James Craig

Faktaboks

James Craig
James Craig, 1st Viscount Craigavon of Stormont
Uttale
kreigˈævən
Født
8. januar 1871, Belfast, Irland (no i Nord-Irland)
Død
24. november 1940, Glencraig, Nord-Irland
James Craig var statsminister i Nord-Irland frå 1921 til han døydde i 1940. James Craig og kona, Cecil Mary Craig, fotografert i 1924.

Artikkelstart

James Craig var ein framståande irsk – seinare nord-irsk unionistpolitikar, paramilitær og militær organisator. Han var den fyrste statsministeren i Nord-Irland frå 1921 til han døydde i 1940. Han hadde også viktige politiske roller i London.

Han er mest kjend for å ha institusjonalisert og sikra Ulster Unionist Party (UUP) sin sterke dominans i Nord-Irland frå delinga av Irland i 1921, og for sin sterke motvilje mot det han rekna for å vera det illojale mindretalet i Nord-Irland.

Craig vart lyfta inn i aristokratiet med lågadelstittelen baronet i 1918 og fekk seinare den høgare adelstittelen viscount Craigavon of Stormont in The County of Down i 1927. Byen Craigavon i County Armagh er kalla opp etter han.

Bakgrunn

Faren til James Craig var ein velståande whiskeyprodusent i firmaet Dunville & Co, medan mora kom frå ein familie av velståande eigedomsinnehavarar. Craig etablerte seg som aksjemeklar i Belfast, men gjekk med i boarkrigen i Sør-Afrika som offiser i Royal Irish Rifles i 1900. Då krigen slutta i 1902, hadde han stige i gradane frå løytnant til kaptein, og hadde utmerkt seg som god organisator. Craig vart seinare oberstløytnant.

Politisk rolle

Då han kom heim frå boarkrigen, hadde han arva 100 000 pund etter faren. Han gjekk då etter kvart inn i politikken, og frå 1906 til 1920 var han unionistisk folkevald til Underhuset i London frå valkrinsane East Down og Mid Down. Han var og statssekretær i to ulike postar i det britiske regjeringsapparatet 1919–1921. Frå 1927 til 1940 hadde han plass i Overhuset i kraft av å vera viscount Craigavon of Stormont.

Etter ynskje og støtte frå Ulster Unionist Party (UUP) og Orangeordenen vart Edward Carson (tredje leiar for UUP) og James Craig (fjerde leiar for UUP) dei sentrale organisatorane for den paramilitære organisasjonen Ulster Volunteer Force (1913). Craig var sentral i våpen- og ammunisjonssmuglinga til UVF, og var avgjerande for den sterke mobiliseringa frå UVF til den britiske hæren, og særleg til den 36. (Ulster-) divisjonen under fyrste verdskrigen.

I 1921 vart han leiar for Ulster Unionist Party og vart fyrste statsminister i Nord-Irland. I det nye Belfast-parlamentet (Stormont) sat han frå same år, og var statsminister til han døydde.

Provoserande haldningar

Alt året før han vart statsminister, uttala han offentleg at han forsvara utdrivinga av katolikkar frå arbeidsplassar på hamna i Belfast. Han gav også seinare full støtte til unionistpartipolitikarar som ikkje ville tilsetja katolikkar. I 1934 hevda han også at parlamentet i Belfast var eit protestantisk parlament for eit protestantisk folk. Same året kunngjorde han òg at det nord-irske statsapparatet hadde sine eigne metodar for å finna ut om potensielle tilsette i offentlege stillingar var lojale.

I 1939 og 1940 kravde Craig at det skulle innførast ålmenn verneplikt i Nord-Irland – noko statsministrane Neville Chamberlain og Winston Churchill unnlét å gjera fordi dei visste det ville skapa sterke motreaksjonar blant nasjonalistane (dei som ynskte eit sameint Irland). Craig oppmoda også Churchill til å okkupera Irland med skotske og walisiske troppar for å kunne kontrollera irske hamner som kunne vera verdfulle i andre verdskrigen mot Nazi-Tyskland.

Eit svært delt ettermæle

James Craig var den viktigaste unionistpolitikaren i Nord-Irland på fyrste halvdel av 1900-talet. For mange av dei som har ynskt seg vidareføring av Nord-Irland som del av Storbritannia, var han sentral i den mobiliseringa som heldt Nord-Irland innanfor unionen. Desse vil òg rekna han som den sentrale personen som bygde Nord-Irland som ein «stat» med parlament, regjering og høg grad av indre sjølvstyre frå delinga av Irland i 1921. Utan dette – meiner mange unionistar – ville unionen aldri ha stått imot den væpna aktivismen for irsk samling som IRA og andre republikanske grupper har stått for. Dette er symbolsk uttrykt ved at gravstaden til Craig er på parlamentsområdet på Stormont.

Blant nasjonalistar i Nord-Irland er han tilnærma unisont fordømt som den hovudansvarlege for oppbygginga av Nord-Irland som ein diskriminerande stat. Som aktiv medlem i Orangeordenen og statsminister for Ulster Unionist Party hadde han eit vesentleg ansvar for at Nord-Irland aldri vart akseptert fullt ut blant dei som høyrde til det nasjonalistiske mindretalet.

Slik var det ikkje berre fordi mindretalet var prinsippielle nasjonalistar, men også fordi Craig si regjering kravde lojalitetsfråsegner til den britiske kongemakta, fastsette valreglar som var skreddarsydde for unionistpartiet, vedtok unnatakslovgjeving som var svært autoritær, bygde opp eit militarisert og valdeleg politi som var fiendtleg til minoriteten i Nord-Irland og dessutan såg til at unionistar vart favorisert på bustadmarknaden, i arbeidslivet og innanfor utdanningssektoren. Det regimet James Craig etablerte, peikte såleis fram mot borgarrettsprotestane mot slutten av 1960-åra, og måten dei vart handert på – som leidde inn i the Troubles (åra 1969–1998).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Bew, P. (1979); The State in Northern Ireland, 1921-72. Political Forces and Social Classes. Manchester University Press.
  • Daly, T.P. (2002); The early political career of James Craig 1903-1914. PhD dissertation. University of Ulster.
  • Buckland, P. (1980); James Craig: Lord Craigavon. Gill and Macmillan.
  • Harbinson, J.F. (1973); The Ulster Unionist Party 1882-1973. Its development and organization. Blackstaff Press.
  • Loughlin, J. (2016); Ulster Unionism and British national Identity since 1885. Cambridge University Press.
  • Shearman, H. (1942); Not an Inch. A study of Northern Ireland and Lord Craigavon. Faber.
  • Walker, G. (2004); History of the Ulster Unionist Party. Protest, Pragmatism and Pessimism. Manchester University Press.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg