halvemål

Nordfjord er eit av dei områda i Noreg der halvemålet var i bruk hos eldre folk heilt opp til 1980-talet. Biletet her er frå Breng seter ved Lovatnet, Loen i Nordfjord.

Av /Kunnskapsforlagets arkiv ※.

Halvemål er eit lydleg særdrag som finst i nokre nordvestlandske kystmål. Det gjeld dialekter på Sunnmøre og i delar av Sunnfjord og Nordfjord. Særdraget halvemål går ut på at ein tek bort h-lyden i framlyd av eit ord som har ein vokal rett etter denne h-en. I tillegg set ein inn ein ny h i ord som begynner på vokal, og der denne h-lyden ikkje høyrer heime frå før.

Faktaboks

etymologi:

kanskje eigentleg alvemål, det vil seia det målet som alvane brukte

Døme på halvemål er det såleis når språkbrukaren seier av og est for hav og hest, og høy for øy og hinkje for inkje. Ei setning med halvemål kan høyrast ut som dette: «Esten as ans sto i esinje as alvar å åt øy» = «Hesten hans Hans stod i hesja hans Halvard og åt høy».

Fenomenet, som også er blitt kalla «kråkemål», finst også i det tradisjonelle Älvdals-målet i Sverige. Halvemål er også eit særdrag i cockney-dialekten i East End i London. Der lever dette fenomenet friskt og frodig den dag i dag.

Trykket er viktig i halvemålet

Setninga ovanfor om hesten er ikkje eit fullgodt døme på bruk av halvemål. Det viser seg at halvemålet ofte heng saman med i kva grad dei aktuelle orda har trykk eller ikkje. Det er då slik at ord som tek til med vokal, får innsett ein h framfor vokalen når ordet får trykk og skal understrekast (døme øy blir høy). Når derimot eit ord byrjar med h (døme hest), fell denne lyden bort når det er dette ordet som får trykk og skal understrekast (hest blir est). Halvemålet har altså dobbelt sett av somme ord, ei form til vanleg bruk og ei anna form når ordet skal ha sterkt trykk. Dette prinsippet er elles velkjent nok i dialektene. Mange dialekter har to former av somme pronomen, ei form for sterkt trykk og ei for svakt trykk, jamfør døme frå austlandske dialekter: «ja, henne kjenner je godt», trykksterk pronomenform, hokjønn og «snart reiser a» (= snart reiser ho) trykksvak pronomenform, hokjønn.

Den som har høyrt halvemål levande i bruk, vil ha lagt merke til at dette fenomenet kjem sterkast fram når folk er oppøste, når dei tek til å tala med store bokstavar. Også her kan halvemålet forklarst med trykkforholda i setninga. Ei setning som bli sagt på ein roleg og venleg måte, har ikkje bruk for halvemål, og lyder kanskje slik: «Du e kanskje so go at du gjere det?» Men blir same setninga sagt som ein ordre med trykk på første verbet, får me halvemål: «No he du so go at du gjere det! Eller so hut!» = «Nå er du så god at du gjer det! Eller så ut!»

Tallause er alle dei rispene og hermene som går på folkemunne for å gje døme på kor rart dette fenomenet halvemål er. Halvemål i litterær og religiøs tekst er som regel overdrive, og tidt konstruerte døme. Ein nordfjording som ville uttrykka seg noko høgtideleg, skal ha sagt: «o hægtestand, o hægtestand, du øyst lyksalig hest!» = «O ektestand, o ektestand, du høyst lykksalig est». Kjend er også dømet om mannen som i forsamlinga spurde om «hannj kunnje få hore (ordet ordet) lite grand». På ein gravstein på Borgund kyrkjegard skal denne innskrifta ha funnest: «Hinkje øppa du meir , og hinkje plukka du bloma på markjinje meir.»

Alv Muri fortel om ein mann som nytta halvemålet. Denne mannen var frå Haram, men budde på Åse. Han hadde lært seg ein regel som lydde slik: «De ‘kje å i Håse, men i Aram» = «Det er ikkje h i Åse men i Haram».

Halvemålet blir borte

Halvemålet i dei norske dialektane som har hatt fenomenet, har hatt svært negativt ry, og har vore brukt til lått og spe. Difor er det heller ikkje mykje å finne att av dette draget i dialektene i dag, heller ikkje i sentralområda for fenomenet, Sunnmøre, Sunnfjord og Nordfjord. Men så seint som på 1970- og 1980-talet kunne ein høyra halvemålet i bruk hos eldre folk i Jølster og i Breim og Gloppen.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Muri, Alf G. Nordal 1977: Språket i Møre og Romsdal – tre kvister eller ei grein? I: Snorre Evensberget (red.) I: Bygd og By i Norge. Møre og Romsdal. Oslo: Gyldendal. (Side 348–357).
  • Sandøy, Helge 1990: Nordvestlandsk. I: Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store dialektboka. Oslo: Novus. (side 68–74).
  • Ølmheim, Per Arvid: Talemål og skriftmål (Sogn og Fjordane) 1980. I: Snorre Evensberget (red.): Bygd og By i Norge. Sogn og Fjordane. Oslo: Gyldendal. (Side 399–409).

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg