Logoen til Ulster Volunteer Force (UVF)
Logoen til Ulster Volunteer Force (UVF). Den raude handa er eit kjend Ulsterunionistisk symbol.

Ulster Volunteer Force (UVF) er namnet på to paramilitære unionsvenlege organisasjonar i Nord-Irland, den eine skipa i 1913 og den andre i 1966.

UVF (1913) kan reknast som den militære fløya av Ulster Unionist Party og Orangeordenen, og ville vera eit forsvar mot Home Rule i Ulster og mot republikanarar (folk som ynskte ein sjølvstendig irsk republikk).

Det UVF som vart skipa i 1966, sprang ut av redsle for at Ulster Unionist Party skulle verta for liberalt – det vil seia oppretta tettare samband med Dublinregjeringa og gje etter for krav om demokratiske reformar i Nord-Irland.

Båe UVF-organisasjonane har vore involverte i valdelege aksjonar og drap.

Ulster Volunteer Force (1913)

Ulster Volunteer Force (UVF)
UVF-hæren som vart skipa i 1913. Foto frå Belfast, truleg i 1914.

Mobilisering og krigsdeltaking i fyrste verdskrigen

Edward Carson og UVF
Edward Carson var blant dei som grunnla UVF. Innsatsen hans bidrog sterkt til at det protestantiske Nord-Irland heldt fram i union med Storbritannia då resten av Irland vart sjølvstendig i 1921.

I januar 1913 vedtok partileiinga for Ulster Unionist Party (UUP) å skipa Ulster Volunteer Force (UVF). Dette hadde vore planlagt av eit hemmeleg partiutval fleire år tidlegare. Hovudsiktemålet var å visa musklar i den sterke mobiliseringa mot heimestyre («Home Rule») for øya Irland, som den gongen var underlagt Storbritannia. Hausten 1912 hadde 237 368 menn skrive under Ulster-pakta i protest mot Home Rule, berre nokre få tusen av desse budde utanfor dei ni historiske Ulstergrevskapa. Om lag like mange kvinner protesterte også. Ulster Unionist Party ynskte 100000 menn mellom 17 og 65 år og som hadde skrive under på Ulster-pakta i ein unionistisk militia.

UVF starta raskt drilløvingar og møteverksemd hjå venlegsinna landeigarar og i lokale Orangehallar. Før året var omme hadde organisasjonen kome opp i 90 000 medlemer i dei ni grevskapa i Ulsterprovinsen. I starten måtte øvingane stort sett skje med våpenreproduksjonar i tre, men få månader føre fyrste verdskrigen braut ut, vart det smugla inn 25 000 skytevåpen og mellom tre og fem millionar ammunisjonsrundar frå Tyskland til hamnene i Larne, Bangor og Donaghadee i Nord-Irland.

UVF-medlemer utgjorde store delar av 36. (Ulster)-divisjonen, som var ein infanteridivisjon i den britiske hæren som sloss på vestfronten under fyrste verdskrigen.

Mellomkrigstida

Etter fyrste verdskrigen, under den irske frigjeringskrigen (1919–1961) og vidare etter delinga av Irland i 1921, var det ny UVF-mobilisering. UVF vart absorbert inn in Ulster Special Constabulary (B-specials) som vart den nye reservepolitistyrken i Nord-Irland, dette har vore rekna som den mest brutale og religionssekteriske delen av politistyrkane i Nord-Irland etter delinga.

At UVF fyrst gjekk inn i den britiske hæren i fyrste verdskrigen, seinare vart mobilisert til kamp mot republikanarane i frigjeringskrigen og i striden mot kløyvinga av Irland var ikkje noko tilfelle.

To av dei sentrale personane i UVF-historia var Edward Carson og James Craig. Dei var tredje og fjerde partileiar for Ulster Unionist Party. Det seier mykje om kor sentrale desse har vore i den unionistiske tradisjonen i Nord-Irland at Craig vart den fyrste statsministeren i Nord-Irland (1921–1940) og at ein Edward Carson-statue står på æresplass i oppkøyringa til det staselege parlamentsbygget på Stormont aust for Belfast sentrum.

Ulster Volunteer Force 1966

Ulster Volunteer Force (UVF)
UVF-venleg grafitti i Belfast. Foto frå 2007.

Våren 1966 stod UVF for dei fyrste valdelege aksjonane og drapa på lang tid i Nord-Irland. Dei kasta då bensinbomber mot ein katolsk barneskule, ein katolskdrive pub og ein konferanse på ei katolsk lærarutdanning. Dei skaut og mot heimen til ein kjend unionistpolitikar i von om at IRA skulle få skulda for dette.

21. mai 1966 sende UVF ut ei pressemelding der det heitte: «Frå i dag, er me i krig med IRA og utbrytargruppene deira. Kjende IRA-menn vil verta avretta utan nåde og utan å nøla. Mindre ekstreme tiltak vert retta mot dei som hjelper IRA, men om hjelpa ikkje tek slutt, vil meir ekstreme tiltak koma. […] Me åtvarer styresmaktene sterkt mot fleire forsoningsutspel. Me er tungt væpna protestantar som er overtydde i vår tru på saka.»

UVF aksjonerte ofte under dekknamna Red Hand Commando (RHC), Protestant Action Force (PAF) og Protestant Action Group (PAG). Dei kunngjorde tidleg at dei hadde planar om å drepa IRA-medlemer, og både IRA-medlemer og medlemer i republikanske utbrytargrupper var mål for Ulster Volunteer Force. I fylgje 2014-tal frå Conflict Archive on the Internet (CAIN) var det massive fleirtalet av dei 555 som vart drepne av UVF eller deira andre organisasjonsdekknamn etter 1969 sivile – om lag 85 prosent. Meir enn 2/3 av UVF-drapsofra var sivile katolikkar utan republikansk organisasjonstilknyting.

UVF hadde nære band til partiet Progressive Unionist Party (PUP). I motsetnad til andre unionistparti var dette partiet venstreorientert. Partiet var aldri stort, men hadde i fleire periodar representasjon i Belfast City Council og i Northern Ireland Assembly. Partileiaren Hugh Smyth var Lord Mayor i Belfast 1994–1995. Progressive Unionist Party støtta og Langfredagsavtala i 1998.

I etterkant av IRA si våpenkvile i 1994 kunngjorde Combined Loyalist Military Command våpenkvile på vegner av alle lojalistiske organisasjonar. Denne vart tidsvis brote av UVF, og i 1996 braut UVF-medlemer som var misnøgde med Langfredagsavtala og våpenkvile ut av UVF og skipa Loyalist Volunteer Force (LVF). Dette leidde til tidvise valdelege feidar mellom ulike tidlegare UVF-fraksjonar.

I åra 2007–2009 pågjekk avvæpning av Ulster Volunteer Force og Red Hand Commando. Desse skulle gjera det umogeleg å bruka våpna på nytt. Seinare valdshandlingar, deltaking i organisert kriminalitet, blant anna narkotikakriminalitet, gjev grunn til å mistenkja at restar av UVF framleis er aktive. Så seint som i 2010 har det vore hevda at UVF framleis hadde oppimot 300 medlemer, snautt 1/3 av talet på aktive på høgdepunktet i 1970-åra.

Kjende UVF-aksjonar

Minnemonument for dei drepne etter Dublin- og Monaghanbombene i 1974 i Talbot street, Dublin. På baksida av monumentet står namnet på dei andre som vart drepne.

I 1971 stod UVF bak åtaket på McGurk’s Bar i Belfast. Dette tok livet av 15 sivile katolikkar, og er den dødelegaste einskildaksjonen i Belfast under «the troubles» (1968–1998). Politietterforskinga frå Royal Ulster Constabulary gjekk lenge ut på å stadfesta at dette var ei IRA-bombe som hadde detonert på «heimeterritoriet» ved eit uhell. Ofra har seinare skulda politiet for medvite å leggja skulda på feil organisasjon. Fyrst i 1977 vart UVF-medlemer dømde fo dette åtaket.

Nokre UVF-aksjonar skjedde også i republikken Irland. I mai 1974 stod dei bak Dublin- og Monaghan-bombingane – fire bilbombar som detonerte med korte mellomrom i Dublin og Monaghan. Desse tok livet av 33 personar, skadde om lag 300 og var det mest dødelege samordna åtaket under «the troubles». Det har vorte framført påstandar om at den britiske staten hjelpte UVF til å utføra denne aksjonen, og eit dokumentarprogram på den irske statskringkastinga RTÉ i 2018 meinte dette var prova.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Buckland, P. (1973); Irish Unionism, 1885-1923. A documentary History. Stationery Office Books.
  • Cusack, J. & McDonald, H. (1997); UVF. Poolbeg.
  • Gallaher, C. (2007); After the Peace. Loyalist Paramilitaries in Post-accord Northern Ireland. Cornell University.
  • Nelson, S. (1984); Ulsters Uncertain Defenders. Protestant Political Paramilitary and Community Groups and the Northern Ireland Conflict. Appletree Press.
  • Taylor, P. (1999); Loyalists. Bloomsbury Publishing.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg