Felleskjønn er eit genus (grammatisk kjønn) som har oppstått ved samanfall av hokjønn (femininum) og hankjønn (maskulinum). Felleskjønn finst i variantar av norsk der det heiter både en bil og en bok.

Faktaboks

Etymologi
omsetjing av latin genus commune 'felles kjønn'
Også kjend som

genuscommune

utrum

Felleskjønn blir òg kalla (genus) utrum og (genus) commune.

Felleskjønn er kjent frå ein del germanske språk, der det står i motsetnad til inkjekjønn (nøytrum). Det gjeld særleg nederlandsk, frisisk og nokre variantar av svensk, dansk og norsk.

Eldre germanske språk og eldre indoeuropeiske språk hadde tre genus — hankjønn, hokjønn og inkjekjønn — som framleis finst i dei germanske språka tysk, jiddisk, nedertysk, islandsk, færøysk og mange variantar av norsk, svensk og dansk, pluss i mellom anna slaviske språk og gresk.

Felleskjønn i nordiske språk

Substantiva bil, bok/bog og hus illustrerer systemet med to genus i moderat bokmål, svensk og dansk;

Moderat bokmål
FELLESKJØNN INKJEKJØNN
en liten bil, en liten bok et lite hus
bilen min / min bil, boken min / min bok huset mitt / mitt hus
bilen er min, boken er min huset er mitt
Svensk
FELLESKJØNN INKJEKJØNN
en liten bil, en liten bok ett litet hus
min bil, min bok mitt hus
bilen är min, boken är min huset är mitt
Dansk
FELLESKJØNN INKJEKJØNN
en lille bil, en lille bog et lille hus
min bil, min bog mit hus
bilen er min, bogen er min huset er mit

Norsk

Mens norsk tradisjonelt har tre genus, der bil er ein hankjønnsord og bok eit hokjønnsord, har moderat bokmål arva dansk felleskjønn.

Svensk

Mens den svenske standarddialekten, rikssvenska, har felleskjønn, har andre svenske dialektar har stort sett halde ved lag tre genus. Mange stader, mellom anna i Värmland, heiter det en bil / bilen, e bok / boka og ett hus / huset.

Dansk

Togenus-systemet i den danske standarddialekten, dansk rigsmål, byggjer på dialekten i København. Andre danske dialektar på Bornholm, Sjælland (utanom København), Falster, Lolland, Langeland, Fyn, Nordjylland og Djursland har tre genus. På tradisjonelt sjællandsk er den ubundne artikkelen inʲ i hankjønn og en i hokjønn — til dømes inʲ hunˀ / hunˀinʲ 'ein hund / hunden' og en hɔnˀ / hɔnˀǝn 'ei hand / handa'.

Meir om felleskjønn i norsk

Nokre variantar av norsk har eit felleskjønn som skil seg i nokre detaljar frå det ein finn i moderat bokmål. Det oppstod i andre halvdel av 1900-talet og har spreidd seg til bymål over heile landet. Det er også i vanleg bruk i bokmål:

felleskjønn intetkjønn
en liten bil, en liten bok et stort hus
bilen min / min bil, boka mi / min bok huset mitt / mitt hus
bilen er min, boka er min huset er mitt

Substantiv som opphavleg var hokjønnsord, endar på -a i bunden (bestemt) eintal, som boka. Dette inneber ikkje eit skilje mellom hankjønn og hokjønn, for genus er definert på grunnlag av samsvarsbøying i adjektiv og determinativ, ikkje på grunnlag av bøying av sjølve substantivet. Skilnaden på bilen og boka har blitt ein skilnad i bøyingsklasse mellom to typar substantiv med felleskjønn.

Det etterstilte possessivet mi i boka mi er ein siste rest av hokjønn, men kan truleg analyserast som ei særskild form av possessivet som blir nytta etter bunden (bestemt) eintal på -a.

Felleskjønn i nederlandsk

Nederlandsk har felleskjønn og inkjekjønn, som viser seg ved forma på den bundne (bestemte) artikkelen i eintal:

  • Felleskjønn: de man 'mannen', de vrouw 'kvinna', de auto 'bilen'
  • Inkjekjønn: het boek 'boka', het huis 'huset'

Adjektivet har også genus-kongruens. Når eit felleskjønnssubstantiv står i eintal og har ubunden (ubestemt) artikkel, har det suffikset -e, i motsetnad til inkjekjønnssubstantiv:

  • Felleskjønn: een goede man 'ein god mann', een goede vrouw 'ei god kvinne', een goede auto 'ein god bil'
  • Inkjekjønn: een goed boek 'ei god bok', een goed huis 'eit godt hus'

Felleskjønn i frisisk

Også frisisk har dei to genusa felleskjønn og inkjekjønn, her illustrert med vestfrisisk. Akkurat som i nederlandsk viser dei to genusa seg ved både den bundne (bestemte) artikkelen og adjektivet. Frisisk har den bundne artikkelen de i felleskjønn og it i inkjekjønn:

  • Felleskjønn: de man 'mannen', de frou 'kvinna', de auto 'bilen'
  • Inkjekjønn: it hûs 'huset', it boek 'boka', it bern 'barnet'

Når eit adjektiv er det einaste som står fram eit substantiv, endar det på -e i felleskjønn og har inga ending i inkjekjønn:

  • Felleskjønn: goede molke 'god mjølk', goede wyn 'god vin'
  • Inkjekjønn: goed bier 'godt øl', goed iten 'god mat'

Utviklinga av felleskjønn i dansk

Det danske systemet med felleskjønn og inkjekjønn oppstod i seinmellomalderen i to område, ⑴ København og Amager, ⑵ Øst- og Sønderjylland bortsett frå Djursland. Overgangen frå tre til to genus i desse to områda har truleg skjedd uavhengig av kvarandre, men er begge stader eit resultat av påverknad frå mellomnedertysk.

Frå midt på 1300-talet og fram til 1500-talet budde det mange i København som snakka nedertysk – den gongen eit språk med høg prestisje. Mellomnedertysk (1150–1600) — som moderne nedertysk — hadde tre genus, men fleire determinativ hadde same form i hankjønn og hokjønn, mellom anna den ubundne artikkelen ên 'ein, ei, eit' og eigedomspronomen som mîn 'min, mi' og dîn 'din, di'. Dei hadde same form som dei danske hokjønnsformene en 'ei', min 'mi' og din 'di', som blei felleskjønnsformer i dansk. Dei danske hankjønnsformene inʲ 'ein', minʲ 'min' og dinʲ 'din' gjekk av bruk i København og Amager, men levde vidare på resten av Sjælland og andre stader.

Desse endringane i talespråket var ikkje synlege i skriftspråket, sidan determinativa i hankjønn og hokjønn blei skrivne likt, trass i ulik uttale. I skriftspråket var det berre pronomena hand / hannem (han / honom) og hun / hende (ho / henne) som viste kva genus substantiva hadde. Denne skilnaden var i bruk fram til kring 1600, og var gjennomført i den første danske bibelomsetjinga, Christian 3.s bibel frå 1550, der til dømes hankjønnsordet haffue (hage) – som i den haffue Eden (Edens hage) – blir omtalt med pronomena hand / hannem og hokjønnssubstantivt arck (ark, som i Noas ark) er omtalt med pronomena hun / hende.

Rundt 1600 blei demonstrative den teke i bruk som pronomen i felleskjønn, bortsett frå ved menneske, og da forsvann skiljet mellom dei gamle genusa hankjønn og hokjønn. Erik Pontoppidan den eldre (1616–1678) skriv i sin Grammatica Danica frå 1668 – den første trykte danske grammatikken – at det berre var folk i lågare sosiale lag som nytta hand / hannem og hun / hende i staden for den, som innebar at dei framleis skilde mellom genusa hankjønn og hokjønn.

I norsk har innføringa av felleskjønn skjedd på ein annan måte, ved at den som pronomen i felleskjønn til erstatning for han og ho har skjedd før innføringa av felleskjønn ved adjektiv og determinativ. Jamvel i nynorsk er bruken av pronomenet den ikkje uvanleg.

Utviklinga av felleskjønn i svensk

I den første svenske bibelen, Gustav Vasas bibel frå 1541, er det berre pronomena i 3. person eintal som viser at det svenske skriftspråket skilde mellom genusa hankjønn og hokjønn. På same vis som i den danske Christian 3.s bibel frå 1550 ser ein at han / honom og hon / henne blir brukt med tilvising til alle substantiv i høvesvis hankjønn og hokjønn. I 1. Mosebok viser honom til hankjønnsord som Lustgården (Edens hage), og hon til hokjønnsord som duffwan (dua) og marken (marka).

Dette var vanleg i svensk talespråk og skriftspråk på 1500- og 1600-talet, bortsett frå i dokument frå hoffet, kanselliet og den høgre adelen, der den tidleg blei teke i bruk som felleskjønnspronomen for anna enn menneske. På 1700-talet fekk den større utbreiing i skrift, og førte til samanfall av hankjønn og hokjønn i felleskjønn.

Det gamle skiljet mellom han og hon blei framleis nytta «av personer vilkas språk varit mer eller mindre starkt påvärkat av hembygdens munart», som Svenska Akademiens ordbok uttrykkjer det i artikkelen om han. I dei fleste svenske dialektar lever framleis skiljet mellom genusa hankjønn og hokjønn.

Felleskjønn i bergensk

Dialekten i Bergen skil seg frå alle andre norske dialektar ved at hankjønn og hokjønn fall saman i felleskjønn på same tid som i København, slik at ein fekk former som en dag / dagæn og en bok / bokæn.

Skiljet mellom hankjønn og hokjønn ved adjektiv og determinativ blei borte i tidsrommet frå 1300-talet til 1500-talet. Deretter fall skillet bort ved pronomena, ved at han blei teke i bruk som felleskjønnspronomen ved omtale av anna enn menneske:

  • Kjyræn, han e stor 'kua, ho er stor'
  • Kjærkæn, han e gammæl 'kyrkja, ho er gamal'

Dette systemet er det same som ein finn i nederlandsk, der hij / hem (han / honom) blir nytta om felleskjønnsord som ikkje viser til menneske. Også frisisk brukar stort sett hy / him (han / honom) ved felleskjønnsord som ikkje viser til menneske.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg