Telemarksavisa

Telemarksavisa

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Telemarksavisa er ei lokalavis som kjem ut i Skien. Avisa blei grunnlagd 1. oktober 1921 og er eigd av Amedia AS. Avisa dekkjer det tidlegare fylket Telemark, og er den største avisa i området.

Faktaboks

Også kjent som
TA, Telemark Arbeiderblad

Avisa blei grunnlagd som Telemark Arbeiderblad. Banda til Arbeidarpartiet, som før var svært tette, er for lengst løyste, og avisa endra namn då det formelle samarbeidet tok slutt.

Skien er den einaste byen i landet med to jamstore aviser. TA og Varden har tevla side om side, og veksla om å vere størst.

Historie

I 1908 blei Bratsberg Demokraten etablert som «organ for Bratsberg amts arbeiderparti» i Skien. Omkring 1920 var Arbeidarpartiet inne i sin mest radikale periode, og mange i Telemark var misnøgde med den moderate linja til Bratsberg Demokraten. Etter eit forsøk med ei fellesavis med Vestfold kom det første nummeret av Telemark Arbeiderblad (TA) ut i Larvik 1. oktober 1921. Alt 1. januar året etter blei avisa overført til Fremtiden i Drammen. Dårlege kommunikasjonar og skral økonomi førte til nedlegging i 1922. Arbeidarpartiet likte dårleg å stå utan avis i Telemark – og partiet på Notodden tok på seg ansvaret for utgivinga. Då partiet i 1923 blei splitta på nytt, braut kommunistane ut og overtok Bratsberg Demokraten, som etter mange vanskar gjekk inn for godt i 1929.

Økonomien var eit konstant problem for avisa på Notodden. Det var han òg for Telemark Social-Demokrat i Porsgrunn, grunnlagd i 1922 og overteken av Arbeidarpartiet i 1926. Då sosialdemokratane og Arbeidarpartiet året etter gjekk saman, var også dei to avisene slått saman, og Telemark Arbeiderblad etablerte seg i Skien. Partiet hadde no eit talerøyr som dekte heile fylket, og partiet sentralt støtta drifta. I løpet av kort tid fekk avisa eige trykkjeri i eigne lokale. Olav Vegheim blei tilsett som redaktør i april 1928 og sat til 1940.

Kort etter at tyskarane okkuperte landet i 1940, overtok NS lokala, og personalet blei spreidd for alle vindar, men etter kapitulasjonen var medarbeidarane raskt tilbake, og alt 11. mai 1945 var avisa i gang att. Ein hemsko var lenge at TA blei rekna for å vere eit «menighetsblad» – styrt av partiet og med mange og lange referat frå ulike partilag. Knut Kvigne var ein omstridd redaktør, entusiastisk til samnorsk, men skeptisk til Sosialistisk Folkeparti. Etter nokre sterke utsegner ei oppheta valnatt i 1961 måtte han gå. Haakon Lie «kalla» Alf Skaaum til jobben, og han sat som redaktør i 22 år.

I 1960-åra blei det gjort store investeringar mellom anna i det tekniske utstyret, men det kosta. Med dårlegare tider gjekk annonseinntektene drastisk ned. I 1991 måtte 33 medarbeidarar gå. Det førte til mykje intern strid. Noko drastisk måtte gjerast. Bindinga til Arbeidarpartiet blei oppløyst og namnet endra til Telemarksavisa. I 1990-åra steig opplaga att. Nettutgave (ta.no) blei etablert hausten 1996. Ringen blei slutta då pressa blei seld og trykkinga overført til Larvik frå 1996 – byen der avisa såg dagens lys i 1921.

Fakta

  • Telemark Arbeiderblad, 1.19.1921 – 25.5.1926.
  • Telemark Social-Demokrat, 25.8.1922 – 23.3.1923 og 8.11.1923 – 20.11.1926, fortsatte som Telemarks Arbeiderblad: fyrste nr. 23.11.1926, stanset 30.11.1940.
  • Utkom under tittelen Telemarks Blad, 28.9 – 19.10.1940. Første nr. etter krigen 11.5.1945.
  • Endret namn til Telemarksavisa, 1.8.1995.

Opplag

År Opplag
1932 3000
1950 8184
1954 13 054
1960 16 236
1970 20 531
1983 27 570
1990 25 447
1998 22 256
2008 22 282
2020 23 218

Til og med 2008 gjeld opplagstala for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg