Unni Wikan

Faktaboks

Unni Wikan
Født
18. november 1944, Ibestad, Troms og Finnmark
Unni Wikan (2016)
Unni Wikan i 2016.
Av /Justis- og beredskapsdepartementet.
Lisens: CC BY NC 2.0

Artikkelstart

Unni Wikan er ein norsk sosialantropolog. Ho er professor emerita i sosialantropologi, spesialist på leveviset til kvinner i muslimske land og omstridd bidragsytar i den norske integreringsdebatten.

Bakgrunn

Unni Wikan er fødd på Ibestad i Troms. Ho studerte sosiologi i Oslo, sosialantropologi i Bergen og arabisk i Kairo, og var tilsett ved Universitet i Bergen og Noregs allmennvitskaplege forskingsråd i 1970–1980. I 1980 tok ho doktorgraden ved Universitetet i Oslo og var professor i sosialantropologi same staden frå 1987 til 2014.

Forsking

Unni Wikan
Unni Wikan
Av /NTB scanpix.

Wikan har gjort storparten av forskinga si i Midtausten og Asia. Ho har konsentrert seg om kvinner sitt daglegliv og har brukt deltakande observasjon for å bli kjend med dei. Ho er oppteken av at sosialantropologar må gå bak kulturen for å forstå kva som motiverer folk sine handlingar. Ho slår fast at alle inngår i ein kultur, men ingen er identisk med kulturen.

I Kairo fekk Wikan innsyn i korleis fattige kvinner takla kvardagen. Feltarbeidet i Oman, som munna ut i doktoravhandlinga, er ein studie av kjønnsroller. På Bali lærte ho om strategiar for å leve opp til kravet om kulturell harmoni.

Samfunssdebattant

I fleire tiår har Wikan hatt tydelege meiningar om norsk integreringspolitikk. Ho har forsvart minoritetsungdomar sin rett til å velje ektefelle og livsstil, og har kritisert politikarar og ekspertar for å skugge unna undertrykkjande tradisjonar i innvandrarmiljø. I bøker og andre medium har ho drøfta det kollektive æresomgrepet som legitimerer vald mot kvinner, og ho seier at storsamfunnet sviktar kvinnene dersom vi ikkje tek æresvald på alvor.

Utgivingar

  • Fattigfolk i Cairo (1976)
  • Behind the Veil in Arabia. Women in Oman (1980), doktorgradsavhandlinga
  • I morgen, hvis Gud vil… Kvinneliv i Cairos bakgater (1983)
  • Managing Turbulent Hearts (1990)
  • Mot en ny underklasse (1995)
  • Generous Betrayal. Politics of Culture in the New Europe (2002)
  • For ærens skyld. Fadime til ettertanke (2003)
  • Medmennesker. 35 år i Kairos bakgater (2004)
  • Om ære (2008)

Prisar

I 2004 fekk ho Fritt Ords Pris for å løfte fram verdikonfliktar i det fleirkulturelle Noreg.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg