione

Språkhistorie

Vi kan dele kornisk språkhistorie i fire periodar:

  • gamalkornisk, 800–1200
  • mellomkornisk, 1200–1600
  • tidleg nykornisk, 1600–1800
  • sein nykornisk, 1900 til i dag

Gamalkornisk er kjent frå merknader i margen på latinske tekstar, mellom anna 961 ord skrivne inn i eit latinsk-gamalengelsk glossar frå kring år 1000.

Mellomkornisk er først og fremst kjent frå diverse «mirakelspel», spel som byggjer på bibelforteljingar eller helgenvita, til dømes Beunans Meriasek ('Livet til St. Meriasek'), skrive kring 1504. Reformasjonen var ikkje til hjelp for kornisk. Bibelen og bønebøker blei omsette til walisisk, men ikkje til kornisk.

I den tidlege nykorniske perioden prøvde fleire å redde språket ved å skrive tekstar, mellom anna Nebbaz Gerriau dro tho Carnoack ('Nokre ord om kornisk'), skriven mellom 1675 og 1708 av Nicholas Boson (1624–1708). Den walisiske naturhistorikaren, botanikaren, språkforskaren og geografen Edward Lhuyd (1660–1709) var i Cornwall/Kernow i år 1700 og utforska kornisk, og arbeidet hans har vore verdifullt for den moderne oppattlivinga av språket.

Død og oppstode

Ved katedralen i den korniske hovudstaden Truro/Trûrû blir gjestene ønskte velkomne på ti språk (den engelske versjonen står øvst på skiltet og er ikkje kome med på dette fotoet), også kornisk, med «Ny a'gas dynergh» ('Vi helsar dykk')
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Før den angelsaksiske busetjinga, som tok til på 400-talet evt., var Storbritannia truleg reint keltisktalande. Britanniske språk blei tala frå Skottland til Cornwall/Kernow. Eit mogleg unntak er det piktiske språket i Skottland, som døydde ut tidleg i mellomalderen.

Angelsaksarane busette seg stadig lenger vestover, og på 800-talet var bruken av kornisk meir eller mindre avgrensa til det moderne fylket Cornwall/Kernow. Frå 1300-talet utgjorde det korniske språkområdet ein gradvis mindre del av fylket. Språket levde lengst i Penwith/Pennwydh, som grovt svarar til det lysaste området nede i sørvest.

Dolly Pentreath (1692–1777) frå Paul (tidlegare Brewinney) / Breweni – ein landsby 3 km sør for byen Penzance/Pennsans – blir ofte rekna som den siste kjende talaren av tidleg nykornisk, og dødsdagen hennar blir gjerne rekna som dødsdagen til kornisk. Men truleg blei språket nytta til inn i 1790-åra, mellom anna i landsbyane Mousehole/Porthrenys og Marazion/Marhasyow. Det skal ha vore folk som kunne føre enkle samtalar på kornisk heilt fram til 1890-åra, og korniske fiskarar kunne telje på kornisk fram til 1930-åra.

Kring år 1900 oppstod det eit ønske om å vekkje til live det korniske språket att, og Handbook of the Cornish Language, som den korniske keltologen Henry Jenner (1848–1934) gav ut i 1904, var viktig for revitaliseringsarbeidet. Det har vore ein del usemje om forma på oppattliva kornisk – skulle det byggje på mellomkornisk eller tidleg nykornisk? Ikkje uventa har det òg vore ein del diskusjon om korleis språket skal uttalast – ikkje så rart med tanke på at språket var bortimot heilt dødt i over hundre år.

I 2005 blei det skipa eit kornisk språksamlag – «Keskowethyans an Taves Kernewek» – som i 2007 la fram ei ny rettskriving, Kernowek Standard ('standard kornisk'). Målet var å kome fram til eit kompromiss som alle kunne semjast om, og ein valde å basere standarden på eit spel skrive på sein mellomkornisk frå 1611, Gwreans an Bys (The Creacon of the World) ('Skapinga av verda') av William Jordan. Denne nye rettskrivinga blir nytta i skulen, i offisielle dokument og på vegskilt.

Det er kring 500 førstespråkstalarar. Dei har vakse opp i heimar der foreldra, som var andrespråkstalarar, snakka kornisk til ungane sine. I 2010 opna den korniske barnehagerørsla, «Mowyans Skolyow Meythrin», den første korniskspråklege barnehagen.

Språksystem

Konsonantmutasjon

Som andre keltiske språk har kornisk såkalla konsonantmutasjon fremst i ordet, styrt av grammatikken.

Kornisk og bretonsk er meir kompliserte på dette punktet enn andre keltiske språk, med fire mutasjonar. Ein av mutasjonane blir kalla lenisjon (svekking), som mellom anna inneber at når den bundne artikkelen, an, står framfor eit substantiv i hokjønn eintal eller hankjønn fleirtal, gjennomgår konsonanten fremst i substantivet endringar som desse: b > v, m > v, d > dh, g > null, p > b, t > d, k/c > g. Når den bundne artikkelen derimot står framfor eit substantiv i hankjønn eintal eller hokjønn fleirtal, er det ingen mutasjon.

Sjå desse døma, der ein ser mutasjonar i an vowes og an vebyon:

Ubunden ‘ ’ Bunden ‘ ’
Hankjønn eintal mab ‘ ein gut’ an mab ‘ sonen’
Hokjønn eintal mowes ‘ ei jente’ an vowes ‘ jenta’
Hankjønn fleirtal mebyon ‘ søner’ an vebyon ‘ sønene’
Hokjønn fleirtal mowysy ‘ jenter’ an mowysy ‘ jentene’

Setningsstruktur

Fleire særdrag ved kornisk grammatikk kan illustrerast med denne setninga:

  • Nyns eson ny ow prenassa i'n shoppa bian na fella.
  • 'Vi handlar ikkje lenger i den vesle butikken.'

Nyns ('ikkje') står framfor verbet eson ('vi er'), som er følgt av pronomenet ny ('vi'). Så følgjer ow prenassa, som er presens partisipp av prenassa ('handle'). Deretter kjem i'n, som er ein preposisjon som tyder 'i', følgt av ei forkorta utgåve av den bundne artikkelen an. Shoppe er eit substantiv som tyder 'butikk'. Bian er eit adjektiv som tyder 'liten', og endeleg tyder na fella '(ikkje) lenger'.

Heile setninga kan med andre ord setjast om med «Ikkje er vi handlande i den butikk liten lenger». Kornisk er, som vi ser, eit VSO-språk – eit språk der verbet kjem først (eventuelt med nekting og pronomen føre), og så følgjer subjekt, objekt og andre ledd. I ein nomenfrase står adjektivet etter substantivet: an shoppa bian ('den vesle butikken'), ord for ord: 'den butikk liten'.

Lånord

Det ser ikkje ut til at nokon korniske ord har kome inn i norsk språk, men det finst fleire i engelsk, ofte knytte til livet ved havet. Fiskenamnet wrasse 'leppefisk' (familien Labridae) kjem av ein variant av det korniske ordet gwragh /ɡʷræx/, som også tyder 'leppefisk'. Den opphavleg tydinga er 'heks' eller 'hurpe', men gwragh er òg det korniske ordet for 'skrukketroll' (eit lite krepsdyr som lever på land).

Det er ofte ikkje så lett å avgjere om eit lånord kjem frå kornisk eller walisisk, fordi dei to språka er nære slektningar. Det engelske ordet gull ('måke'/'måse') kjem frå eit britannisk språk (sjå avsnittet «Språkfamilie»), men ein veit ikkje sikkert om det kom frå kornisk gwilan eller frå walisisk gwylan, som begge tyder 'måke'/'måse'. (Det gamle germanske arveordet for 'måke'/'måse' i engelsk er mew, som kjem av gamalengelsk mǣw, som igjen er i slekt med norrønt már og norsk måke/måse.)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ray Chubb: Skeul an Tavas. A Cornish Language Coursebook for Adults in the Standard Written Form with Traditional Graphs. 2nd ed. Penzance 2010
  • Ray Chubb: Skeul an Tavas. A Cornish Language Coursebook for Schools in the Standard Written Form. 2nd ed. Penzance 2010
  • Ray Chubb: Skeul an Tavas. A Coursebook in Standard Cornish. 2nd ed. Penzance 2013
  • Ken George: An Gerlyver Meur. Cornish-English, English-Cornish Dictionary. 2nd ed. Penzance 2009
  • Henry Jenner: A Handbook of the Cornish Language. Chiefly in its latest stages with some account of its history and literature. Hamburg 2017. (Første gong utkomen i London 1904.)
  • John Page: Cornish Grammar For Beginners. 6th ed. Penzance 2002
  • Harry Styles: Kynsa Mil Er yn Kernewek. First Thousand Words in Cornish. Penzance 2014
  • Nicholas Williams: Desky Kernowek. A complete guide to Cornish. Cathair na Mart 2012

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg