Faktaboks

Terence O'Neill

Terence Marne O'Neill

Fødd
11. september 1914
Død
12. juni 1990
Statsminister Terence O'Neill i 1966

Terence O'Neill var den fjerde statsministeren i Nord-Irland for Ulster Unionist Party frå 1963 til 1969. Som dei andre statsministrane i perioden 1921–1972 var han også med i Orangeordenen. I statsministerperioden hans byrja the Troubles, den valdsprega tretti år lange konfliktperioden fram til langfredagsavtala i 1998.

O’Neill er særleg kjend for forsøk på økonomisk modernisering og svært varsame reformar. I faglitteraturen har han vorte svært ulikt omtala: I nokre høve som ein misforstått liberal reformator som møtte mykje motstand frå både borgarrettsaktivistar, Orangeordenen og andre tradisjonelle unionistar; i andre høve som ein livsfjern snobb eller som ein reaksjonær.

Familie, bakgrunn og utdanning

Våpenskjoldet til lord O'Neill of the Maine.
Våpenskjoldet til Lord O'Neill of the Maine.

Lady Annabel Crewe-Milnes og kaptein Arthur O’Neill fekk sonen Terence O’Neill i London 10. september 1914. Han var tredje son og yngst av fem sysken, og vart fødd inn i ei anglikansk anglo-irsk slekt som høyrde til dei politiske og sosiale elitane i det koloniale Irland i fleire hundre år. Han var ein direkte etterkomar etter Arthur Chichester, som var «grunnleggjar» av settlarkolonialismen i Irland, og i slekt med både Churchillfamilien og Peelfamilien, som båe fostra leiande britiske statsmenn. Morfaren var liberal tilhengjar av irsk heimestyre og britisk generalguvernør for Irland under William Gladstone sin statsministerperiode, og farfaren var leiande unionist i Tory-partiet. Faren, kaptein Arthur O’Neill, representerte valkrinsen Mid Antrim i Westminsterparlamentet, og var den fyrste MP-en som døydde i kamp under fyrste verdskrigen. Då var Terence O’Neill eit par månader gamal. Nokre år seinare, i 1922, gifta mora hans seg med den britiske konsulen i Addis Abeba, Etiopia.

Dei fyrste sju leveåra budde Terence O’Neill ved Hyde Park i London, i eit hus drive av ein tenarstab på ti personar som var finansiert av morfaren, markien av Crewe. Skulegangen hadde han på engelske privatskular, blant anna den mest eksklusive av alle britiske kostskular, Eton College. Feriar tilbragte han på familieslottet Shane’s Castle i Antrim, Nord-Irland. Etter skulegangen arbeidde han i Frankrike, Tyskland, i London og ein kort periode som Aide De Camp (personleg assistent) for den britiske guvernøren i Sør-Australia.

Krig, militær teneste og ekteskap

Etter offisersutdanning vart han kalla til teneste som kaptein i det sosialt prestisjetunge lette infanteriregimentet Irish Guards under andre verdskrigen. Der tenestegjorde han som etterretningsoffiser. I kampane nær Nijmegen (Nederland) vart han skadd i september 1944, og krigsinnsatsen tok då slutt. To av brørne hans døydde under kamphandlingar i andre verdskrigen.

I 1944 gifta Terence O’Neill seg med Katharine Jean, og året etter busette dei seg i Nord-Irland. Dei fekk ein son i 1945 og ei dotter i 1947.

Politisk karriere

I november 1946 vart Terence O’Neill vald frå valkrinsen Bannside til Belfastparlamentet. Fordi han ikkje hadde motkandidat, var det ingen som røysta – einekandidaten vart kåra som valvinnar. Det same skjedde ved dei fem fylgjande vala, til og med 1965. Han vart også attvald i 1969, men med færre røyster enn dei to motkandidatane fekk til saman, og han trekte seg i 1970. I det påfylgjande suppleringsvalet i valkrinsen vann den sterkaste kritikaren av Terence O’Neill på den unionistiske sida, Ian Paisley.

Vegen til statsministerposten

O’Neill utmerkte seg blant unionistpartirepresentantane i Belfastparlamentet, og vart lyfta inn i regjeringsapparatet til statsminister Basil Brooke. Han var statssekretær for helse og lokalstyre i 1948–1953, før han var innanriksminister ein kort periode i 1956 og finansminister frå 1956 til 1963. Nord-Irland var då i vanskelege tider på grunn av sterkt fall i sysselsettjinga i skips- og tekstilindustrien og i jordbruket. Langt høgare arbeidsløyse enn resten av Det foreinte kongeriket og tendensar til at ein del av protestantiske arbeidarklassen slutta opp om andre parti enn Ulster Unionist Party, skapte utfordringar for unionistpartiet. IRA sin grensekampanje – Operasjon Harvest (1956–1962) ebba raskt ut, fyrst og fremst på grunn av at republikanarane ikkje greidde å mobilisera støtte i den nasjonalistiske delen av folket. Det tradisjonelle svaret på republikansk væpna opprør – arrestasjonar og internering – gjorde difor at unionistpartiet greidde å gjenskapa kontroll, ro og orden i åra føre O’Neill vart statsminister.

Då han avløyste den helsesvake Basil Brooke som statsminister i 1963, hadde O'Neill difor tilsynelatande eit godt utgangspunkt. Då han gjekk av som statsminister våren 1969, hadde unionistpartiet, regjeringa og politistyrkane mista kontrollen i krysspresset mellom omfattande reformkrav frå ulike delar av ei massemobiliserande borgarrettsrørsle på den eine sida og sterke krefter blant unionistane som ikkje var viljuge til å etterkoma sentrale reformkrav.

Økonomisk modernisering, symbolske reformar og tilsidesetjing av nasjonalistiske krav

Terence O’Neill satsa sterkt på økonomisk modernisering. Dette skulle skje ved å lokka utanlandsk kapital til å etablera seg i Nord-Irland og ved å satsa tydeleg på samfunnsplanlegging, særleg når det galdt kommunikasjonar, utdanning og byutvikling. Dette var ein regional variant av læra til økonomen John Maynard Keynes, og sentral i satsinga var ein seksårsplan frå 1964. Den skulle motverka industrikonsentrasjon i Belfast, gje infrastruktur-utbygging, ha eit bustadbyggingsprogram og gje nye vekstsenter som mellom anna femna om oppbygging av ein ny stor by. Det skulle også byggjast eit andre universitet i Nord-Irland og skje omlegging til ein sentralisert og rasjonell offentleg administrasjon. I tillegg gjennomførde han ei tilnærming til den nasjonalistisk dominerte all-irske fagrørsla Irish Congress of Trade Unions frå 1964. Dette var kontroversielt i unionistpartikrinsar.

Regjeringa O’Neill lukkast med å få fleire internasjonale storselskap, blant desse dekkprodusenten Michelin og det kjemiske industrikonsernet Du Pont, til å etablera oppunder 35000 arbeidsplassar i Nord-Irland. Til trass for dette vart arbeidsløysa svært høg. fordi gamle etablerte industrigreiner skrumpa kraftig inn, og landbruket sysselsette langt færre. Få nye arbeidsplassar vart dessutan etablert vest for elva Bann, der nasjonalistane stor sett var i fleirtal.

Symbolske gestar møtte unionistisk motstand

O’Neill gjennomførde symbolske gestar som vart tolka som tilnærming til nasjonalistane. Då pave Johannes Paul XIII døydde i juni 1963, sende O’Neill kondolanse til den katolske kardinal Conway, og han vitja katolske kyrkjer og skular. I januar 1965 inviterte han den irske statsministeren Sean Lemass til Belfast. Lemass vart møtt med snøballkasting på bilane og protestar frå tilhengjarane av Ian Paisley. I februar same år vitja O’Neill Sean Lemass i Dublin. Desse vitjingane var dei fyrste sidan tidleg på 1920-talet. Skepsisen til slike kontaktar var sterk i mange unionistkrinsar, og ved ei av 12. juli-markeringane til Orangeordenen i grevskapet Tyrone i 1967 vart til dømes ein av dei folkevalde støttespelarane til Terence O’Neill jaga frå podiet og sparka medvitslaus av andre Orangeordenmedlemer. Slike handlingar frå statsministeren auka nasjonalistiske forventningar om politiske reformar av den unionistiske eittpartistaten, på den andre sida var dei ringjande alarmklokker for dei mest kompromisslause unionistane.

Terence O’Neill nytta også fullmaktslova Special Powers Act til å forby Ulster Volunteer Force (UVF) i 1966 etter at dei kunngjorde krig mot det då nesten ikkje-eksisterande IRA og tok livet av tre personar utan band til politisk eller paramilitær verksemd.

Avgjerder som provoserte det nasjonalistiske mindretalet

I statsministerperioden stod O’Neill si regjering også bak avgjerder som det nasjonalistiske mindretalet tolka som provokasjonar. Til dømes at Nord-Irlands andre universitet fekk hovudcampus i Coleraine, der unionistane var i fleirtal, og ikkje i (London)Derry, der eit klårt fleirtal var nasjonalistar. Dessutan fekk den nyplanlagde storbyen namnet Craigavon. Den vart såleis oppkalla etter visegreve Craigavon (James Craig), den sterkt antinasjonalistiske unionistpolitikaren og den paramilitære organisatoren som var fyrste statsminister i Nord-Irland. O’Neill vegra seg også i det lengste mot å etterkoma reformkrava frå ulike borgarrettsrørsler frå 1964 heilt til seint i 1968, og politistyrkane vart endå tydelegare dominert av unionistar i statsministerperioden hans.

Unionistpartiet fragmentert; optimisme snudd til motvilje

I statsministerperioden fragmenterte Ulster Unionist Party og få år etter var det delt i tre parti; Alliance Party of Northern Ireland, Ulster Unionist Party og Democratic Unionist Party Fragmenteringa var synleg iallfall frå september 1966, då statsministeren avslørte ein samordna aksjon mot posisjonen hans frå partifeller. Fleire og fleire på nasjonalistisk side mista dessutan trua på reformvelviljen til O’Neill, i takt med at politistyrkane slo hardhendt ned på borgarrettsdemonstrasjonar. Våren 1969 stilte 12 partifeller seg bak eit mistillitsframlegg mot O'Neill, samstundes som handelsminister Brian Faulkner gjekk av i protest mot at regjeringa nominerte medlemer til ein kommisjon som skulle granska valdsbruken i samband med ein borgarrettsdemonstrasjon. Terence O’Neill kunngjorde då nytt parlamentsval i februar 1969, der han sikta mot fleirtal for nokre borgarettsreformar, i skarp tevling med motkandidatar – også frå eige parti. Sjølv om kandidatar som støtta O’Neill vart den største gruppa i det nyvalde parlamentet, fekk han ikkje det ynskte fleirtalet, og han gjekk av som statsminister kort tid etter.

Handlingsrommet for reformar var lite, og konkrete reformsignal om borgarrettar kom for seint og var samstundes for lite for mange nasjonalistar og for mykje for mange unionistar. Det fanst likevel også grunnar til å mistru O’Neill sin politiske reformvilje. Så seint som i ei radiotale i mai 1969, like før han gjekk av som statsminister, uttrykte han eit svært nedlatande syn på det katolske mindretalet i Nord-Irland, pakka inn i tilsynelatande tolerante ambisjonar. Han hevda då at katolikkane ikkje lenger ville få 18 ungar oppfostra på statlege subsidiar dersom dei fekk arbeid, fjernsynsapparat, bilar og auka borgarrettar. Då ville dei, ifylgje O’Neill, leva som protestantar trass i den autoritære kyrkja dei sokna til.

Sjølvbiografiar og ettermæle

Den siste av dei to sjølvbiografiane O’Neill gav ut, utmerkjer seg på tre vis: Detaljrik omtale av eigen slektsbakgrunn, uvanleg omfattande omtale av alle dei internasjonale topp-politikarane han hadde møtt, og ramsalt kritikk av borgarrettsdemonstrantane i også eige parti og av einskildpersonar i og utanfor eige parti. Kritikarar i eige parti vart omtala som ekstremistar, og Ulster Unionist Party vart omtala som eit parti som aldri hadde stått for samfunnsendring. Demonstrantar i ein av marsjane til den radikale borgarrettsorganisasjonen Peoples Democracy vart dessutan omtala som ei patetisk og langhåra forsamling. Terence O’Neill hevda også at statsministerperioden hans var vellukka ved å betra tilhøvet mellom dei to folkegruppene. Dette var oppsiktsvekkjande lite realitetsorientert i ei bok som kom ut i det blodigaste året under the Troubles. Etter at han fekk plass i underhuset, trekte han seg meir og meir attende frå offentleg liv, og han døydde av kreft i 1990.

Den sterke kritikken av eige parti, Orangeordenen, Ian Paisley og andre leiande unionistar gjorde at Terence O’Neill fekk eit tydeleg negativt ettermæle blant svært mange unionistar, og den manglande evna og kanskje også viljen til demokratiserande reformar, gjorde at ettermælet heller ikkje var positivt blant nasjonalistane. Ettersom O’Neill var statsminister då the Troubles braut ut, har nok også dette farga ettermælet hans, sjølv om det er opplagt at Terence O’Neill åleine ikkje kan lastast for denne valdsbylgja.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Cochrane, Feargal (1996); «Meddling at the crossroads»: The decline and fall of Terence O’Neill within the unionist community. I English, Richard & Walker, Graham; Unionism in Modern Ireland. London, MacMillan Press.
  • Mulholland, Marc (2000); Northern Ireland at the crossroads. Ulster Unionism in the O’Neill years, 1960-9. London, MacMillan Press.
  • Mulholland, Marc (2013); Terence O’Neill. The Historical Association of Ireland/University College Dublin Press.
  • O’Leary, Brendan (2020); A treatise on Northern Ireland. Volume 2: Control. Oxford, Oxford University Press.
  • O’Neill, Terence (1969); Ulster at the crossroads. London, Faber & Faber.
  • O’Neill Terence (1972); The autobiography of Terence O’Neill. London, Rupert Hart-Davis.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg